Fagtilsette ved HVO med fersk bransjeerfaring: – Det har stor verdi for undervisinga vår

– Det har lenge vore eit ynskje blant dei fagtilsette frå profesjonsutdanningane om å få hospitere i skule og barnehage. I LU-samarbeidet har vi fleire område vi samarbeider om, men dette semesteret har vi prioritert å få i gang ei ordning med hospitering.
Det seier Hanne Elin Harnes, praksiskoordinator i barnehagelærarutdanninga. Ho har, saman med Kjersti Markegård, rådgjevar i grunnskulelærarutdanningane, ansvaret for LU-samarbeidet (Lærarutdanningssamarbeidet).
Ein styrke for fagtilsette og studentar
– Vi har sett i gang eit prøveprosjekt for å sjå om dette er noko vi ynskjer å halde fram med. Om tilbakemeldingane frå faglærarane er så positive som vi har fått inntrykk av, er dette noko vi ynskjer å prioritere i det vidare partnarskapsarbeidet, seier Markegård.
Ved å hospitere får fagtilsette blant anna enda betre innsikt i og oppdatert kunnskap om skule- og barnehagekvardagen, som har stor verdi for både studentane og fagtilsette. Og dei opplever hospiteringa som nyttig og viktig i arbeidet med å auke kvaliteten i lærarutdanningane, seier Harnes.
– Dette blir ein styrke for å kunne gi ei meir praksisnær undervising, og kjem slik også studentane i lærarutdanningane våre til gode. Studentane vil møte fagtilsette som har fått meir erfaring med ein reell skule- og barnehagekvardag, og kan knyte desse erfaringane til sitt kunnskapsområde og fag i undervisinga.
Hospiteringa er del av ordninga med lærarutdanningsbarnehagar- og skular ved HVO. LU-samarbeidet tek utgangspunkt i strategidokumentet Lærarutdanning 2025, Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærarutdanningane.
Ser på korleis born utforskar
Gjennom hausten har faglærarane Leif Bjørn Skorpen og Erik Fooladi hospitert i Mosmarka barnehage i Ørsta kommune.
– Vi hentar inn erfaringar, eksempel, løysingar og idear som vi skal bruke i undervisinga vår i det nye emnet Utforsking i barnehage og nærmiljø, som har oppstart våren 2023 og inngår i masteren Barnehagekunnskap, seier Fooladi.
Han er førsteamanuensis og naturfagdidaktikar, og jobbar mykje med forsking. I tillegg underviser han mykje om utforsking, mat og helse, matkultur og tverrfaglegheit.
– Hospiteringa er eit veldig fint tilbod for oss, då vi sjølv ikkje har arbeidd i barnehage. Saman med erfaringane vi får når vi besøkjer studentane i praksisperiodene, får vi eit unikt innblikk i barnehagekvardagen, seier Skorpen.
Skorpen er dosent i matematikkdidaktikk og har lang erfaring frå barnehagelærarutdanninga. Han underviser også i problemløysing og modellering i masterutdanninga.
Dei to kollegaene jobbar mykje med utforsking og under hospiteringa ser dei særleg etter dette, både blant borna og dei tilsette.
– Dei tilsette er ekspertane i å jobbe i ein barnehage, og borna er ekspertane i å vere barnehage-born. Det vi leitar etter er autentiske eksempel som vi kan bruke i undervisinga, og byggje ei bru mellom teori og praksis. Vi ser på og får innsikt i den frie utforskinga som borna gjer, og den strukturerte utforskinga som dei vaksne legg til rette for. Og det har stor verdi for undervisinga vår, seier Fooladi.
Siv Bente Hjorthaug, pedagogisk leiar i Mosmarka barnehage, seier at det er kjekt å vise Skorpen og Fooladi korleis dei tilsette jobbar i praksis, og håper dei har fått gode idear og tips til undervisinga.
– Ein treng heile tida å fornye seg. Dagens samfunn, den praktiske kvardagen og utviklinga til borna er i stadig endring. Derfor må utdanninga òg vere med på utviklinga, og for å følgje med må ein sjå korleis det er i praksis.
Kunnskap og inspirasjon til eige arbeid
Høgskulelektoren Berit Huse har over 30 års erfaring frå å arbeide i barnehage, og for seks år sidan byrja ho å undervise i barnehagelærarutdanninga ved HVO. I haust har ho hospitert i Tennfjord barnehage i Ålesund kommune.
– No var det på tide å kome ut i praksis igjen, kjenne på barnehagelivet og reflektere over eventuelle endringar, seier Huse. Ho er breitt inne i mange emne, spesielt innan småbarnspedagogikk med vekt på musikk og drama.
Huse ynskjer å få oppdatert kunnskap og kompetanse om korleis det er å arbeide i barnehage no, seks år etter at ho sjølv gjekk ut.
– Hospiteringa, og påminninga eg får om korleis det er å arbeide i barnehage, blir ei drivkraft og gir eit ekstra engasjement inn mot undervisinga, seier Huse.
Nøkkelord
Kontakter
Lene Mo FlatakerFørstekonsulentHøgskulen i Volda, kommunikasjonsavdelinga
Tel:70075494Tel:41360550lene.mo.flataker@hivolda.noBilder






Lenker
Om Høgskulen i Volda
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Ho er ny studiedirektør: – Eg ser fram til å vidareutvikle berekraftige studietilbod22.2.2023 15:47:05 CET | Pressemelding
Ho har mangeårig erfaring som næringslivsleiar, har vore seksjonsleiar i Viken fylkeskommune og vunne VM i rafting. No har Gerd-Mette Vatne Drabløs tatt til i stillinga som studiedirektør ved Høgskulen i Volda.
Nå skal det utdannes lærere i Kristiansund21.2.2023 10:02:00 CET | Pressemelding
Fra høsten av starter det opp praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Høgskolesenteret i Kristiansund – de første potensielle studentene har allerede sendt inn søknad til studiet.
Fremtidens journalister i aksjon20.2.2023 12:02:33 CET | Aktuelt
Volda er trolig den mest gjennomintervjua bygda i Norge. Hvert år øver fremtidens journalister seg på å drive mediehus, og jakter gode saker fra redaksjonen ved Høgskulen i Volda. Nå starter første og andre trinn på journalistutdanningen vårsemesterets internpraksis.
Volda-studentane meir nøgde enn i resten av landet16.2.2023 08:01:00 CET | Pressemelding
Den nasjonale studentundersøkinga Studiebarometeret viser at studentane ved Høgskulen i Volda er meir tilfreds med studiekvardagen sin enn det gjennomsnittet av studentane i Noreg er.
Ny HVO-rapport: Slik er arbeidsmiljøet i barnevernstenestene15.2.2023 08:50:52 CET | Pressemelding
Tilsette ved Høgskulen i Volda har i ein ny statusrapport kartlagt arbeidsmiljøet i dei kommunale barnevernstenestene i Møre og Romsdal.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom