Miljødirektoratet

Fire nye naturtypar på redningslista til direktorata

Del
Ei breitt samansett direktoratsgruppe tilrår ein felles innsats for dei fire trua naturtypane sørleg sukkertareskog, delta, kjelde-edellauvskog og rik, open sørleg jordvannsmyr.
Kilde-edellauvskog er ein våtmarksskogtype dominert av edellauvtreslag. Den finst i område tilknytta kalkrike kjelder, til dømes i kanten av større myrar, ved innsjøar og andre område med periodevis høg vasstand. Foto: Sigve Reiso, Naturarkivet.no. Biletet frå Naturarkivet kan brukast av pressa knytt til redaksjonell dekning av innhaldet i denne konkrete pressemeldinga frå Miljødirektoratet. Biletet frå Naturarkivet skal ikkje lagrast i arkiva til avisa for seinare bruk. Avtalar om bruk utover dette må gjerast med Naturarkivet.no.

– Det er energistyresmaktene som styrer vassføringa i regulerte elvar, landbruksstyresmaktene som regulerer gjødselbruken i landbruket og kommunane som bestemmer kva areal som skal byggjast ut. For å redde den mest sårbare naturen må vi gjere slik vi har blitt einige om i naturavtalen frå Montreal: omsyn til verdien av naturen må takast av alle relevante styresmakter, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Ei direktoratsgruppe leidde av Miljødirektoratet tilrår å leggje til dei fire kritisk og sterkt trua naturtypane delta, sørleg sukkertareskog, kjelde-edellauvskog og rik, open sørleg jordvannsmyr i Oppfølgingsplanen for trua natur.

I dag blir 23 artar og 12 naturtypar følgt opp spesielt gjennom denne planen, som er vedtatt av regjeringa.

Dei fire naturtypane som blir foreslåtte tatt inn i lista er alle kritisk eller sterkt trua. Fleire av desse naturtypane har Noreg eit særansvar for, då dei har ein vesentleg del av utbreiinga si her.

Les meir om kvar enkelt naturtype nedst i denne saka.

Bidreg til klimatilpassing og klimaomstilling

– Ideen med oppfølgingsplanen for trua natur er å sjå på kva tiltak vi kan gjere for den mest sårbare og trua naturen. Slik samanfell planen godt med det fjerde målet til naturavtalen om å setje i verk forvaltningstiltak for å bremse menneskeskapt risiko for utrydding av trua artar, seier Hambro.

Direktorata tilrår no departementa sine å prioritere ein felles innsats for å betre raudliste-statusen for desse naturtypane innan 2035. I tillegg har dei involverte sektorane gitt forslag til korleis dei sjølv kan bidra til å oppnå dette.

– Dette er også naturtypar som bidreg til naturbaserte løysingar for klimatilpassing og klimaomstilling gjennom å lagre karbon, halde tilbake vatn og verne mot flaum, seier Hambro.

Direktoratsgruppa blir leidd av Miljødirektoratet, og består i tillegg av Fiskeridirektoratet, Forsvarsbygg, Jernbanedirektoratet, Landbruksdepartementet, NVE, Statens vegvesen, Direktoratet for mineralforvaltning og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Hvis du vil se dette innholdet fra arcg.is, gi ditt samtykke øverst på denne siden.

Fleire prosjekt er sett i gang

Arbeidet med oppfølgingsplanen for trua natur blei starta opp i 2021. Allereie ser vi resultat av planen. For fleire av naturtypane og artane som er lista opp er det igangsett store prosjekt.

– I Innlandet går det føre seg skjøtsel av førekomstar med stjernebønnelav, i Finnmark blir den sjeldne og freda arten sibirnattfiol kartlagt, rundt Oslofjorden blir framande artar fjerna for å bevare artsrik grunnlendt kalkmark og frå Lista i sør til Steigen i nord blir naturtypen sanddynemark restaurert, seier Hambro.

I rettleiaren som er laga for dei aktuelle styresmaktene kan du lese meir om planen og sjå kart over kjende forekomster:

https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/arter-naturtyper/truede-arter-og-naturtyper/oppfolgingsplan-for-trua-natur/

Her kan du lese meir om dei fire naturtypane

Sjå vedlegg for bilete av naturtypane.

Delta

Eit delta er eit område som blir danna der elv møter meir stilleståande vatn og elvetransportert materiale blir då sedimentert frå elvemunningen. Det finst over heile Noreg.

Delta er viktige hekke- og rasteplassar for våtmarksfuglar, habitat for pollinatorar og kan binde store mengder karbon.

Delta inngår i Bernkonvensjonens liste over naturtypar som treng spesielle bevaringstiltak, og er rekna som ein sårbar naturtype.

Slik vil sektorane forbetre raudlistestatusen for delta:

  • Planstyresmakter kan bruke plan- og bygningsloven til å sikre delta mot utbygging.
  • NVE skal prioritere å jobbe med å sikre vassføring i vassdraga som vil gi mest vinn-vinn-situasjonar.
  • Miljødirektoratet skal auke kompetansen sin på å restaurere delta som er ringast.

Spesielt relevante mål frå naturavtalen:

  • Mål 2 om å restaurere meir natur
  • Mål 8 om naturbaserte løysingar for klimatilpassing og klimaomstilling
  • Mål 11 om å bevare økosystemtenester som desse naturtypane gir til samfunnet

Les meir om elvedelta på Miljøstatus: https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/ferskvann/elvedelta/

Sørleg sukkertareskog

Sukkertareskog finst langs heile norskekysten i dei meir beskytta delane frå fjøra og ned til 20 meters djup. Sørleg er den delen som finst i Nordsjøen og Skagerrak, der den største delen av bestanden finst i Vestland fylke.

Den har over 60 større artar, til dømes børstemark, små krepsdyr, blautdyr m.m. Det store mangfaldet er viktig for stabile økosystem og for råvareproduksjon langs kysten.

Sukkertare kan ta opp næringssaltar og CO2 og dermed reinse vatnet for uønskte utslepp.

Vi er forplikta gjennom Ospar-konvensjonen til å ta særleg omsyn til sørleg sukkertareskog, og naturtypen er sterkt trua.

Slik vil sektorane forbetre raudlistestatusen for sørleg sukkertareskog:

  • Fleire sektorar, til dømes kommunar, oppdrettsnæring og jordbruk, må redusere forureining frå sektoren sin.
  • Fiskerisektoren bør styrkje kystbestandane av artar høgt oppe i næringskjeda, slik som kysttorsk.

Spesielt relevante mål frå naturavtalen:

  • Mål 7 om å redusere forureining
  • Mål 8 om naturbaserte løysingar for klimatilpassing og klimaomstilling
  • Mål 11 om å bevare økosystemtenester som desse naturtypane gir til samfunnet

Les meir om sukkertare og sjå bilete på miljøstatus: https://miljostatus.miljodirektoratet.no/sukkertare

Kilde-edellauvskog

Kilde-edellauvskog er ein våtmarksskogtype dominert av edellauvtreslag. Den finst i område tilknytta kalkrike kjelder, til dømes i kanten av større myrar, ved innsjøar og andre område med periodevis høg vasstand.

Skogtypen har små førekomstar langs heile kysten frå Oslofjorden til Nordfjord i Sogn og Fjordane, og har truleg også små utpostar lengre nord. Større førekomstar av varmekjær kjeldelauvskog er avgrensa til Oslofjordsområdet og enkelte område på Vestlandet.

Det er fleire raudlista artar knytt til naturtypen. Det er registrert 60 raudlista lavartar og 40 raudlista vedbuande sopp knytt berre til grov ask som opptrer i kjeldeskog.

Slik vil sektorane forbetre raudlistestatusen for kjelde-edellauvskog:

  • NVE og skogbruket skal jobbe med å vareta kjelde-edellauvskog.
  • Miljødirektoratet må auke kartlegginga av kjelde-edellauvskog, slik at vi veit kva område vi skal vareta og kva område som må restaurerast.

Spesielt relevante mål frå naturavtalen:

  • Mål 2 om å restaurere meir natur
  • Mål 8 om naturbaserte løysingar for klimatilpassing og klimaomstilling
  • Mål 11 om å bevare økosystemtenester som desse naturtypane gir til samfunnet

Rik, open sørleg jordvannsmyr

Rik, open sørleg jordvannsmyr er sterkt- til ekstremt kalkrik jordvannsmyr og er knytt til område med baserik grunn i låglandet.

Det er mange trua artar knytt til rikmyr. Totalt er det kjent åtte mosar og 35 karplantar. Den er artsrik og har derfor stor betydning for pollinatorar.

Myr er den hovudnaturtypen som lagrar mest karbon per arealeining. Rikmyr er blant dei myrtypene som er minst viktige som karbonlager, men samtidig er betydninga større enn for dei fleste andre naturtypar på fastmark.

Rikmyr er sterkt trua og inngår i Bernkonvensjonens liste over naturtypar som treng spesielle bevaringstiltak.

Slik vil sektorane forbetre raudlistestatusen for rik, open sørleg jordvannsmyr:

  • Jordbruket kan vareta rikmyr betre gjennom nydyrkingsforskrifta i arbeida sine.
  • Miljødirektoratet kan vareta rikmyr gjennom arbeidet sitt med verneområde, til dømes ved å opprette nye verneområde eller justere grensene på eksisterande verneområde.
  • Miljødirektoratet kan prioritere rikmyr i våtmarksrestaureringa si.

Spesielt relevante mål frå naturavtalen:

  • Mål 2 om å restaurere meir natur
  • Mål 8 om naturbaserte løysingar for klimatilpassing og klimaomstilling
  • Mål 11 om å bevare økosystemtenester som desse naturtypane gir til samfunnet

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag

Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.

Tel:40 10 38 00presse@miljodir.no

Bilder

Kilde-edellauvskog er ein våtmarksskogtype dominert av edellauvtreslag. Den finst i område tilknytta kalkrike kjelder, til dømes i kanten av større myrar, ved innsjøar og andre område med periodevis høg vasstand. Foto: Sigve Reiso, Naturarkivet.no. Biletet frå Naturarkivet kan brukast av pressa knytt til redaksjonell dekning av innhaldet i denne konkrete pressemeldinga frå Miljødirektoratet. Biletet frå Naturarkivet skal ikkje lagrast i arkiva til avisa for seinare bruk. Avtalar om bruk utover dette må gjerast med Naturarkivet.no.
Kilde-edellauvskog er ein våtmarksskogtype dominert av edellauvtreslag. Den finst i område tilknytta kalkrike kjelder, til dømes i kanten av større myrar, ved innsjøar og andre område med periodevis høg vasstand. Foto: Sigve Reiso, Naturarkivet.no. Biletet frå Naturarkivet kan brukast av pressa knytt til redaksjonell dekning av innhaldet i denne konkrete pressemeldinga frå Miljødirektoratet. Biletet frå Naturarkivet skal ikkje lagrast i arkiva til avisa for seinare bruk. Avtalar om bruk utover dette må gjerast med Naturarkivet.no.
Last ned bilde
Eit delta er eit område som blir danna der elv møter meir stilleståande vatn og elvetransportert materiale  blir då sedimentert frå elvemunningen. Foto: Kim Abel, Naturarkivet.no. Biletet frå Naturarkivet kan brukast av pressa knytt til redaksjonell dekning av innhaldet i denne konkrete pressemeldinga frå Miljødirektoratet. Biletet frå Naturarkivet skal ikkje lagrast i arkiva til avisa for seinare bruk. Avtalar om bruk utover dette må gjerast med Naturarkivet.no.

Myrflangre er ein av mange trua artar knytt til rikmyr. Totalt er det kjent åtte mosar og 35 karplantar. Foto: Sigve Reiso, Naturarkivet.no. Biletet frå Naturarkivet kan brukast av pressa knytt til redaksjonell dekning av innhaldet i denne konkrete pressemeldinga frå Miljødirektoratet. Biletet frå Naturarkivet skal ikkje lagrast i arkiva til avisa for seinare bruk. Avtalar om bruk utover dette må gjerast med Naturarkivet.no.

Om Miljødirektoratet

Miljødirektoratet
Miljødirektoratet
Postboks 5672 Torgarden
7485 Trondheim

73 58 05 00https://www.miljodirektoratet.no

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye