Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Får løyve til å bygge Dalekvam transformatorstasjon

Del

NVE har gjeve Statnett SF, Eviny Fornybar AS og BKK Nett AS konsesjon til å bygge Dalekvam transformatorstasjon i Vaksdal kommune. Utbygginga er ein del av arbeidet med å tryggje straumforsyninga i Bergensområdet.

Koplingsanlegg på Dalekvam. (Foto:Statnett)
Koplingsanlegg på Dalekvam. (Foto:Statnett)

– NVE meiner at utbygginga er viktig for å sikre ei god straumforsyning i eit område der det vert behov for meir straum i åra framover, seier Lisa Vedeld Hammer, seksjonssjef i NVE.

Det er forventa ein stor auke i straumbruk i Bergen og omland. Statnett gjer no fleire tiltak for å tryggje forsyninga i dette området, mellom anna å byggje Dalekvam transformatorstasjon som no får konsesjon. Den nye stasjonen vil etablerast på same tomt som eksisterande Dalekvam koblingsstasjon, men vil bli større enn dagens stasjon i areal og anlegg.

Statnett må utarbeide detaljplanar

NVE gir løyve til endringar på Elvevegen og kryss mot Dalevegen, Hestavollen og Sandlivegen. For å kunne transportere inn ny transformator gir NVE òg løyve til endringar på ein kai ved Garnes i Bergen kommune. Utbyggar får oreigningsløyve for naudsynt grunn og tilkomst for å gjennomføre tiltaka.

NVE meiner at ulempene ved tiltaka under anleggsfasen kan avbøtast på ein god måte. Statnett skal utarbeide miljø-, transport- og anleggsplanar før arbeida kan starte.

Kommunen ønsker ikkje utbygging

Vaksdal kommune har reist motsegn til tiltaket grunna verknader for innbyggjarar, for natur- og kulturmiljøet, og for kommunen si eiga verksemd. Kommunen krev at NVE avslår søknaden eller sett fleire vilkår i konsesjonen.

NVE har fatta eit vedtak som ikkje inneheld alle vilkåra som kommunen krev. NVE vil difor sende vedtaket til Olje og energidepartementet for endeleg avgjerd, om ikkje Vaksdal kommune trekker motsegna innan tre veker.

Les meir om Dalekvam transformatorstasjon.

Nøkkelord

Kontakter

Lisa V. Hammer, seksjonssjef 
e-post: liha@nve.no
tlf: 41 90 65 23 

Bilder

Koplingsanlegg på Dalekvam. (Foto:Statnett)
Koplingsanlegg på Dalekvam. (Foto:Statnett)
Last ned bilde

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom