Fem råd for trafikksikker sykling om våren
30.3.2021 07:00:00 CEST | Trygg Trafikk | Pressemelding

Syklisten er meir skadeutsett enn andre
Både syklistar og fotgjengarar har høgare risiko for å bli skadd enn dei som ferdast i bil eller kollektivt. Tal frå Sverige viser at faktorar knytt til drift og vedlikehald bidreg til nesten halvparten av alvorlege singelulykker på sykkel. Effektiv drift og vedlikehald kan redusera risikoen for ulykker blant mjuke trafikantar. – Det er ein ambisjon for stadig fleire kommunar, fylkeskommune og staten at fleire skal gå og sykla. Då må det vera eit godt tilbod for mjuke trafikantar året rundt, særleg kring tettbygde strøk, seier Knut Olav Røssland Nestås, regionleiar i Trygg Trafikk Vestland.
Vegane må få eit løft
Ansvaret for drift og vedlikehald langs vegane er fordelt på fleire vegeigarar som kommune, fylkeskommune og Statens vegvesen. Frå offisielle skadetal veit me at syklistar er meir risikoutsette enn andre trafikantgrupper, og det er i tillegg store mørketal med fleire tusen skadde. Derfor oppmodar Trygg Trafikk no om at utbetringar, drift og vedlikehald av vegnettet vert prioritert høgt framover, inkludert sykkelfelta og gang- og sykkelvegane.
Trafikksikring for syklister
Trygg Trafikk meiner at trafikksikringsarbeidet for syklistar bør ha same tilnærming som for andre trafikantgrupper, det vil sei at ein både satsar på infrastruktur, syklisten som trafikant og sykkelen som køyretøy. I tillegg er det viktig at trafikantgruppene sjølve jobbar for betre samhandling seg imellom, og at det vert satsa på kampanjar, opplæring og anna.
– Syklisten er komen for å bli og det er store ambisjonar om at fleire skal gå og sykla i framtida. Det er viktig å hugsa på at alle har eit ansvar for å ta omsyn til kvarandre i trafikken, påpeikar Nestås.
Fem råd for trafikksikker sykling i by og land:
Trygg Trafikk kjem derfor med fem råd for vidare sykkelsatsing til myndigheitene og syklistane i tida som kjem:
1) Planlegg for samanhengande og intuitive sykkelvegnett: Eit samanhengande vegnett er viktig for ei kvar trafikantgruppe, også for syklistane. Vegnettet må vera intuitivt, og det må særleg leggast vekt på sikre løysingar ved kryssing av andre vegar for å førebyggja konfliktar og ulykker. Skilt og oppmerking bør nyttast i større utstrekning for å tydeleggjera kven som har vikeplikt. Nokre stader kan det også vera gunstig å vikepliktsregulera i favør syklistar, men då må det bli lagt vekt på at løysinga er trafikksikker.
2) Invester i eigne areal for syklande – når planane er på plass er det viktig at ein investerer og sikrar ei betre og meir trafikksikker sykkeltilrettelegging både i by og distrikt. Det fremjar bruken og aukar tryggleiksnivået.
3) Prioriter drift og vedlikehald - det er ikkje godt nok å kosta grus og skit ut på sida av vegen inn i sykkelfelta, eller opp på fortaua og gang- og sykkelvegane. Arealet for mjuke trafikantar må ryddast skikkeleg, og slik sett likestillast med anna vegareal. I tillegg må hol, sprekker og anna utbetrast. Betre drift og vedlikehald vil gjera det sikrare å sykla og føra til færre eineulukker for syklistar.
4) Sats på opplæring: Kommunar må jobbe aktivt med opplæring i oppvekstsektoren, i tråd med rammeplan for barnehage og læreplanverket for grunnskulen. Det vil bidra til å sikra betre trafikal kompetanse hjå dei som i framtida skal gå og sykla på vegane våre. Våren er ei fin tid for å retta merksemda mot sikker sykling for både små og store.
5) Syklisten sjølv må hugsa: Å gjennomføra ein vedlikehaldssjekk av sykkelen, sjekk særleg bremser og luft i dekka. For å forlenga levetida på sykkelen er det lurt å vaska og vedlikehalda sykkelen regelmessig. Trygg Trafikk tilrår bruk av hjelm uavhengig av om sykkelturen er kort eller lang. Sist, men ikkje minst: Hugs påbode utstyr. I tillegg til gode bremsar bak og framme, er det påbode med ringeklokke og refleksar. Lys i mørket er også påbode.
Nøkkelord
Kontakter
Christoffer Solstad SteenSenior kommunikasjonsrådgiver
Tel:91888799steen@tryggtrafikk.noKnut Olav Røssland NeståsRegionleder, Vestland
Tel:41 20 61 32nestas@tryggtrafikk.noBilder

Om Trygg Trafikk
Trygg Trafikk jobber for at færrest mulig skal omkomme eller bli hardt skadd i trafikken. Vi er tilstede i alle landets fylker. Trygg Trafikk er både samarbeidspartner og pådriver overfor myndigheter og bedrifter. Vi er også et bindeledd mellom frivillige aktører og myndigheter.
Følg pressemeldinger fra Trygg Trafikk
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Trygg Trafikk på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Trygg Trafikk
Edelmot-skaperne designet årets refleks: handler om å bli sett3.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Å bli sett er et viktig tema i den populære bokserien Edelmot. Nå har skaperne Victor Sotberg og Odin Helgheim designet årets refleks for Trygg Trafikk.
I sommer har 41 trafikanter mistet livet1.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
I løpet av sommermånedene juni–august omkom 41 personer i trafikken. Det er en nedgang fra 46 i samme periode i fjor.
Advarer mot elsparkesykler langs skoleveien19.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Elsparkesykler har gjort skoleveien mer uoversiktlig og utrygg. – De minste barna er særlig utsatt når vinglete elsparkesyklister kommer susende på gangveien, mener Trygg Trafikk.
Selvkjørende biler: Er vi klar for å slippe rattet?11.8.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
EU-systemet er under stort press om å godkjenne såkalt selvkjørende biler på europeiske veier. – Ny teknologi har potensial til å redde mange liv i trafikken, men den er fortsatt umoden, mener Trygg Trafikk.
Skolestart: Nå skal 600 000 barn ut på veien10.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå er det skolestart, og trafikkbildet endrer seg. Snart myldrer det av spente barn, og en god del av dem er på vei til skolen for første gang.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
