Fellesprosjektet Arna-Stanghelle: Søknad om sjødeponi i Sørfjorden er godkjend
19.6.2023 10:59:20 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Løyve gjeld for deponering av inntil ni millionar kubikk tunnelmassar fordelt på tre deponi. Det er planlagd eitt sjødeponi for kvar tunnelstrekning. Deponia vil liggje attmed land der fjorden er brådjup. Høgaste fyllingshøgd er 50 meter under fjordoverflata.
— Statsforvaltarens løyve er ei viktig milestolpe for prosjektet. Den nye løysinga for veg og bane mellom Arna og Stanghelle går i tunnel. No har vi ei godkjend løysing for deponering av massar og det eit viktig steg for prosjektet, seier prosjektsjef Katrine Sælensminde Erstad.
Kostnadseffektivt og gjev lågare klimagassutslepp
Med eit så stort masseoverskot er sjødeponi det einaste realistiske alternativet for større delar av tunnelmassane i Fellesprosjektet. Løysinga gjev betydeleg lågare kostnader og klimagassutslepp enn andre alternativ, og konsekvensutgreiinga viser at det ikkje vil vere vesentlege langsiktige miljøkonsekvensar. Svært viktig for prosjektet er det at sjødeponi sikrar effektiv tunneldrift i anleggsfasen. Omsyn til trafikktryggleik, trafikantar og lokalsamfunn gjer det tilnærma umogleg å frakte vekk alle massane via vegnettet. Transport over større avstandar er heller ikkje gunstig når det gjeld klimagassutslepp.
Prosjektet har arbeidd i fleire år med å undersøkje alternativ for handtering av massane og det er gjort grundige undersøkingar av påverknad på naturmiljø, plastforureining, støy og trafikk.
— Våre utgreiingar syner at deponi i sjø totalt sett er det beste alternativet. Vi jobbar kontinuerleg for å finne balanse mellom påverknad på miljø, kostnad og konsekvens for lokalmiljøa langs strekninga, fortel Sælensminde Erstad.
Sjødeponi må sjåast i samanheng med alternativa
Sælensminde Erstad seier vidare at forslaget om sjødeponi må sjåast i samanheng med kva som vil vere alternativa. All annan deponering eller bruk av tunnelmassen på land eller i sjø har og miljøkonsekvensar.
— Sjødeponia som er godkjende har stort volumpotensial, og kan difor og erstatte to av dei regulerte landdeponia som har låg eller ingen nytte til etterbruk slik at ein kan unngå unødige inngrep og miljøkonsekvensar på land.
Har utvikla ei ny løysing
Potensialet for negative miljøverknader av sjødeponia gjeld i all hovudsak i anleggsfasen. Mest kritisk er det å hindre spreiing av finstoff (silt og leire) i fjorden.
Fellesprosjektet har jobba med optimalisering av deponiløysinga og utvikla eit nytt, lukka system for å føre steinmassar og finstoff ned til eit sikkert djup via sjakter i fjell. Gjennom tverrslag i tunnelane vil massane bli transportert til lukka sjakter og deponert direkte i Sørfjorden. Den nye løysinga vil spare kostnadar, redusere risiko, og vere positiv for omgjevnadene.
Reguleringsplanen legg opp til at steinmassane skulle førast ned via lange stålrøyr frå midlertidige, flytande kaianlegg. Med sjaktløysinga er det ikkje lenger behov for dei planlagde kaianlegga. Det at handtering av stein skjer inne i fjellhallar er ei klar forbetring samanlikna med ei utandørs kailøysning der lastebilar tippar tunnelstein i stålrøyr.
Sjaktløysinga krev reguleringsendring
Den nye sjaktløysinga krev reguleringsendring. I hovudsak gjeld det endringar i fjell med fjellhallar og endra trasear for tilkomst- og transporttunnelar. Det vil også vere behov for enkelte reguleringsendringar i dagsonene. Den største endringa vil vere at sjødeponi ved Romslo vert flytta til lokaliteten Naustvika noko lenger aust.
I samråd med kommunane Bergen, Vaksdal og Samnanger vil Statens vegvesen / Bane NOR varsle oppstart av reguleringsendring før sommaren 2023. Dette vert kunngjort med annonser og varsla med brev til dei grunneigarane som vert råka. Fellesprosjektet tek sikte på å legge fram eit planforslag til offentleg høyring hausten 2023. Arbeidet med planframlegget vil skje i tett dialog med kommunane som er planmyndigheit og som skal vedta planendringane.
Nøkkelord
Kontakter
Katrine Sælensminde ErstadProsjektsjef Fellesprosjektet Arna-StanghelleStatens vegvesen/Utbyggingsdivisjonen
Tel:416 80 912katrine.saelensminde.erstad@vegvesen.noBilder


Lenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Venter ekstremt kraftig vind i Sør-Norge: – Vurder om du kan kjøre før uværet slår inn!3.4.2026 16:18:59 CEST | Pressemelding
Ekstremværet «Dave» slår inn over deler av Sør-Norge fra søndag formiddag, 1. påskedag. Veiforbindelser kan bli stengt på kort varsel.
Når våren kommer, øker risikoen i trafikken1.4.2026 06:30:00 CEST | Pressemelding
Seks mennesker mistet livet i trafikken i mars. Totalt har 23 personer omkommet i trafikkulykker i årets tre første måneder, sammenlignet med 13 i samme periode i fjor.
Husk å påregistrere kjøretøyet før du drar på tur i påska30.3.2026 08:42:19 CEST | Pressemelding
Påsken er høysesong for utfart. Før du legger ut på tur må du å sjekke at kjøretøyet er påregistrert!
E6 Raudhammartunnelen åpner for normal trafikk29.3.2026 17:02:45 CEST | Pressemelding
Opprydningsarbeidet vil fortsette på nattestid.
Raudhammartunnelen på E6 åpner for regulert trafikk28.3.2026 13:24:20 CET | Pressemelding
Veien åpner for regulert trafikk med ledebil i dag kl. 13:45.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom

