Flåm har fått betre tryggleik mot flaum

- Sikringa har kosta totalt 45 millionar kroner. Anlegget er laga for å betre tryggleiken for busetnad, skule, landbruk og viktig infrastruktur, fortel skred- og vassdragsdirektør i NVE, Anne Britt Leifseth.
Tre kilometer av elvekanten frå Lunden bustadfelt til Leinafoss kraftstasjon er sikra med flaum- og erosjonssikring. I tillegg er det fjerna 55.000 kubikkmeter avlagra lausmassar over ei strekning på to kilometer frå utløp i fjorden ved Flåm sentrum til Lunden bustadfelt.
- Under flaumen i 2014 var det store øydeleggingar, store områder som forsvann og særleg skulen vart hardt råka. Dette vart eit prioritert område i krisehandteringa. Det har vert eit omfattande prosjekt med handtering av store mengder masser for å etablere områda på nytt, fortel Leifseth.
Overleveringa vart markert med synfaring. Etterpå vart overtakingsprotokollen signert av direktør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE, Anne Britt Leifseth og ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad.
- Aurland kommune vil føre tilsyn og vedlikehald med sikringsanlegget, seier Leifseth.
Betre for både folk og fisk
Flåmselvi er eit verna vassdrag og nasjonalt laksevassdrag. Ein viktig del av arbeidet var å legge til rette for gode oppvekst- og levekår for fisk. Biologisk fagkompetanse har vore med under planlegging og utføring av sikringstiltaket.
- For å betra levetilhøva for fisk har vi lagt ut meir enn 2000 blokkstein i elva, bygd oppatt elveløpet, laga kulpar og lagt ut om lag 10 000 kubikkmeter gytegrus. Det er gledelig at laksen er observert tilbake i elva, fortel Leifseth.
- Dei tekniske løysingane tek vare på sikringsaspektet samstundes som ein tek omsyn til kommunale behov og prioriteringar, seier Leifseth.
Arbeidet med flaumsikringa er utført av NVE si anleggseining med innleigde underentreprenør og med eksterne entreprenørar. Totalt blei det utført oppdrag med lokale kontraktar for 35 millionar kroner.
Godt samarbeid mellom Aurland kommune og NVE har gitt gode sikringstekniske løysingar og betra tilhøve for livet i elva.
Fakta vestlandsflaumen oktober 2014
- NVE fekk innmeldt over 100 meldingar frå kring 50 kommunar – behov for mogleg bistand til sikringstiltak. Det meste handterer kommunane sjølve, også ein del naturskade.
- NVE kostnadsberekna behov for tilleggsbevilling til sikring på kr 216 mill.
- Regjeringa innvilga kr. 216 mill. til flaumen på Vestlandet i 2014.
- Totalt 58 tiltak i 19 kommunar i 3 fylker utført/bygd etter flaumen.
- Ved eit eventuelt besøk i 5. juni 2018 vil ein kunne treffe/besøke folk som er ramma av flaumen og få deira historie knytt til hendinga og sikringsarbeidet i etterkant
For å se denne videoen, må du gi ditt samtykke øverst på denne siden.Dronefilm med tekstplakatar opp langs vassdragetVideokanal
Kontakter
Brigt Samdal, regionsjef NVE region vest mobil: 907 48 238
NVE sin pressetelefon: 489 97 667
Bilder

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
NVE fastsetter utredningsprogram for reindrift og nett i Finnmark25.6.2025 15:49:53 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat har nå fastsatt utredningskrav om reindrift for de 11 vindkraftsakene i Finnmark. Samtidig er det satt krav til hva som må utredes for to kraftledninger i fylket.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom