Juli enda 2,8 grader over normalen
Hetebølger, tropedagar og unormalt høge temperaturar. Juli er den tredje varmaste registrert i Noreg.

For heile landet enda månaden 2,8 grader over normalen. Det gjer årets juli til den tredje varmaste i ein måleserie som går attende til 1901.
– Den usedvanleg varme perioden me hadde i delar av juli gjorde at månaden vart blant dei aller varmaste me har registrert. Berre 2018 og 2014 var varmare, seier klimaforskar Reidun Gangstø.
Fullstendig rapport finn du her.
Alle fylke fekk hetebølge
Totalt var det meir enn 140 stasjonar som registrerte hetebølge. Av dei var det om lag 28 som hadde 30 grader minst fem dagar på rad. Alle fylke i Noreg hadde stasjonar som registrerte minst 30 grader og hetebølge i løpet av månaden.
– Me må førebu oss på at dette kjem til å skje oftare i framtida. Då blir det veldig viktig å ha fokus på å kutte utslepp og klimatilpassing, seier Gangstø.
Temperaturen under den varmaste 14-dagersperioden i juli er den desidert høgaste som er registrert for Noreg. Det skjedde mellom 12. og 25. juli og prega alle landsdelar.
– Lengda på perioden og dei høge temperaturane gjennom døgnet i alle delar av landet var veldig spesielt denne gongen. Denne type varmeperiodar har vorte meir sannsynleg med klimaendringane, seier klimaforskar Ketil Isaksen.

Andre rekordar:
-
Det vart sett 27 rekordar for maksimumstemperatur, samt to tangeringar, og 27 rekordar for høg snittemperatur, samt tre tangeringar, i juli.
-
I Evenstad i Stor-Elvdal vart den lengste, samanhengande hetebølga registrert. Der var det 15 dagar på rad målt minst 27 grader mellom 11. og 25. juli.
-
Namsskogan og Gartland har sett rekord for lengste samanhengande periode med tropedagar med 13 dagar. Det vil seia ein maksimumstemperatur på minst 30 grader. Den gamle rekorden var på 12 dager og vart sett i Nesbyen.
-
Færder fyr sette natt til 27. juli rekord for lengste samanhengande periode med tropenetter. Det vil seia netter der minimumstemperaturen ikkje går under 20 dagar. Ny rekord er 10 dagar, den gamle rekorden frå 2014 var på 9 dagar.
Nest varmaste juli i Trøndelag og Møre og Romsdal
Alle fylke med unntak av Troms og Finnmark, vart blant dei 7. varmaste julimånader som er målt.
I Trøndelag og Møre og Romsdal vart juli den nest varmaste som er målt. I Trøndelag var middeltemperaturen 3,8 grader over normalen, medan den i Møre og Romsdal enda 3,6 grader over normalen.
– Vi må tilbake til 1901 for å finne ein julimånad som var varmere i Møre og Romsdal, altså er det 124 år sidan sist, forklarar Gangstø.
Dei varmaste stasjonane var
-
Oslo - Bygdøy II (Oslo, Oslo) 20.9 °C (ingen normal enno)
-
Oslo - Hovin (Oslo, Oslo) 20.7 °C (3.2 over normalen)
-
Oslo - Blindern (Oslo, Oslo) 20.7 °C (3.0 over normalen)
Dei kaldaste stasjonane var
-
Sisovatnet (Sørfold, Nordland) 7.6 °C (1.4 °C under normalen)
-
Folgefonna Skisenter Topp (Ullensvang, Vestland) 7.8 °C (1.0 over normalen)
-
Juvflye Bh1 (Lom, Innlandet) 8.3 °C (ingen normal enno)
Fell 20 prosent mindre nedbør
Det fell 20 prosent mindre nedbør enn normalt, som gjer månaden til den 32. tørraste i måleserien som går attende til 1901.
Det vart sett tre stasjonsrekordar for høg døgnnedbør, ein rekord for høg månadsnedbør og ni rekordar for låg totalnedbør for juli.
Dei våtaste stasjonane var
-
Plassen (Trysil, Innlandet) 190.1 mm (107 % meir nedbør enn normalt)
-
Lifjell - Øysteinnatten (Midt-Telemark, Telemark) 175.6 mm (13 % mindre nedbør enn normalt)
-
Konnerud (Drammen, Buskerud) 175.3 mm (86 % meir nedbør enn normalt)
Dei tørraste stasjonane var
-
Grodås (Volda, Møre og Romsdal) 4.9 mm (ingen normal enno)
-
Bjorli (Lesja, Innlandet) 5.0 mm (92 % mindre nedbør enn normalt)
-
Bodø VI (Bodø, Nordland) 10.0 mm (85 % mindre nedbør enn normalt)
Sjå rekordtabellen bakarst i rapporten.
Nøkkelord
Kontakter
Reidun GangstøKlimaforsker
Tel:96623675reidung@met.noBilder







Dokumenter
Lenker
Følg pressemeldinger fra Meteorologisk institutt
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Meteorologisk institutt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Meteorologisk institutt
Vi får oftere hetebølger nå enn før8.7.2025 13:01:00 CEST | Pressemelding
De siste tretti årene har antall hetebølger økt betydelig i Norge som følge av klimaendringene.
Lite sjøis i Arktis i juni1.7.2025 14:44:21 CEST | Pressemelding
Været i juni har vært så vanlig som det kan bli, men det er målt svært lite sjøis i Arktis. Sjøisen er på sitt nest laveste nivå siden målingene startet i 1991.
Er det mer vind nå enn før?30.6.2025 11:10:02 CEST | Pressemelding
Mange spør oss om det har blitt mer vind – og om klimaendringene kan være årsaken. Her er det vi vet.
Varmeste våren noensinne på Østlandet og i Agder3.6.2025 14:51:11 CEST | Pressemelding
I store deler av Sør-Norge og sørlige deler av Nordland var vårsesongen ekstremt varm. I nord var våren ekstremt våt enkelte steder.
Trønderne fikk en våt og litt kjølig mai2.6.2025 16:00:45 CEST | Pressemelding
Flere stasjoner i Trøndelag satte rekord både for høy døgnnedbør og for mengden nedbør totalt i mai måned. I deler av Østlandet og Indre Troms var det helt motsatt.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom