Farevarsla frå MET blir meir presise
1.6.2022 11:23:37 CEST | Meteorologisk institutt | Pressemelding

Før var det vanleg praksis at farevarsla var gyldige i område basert på region- eller fylkesgrenser. Frå 1. juni vil dette bli endra.
– Vi vil sjå meir og meir at grensene til farevarselområdet er teikna med frihand, utan omsyn til region- eller fylkesgrenser. På denne måten blir farevarsla frå MET meir spissa for mottakaren, og den totale mengda farevarsel for den enkelte vert lågare, fortel statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.
Unngår unødvendige tiltak
Før var det vanleg at eit heilt fylke fekk eit farevarsel frå MET, sjølv om farevarselet berre gjaldt for ein del av fylket. Med frihandsteikna område vil farevarselet berre bli sendt for området der det er venta at uvêret vil råke. Dermed kan ein også unngå at det blir iverksett unødvendige tiltak i område som ikkje er dekte av farevarselet.
Ved nokre tilfelle kan farevarselet dekke små område av fleire fylke. Dette vil oftast skje i høgfjella i Sør-Noreg.
– Eit frihandsteikna område vil vere svært nyttig, særleg i varslinga av lyn og styrtregn. Når vakthavande meteorolog sender eit farevarsel for lyn eller styrtregn, vil det av og til skje i stor hast. Her vil eit fritt definert område gjere at farevarselet raskare blir sendt ut av vakthavande meteorolog, noko som vil vere til stor nytte for beredskapsaktørane, seier Fagerlid.
– Endringa vil gjere farevarsla meir tilgjengelege for alle som brukar Yr, seier prosjektleiar Helen Korsmo. I tillegg vil dei nye farevarsla bli publiserte i eit format som gjer at dei kan visast på internasjonale vêrsider.
Kontakter
Geir Ottar FagerlidStatsmeteorologMeteorologisk institutt
Tel:41106606geirof@met.noBilder

Om Meteorologisk institutt
Følg pressemeldinger fra Meteorologisk institutt
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Meteorologisk institutt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Meteorologisk institutt
Så mye varmere blir våren7.5.2026 07:30:00 CEST | Pressemelding
Vårsesongen har blitt 1,2 grader varmere siden målingene startet, men hvor mye vil temperaturen øke fram mot slutten av århundret?
Varmeste april vi har målt i Nord-Norge5.5.2026 09:54:54 CEST | Pressemelding
I den nordligste delen av landet har det vært svært varmt i april. Svalbard har målt temperatur over normalen hver dag. Det føyer seg inn i en rekke milde vintre, og klimaendringene har synlige konsekvenser for øygruppen.
Ny teneste skal gi bønder betre sesongvarsel20.4.2026 09:19:16 CEST | Pressemelding
Korleis blir sommaren? Blir det ein våt haust eller ein tørr vår? For bønder kan slike spørsmål vere avgjerande, men svara er ofte usikre. Meteorologisk institutt utviklar no ei ny teneste som skal gjere sesongvarsel meir nyttige for bønder og landbruket i Noreg.
Mars ble rekordvarm7.4.2026 14:51:15 CEST | Pressemelding
Vi legger den varmeste marsmåneden vi har registrert bak oss. Rekorden ble slått med 0,6 grader: – Det er overraskende mye, sier klimaforsker.
Februar ble 3,1 grader kaldere enn normalen3.3.2026 11:32:12 CET | Pressemelding
Både februar og vintersesongen var kaldere enn normalt. Men det betyr ikke at klimaendringene er avlyst.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
