Får ikkje løyve til regulering av fem vatn i Lund kommune
21.12.2020 14:23:08 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

Neset Kraft AS har søkt om å få regulere Sætravatnet, Øvre- og Nedre Rundtjørn og Åmstadvatn. Dei har òg søkt om ei auka regulering av Ljosvatnet, der det frå før er gjeve løyve til å regulere vatnet med 10 cm. Reguleringane skal nyttast i kraftverka Vestre-, Østre- og Nedre Neset kraftverk.
Ulemper for natur og brukarinteresser
Den samla vurderinga fra NVE er at dei negative konsekvensane ved å regulere dei fem vatna, ikkje står i rimeleg forhold til en estimert auke i kraftproduksjonen på berre 1,8 GWh/år.
Ei regulering av Sætravatnet vil aleine gje ein estimert produksjonsauke på 0,48 GWh/år. Vatnet ligg i eit regionalt viktig friluftsområde, og det er fleire hytter i området rundt vatnet. NVE meiner at reguleringa vil gje ulemper knytt til landskap, friluftsliv og brukarinteresser. Ei produksjonsauke på berre 0,48 GWh kan ikkje bera dei negative konsekvensane av reguleringa.
Det er estimert at reguleringa av Øvre- og Nedre Rundtjørn, Åmstadvatn og Ljosvatnet vil gje produksjonsauke på om lag 1,35 GWh. Ei auka regulering til 2 m i Ljosvatnet vil føre til at ein del av eit større myrområde blir neddemt slik at ein kan få utvasking og erosjon. Reguleringar på 3 og 4 meter i vatna Øvre og Nedre Rundtjørn og Åmstadvatnet vil føre til godt synlege reguleringssonar som kan gje negative landskapskonsekvensar. Reguleringane vil òg gje nye inngrep som damanlegg og vegar inn i eit område som er definert som ein del av eit større naturområde med urørt preg.
Med bakgrunn i desse ulempene får Neset Kraft AS derfor ikkje løyve til å regulere desse vatna.
Her kan du lese meir om saka i Sætravatnet og saka knytta til Ljosvatn, Åmstadvatn og Øvre- og Nedre Rundtjørn.
Nøkkelord
Kontakter
Brit T. Haugen, fungerande seksjonssjef
Tlf: 41211773
Mail: bth@nve.no
Bilder


Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Folkemøter om Alta kraftverk27.1.2026 13:59:03 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har mottatt en søknad fra Statkraft Energi AS om tillatelse til å installere et tredje aggregat i Alta kraftverk. Saken er nå på offentlig høring.
NVE avslår søknaden om konsesjon til Davvi vindkraftverk20.1.2026 12:25:41 CET | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat avslår søknaden fra Grenselandet AS om å bygge Davvi vindkraftverk i Lebesby kommune i Finnmark. Søknaden avslås fordi prosjektet er plassert midt i et av Norges aller største villmarksområder. Området har også en særlig verdi for samisk kultur og tradisjonell bruk.
NVE gjev BKK løyve til ny kraftleidning i Gulen16.1.2026 12:26:55 CET | Pressemelding
Nettselskapet BKK får konsesjon til å bygge ein ny kraftleidning og transformatorstasjon i Gulen kommune i Vestland fylke. Samstundes gjev NVE løyve til SkiGa AS for å etablere eigen transformatorstasjon og nettilknyting til Skipavika Næringspark.
NVE gir tillatelse til å bygge ny transformatorstasjon i Vennesla6.1.2026 12:31:23 CET | Pressemelding
Statnett og Glitre Nett får konsesjon til å bygge nye Stemmen transformatorstasjon i Støleheia, som ligger i Vennesla kommune i Agder. Stasjonen vil øke tilgangen på strøm i Agder-regionen og dekke forbruksplanene til datasentervirksomhet på Støleheia.
NVE varsler flom og skredfare julaften og 1. juledag i nord23.12.2025 11:07:57 CET | Pressemelding
Mildvær, kraftig vind og svært mye nedbør på julaften og 1. juledag fører stor snøskredfare og fare for flom, jord- og sørpeskred. NVE har sendt ut flere naturfarevarsler for deler av Nordland og Troms.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
