Miljødirektoratet

Få kommunar hadde vesentleg nedgang i utsleppa i 2021

Del
Nye tal for klimagassutslepp i kommunar er no tilgjengeleg. (nynorsk)
Tilrettelegging for å velje gonge og sykling framfor privatbilen er døme på lokale tiltak som bidreg til å få ned klimagassutsleppa frå vegtransport. Foto: Mostphotos
Tilrettelegging for å velje gonge og sykling framfor privatbilen er døme på lokale tiltak som bidreg til å få ned klimagassutsleppa frå vegtransport. Foto: Mostphotos

– Arbeidet i kommunane med å redusere utslepp av klimagassar er viktig for at vi skal nå klimamåla våre og er avgjerande for å få til ein berekraftig, langsiktig omstilling. Vi ser at omstillinga må gå raskare, og kommunane har eit ansvar for dette saman med alle andre samfunnsaktørar. Eg håpar at vi får sjå endå fleire gode løysingar frå lokalt plan dei kommande åra, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet har publisert nye utsleppstal for kommunar og fylke. Klimagassrekneskapen viser korleis utsleppa har utvikla seg frå 2009 til 2021 innanfor kommunegrensene, fordelt på ni ulike sektorar.

Lenkje: Utslepp av klimagassar i kommunar for 2021

Reduserte utslepp frå sjøfart og frå kvotepliktige anlegg i industri var hovudgrunnen til utsleppsreduksjonar i kommunane med størst nedgang frå 2020 til 2021.

Ein del av kommunane har redusert utslepp frå personbilar og i avfall- og avløpssektoren, men ei auke i utslepp frå tunge køyretøy, oppvarming og dieseldrivne motorreiskapar, førte til at dei totale utsleppa ikkje vart reduserte i 2021 for fleirtalet av kommunane.

Utsleppa er likevel reduserte dei siste ti åra i dei fleste kommunane

Klimagassrekneskapen viser at 55 prosent av kommunane har hatt meir enn fem prosent nedgang i utsleppa sidan 2011. Tala for vegtrafikk, avfall og avløp, og oppvarming er hovudgrunnen.

Utslepp frå sjøfart, jordbruk og dieseldrivne motorreiskapar har derimot auka i dei fleste kommunane dei siste ti åra.

– Kommunane speler ei sentral rolle for å få ned Noregs utslepp av klimagassar. Både når dei jobbar med å redusere utslepp frå kommunen si eiga drift og når dei legg til rette for eit meir klimavennleg næringsliv og lokalsamfunn, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Utslepp frå vegtrafikk er redusert

Utslepp frå vegtrafikk er redusert med minst fem prosent eller meir sidan 2011 i nesten alle kommunane. Bruk av biodrivstoff, nasjonale verkemiddel for å auke andelen elektriske køyretøy og lokale tiltak som legg til rette for sykkel, kollektivtransport og elbilar, har til saman bidratt til store reduksjonar i dei fleste kommunane i Noreg.

Utsleppsreduksjonar frå avfall og avløp

Utslepp frå avfall og avløp er redusert med minst fem prosent eller meir sidan 2011 i 75 prosent av kommunane. Forbod mot deponering av organisk avfall og krav om oppsamling av deponigass har ført til utsleppsreduksjonar i avfallssektoren i dei fleste kommunane.

Oljeforbod til oppvarming har hatt stor effekt

Forbod mot fyring med mineralolje til oppvarming har bidratt til at utsleppa frå olje og parafin til oppvarming, som var ca. 0,8 million tonn CO2-ekvivalentar i 2011, no er tilnærma borte. Det står framleis att utslepp frå bruk av gass og vedfyring til oppvarming.

Klimagassrekneskap er nyttig i klimaarbeidet i kommunane

I 2022 kartla Miljødirektoratet dagens bruk og nytte av klimagassrekneskapen og moglegheiter for vidareutvikling. Kartlegginga omfatta eit representativt utval av kommunane.

– Kartlegginga har stadfesta hovudinntrykket vi har fått gjennom dialog med kommunane, og det er at klimagassrekneskapen vert opplevd som eit nyttig kunnskapsgrunnlag i klimaarbeidet i kommunane. Det er framleis behov for å halde fram utviklingsarbeidet slik at tenesta i størst mogleg grad fangar opp den reelle utviklinga i utsleppa i kommunane. Dette vil bidra til at klimagassrekneskap for kommunar blir eit endå meir relevant og nyttig verktøy i klimaarbeidet i kommunane, seier Ellen Hambro.

Lenkje: Rapporten av kartlegginga

Faktaboks: Klimagassrekneskap for kommunar

  • Klimagassrekneskap for kommunar er ei netteneste som viser utsleppa til alle kommunar og fylke i Noreg.
  • Tenesta viser utsleppa som skjer innanfor kommunegrensene, fordelt på 45 ulike utsleppskjelder (ni hovudsektorar).
  • Kjeldeinndelinga er i hovudsak den same som blir brukt i den nasjonale utsleppsrekneskapen som blir berekna av Statistisk sentralbyrå (SSB), men inndelinga er meir aggregert.
  • SSB, Kystverket, Eurocontrol og Nilu er viktige leverandørar av data og utsleppsberekningar for enkeltkjelder, saman med rapporterte utslepps- og energital frå verksemdene til Miljødirektoratet.
  • På grunn av ulike datakjelder og avgrensingar kan ikkje det kommunale og den nasjonale klimagassrekneskapen bli direkte samanlikna.
  • Datatilgjengelegheita er betre på nasjonalt nivå enn på lågare geografisk nivå.Dette fører til at uvissa på utsleppstala i nokre tilfelle aukar når dei blir berekna på kommune- eller fylkesnivå. Miljødirektoratet jobbar aktivt med å redusere denne uvissa, slik at brukarane av tenesta får tilgang til så korrekte utsleppstal som mogleg.
  • Kommunane har mange verkemiddel for å redusere klimagassutslepp, men det er også mange utsleppskjelder kommunane ikkje har direkte kontroll over. Det kan til dømes vere flyplassar, riksvegar og store industrianlegg som gir enkelte kommunar relativt høge utslepp.
  • Tenesta har også ei eiga side som viser utslepp og opptak frå skog og annan arealbruk. Desse berekningane vil etter planen oppdaterast i løpet av 2023.
  • I tillegg finst det fleire effektkalkulatorar der kommunane kan berekne klimaeffekten av ulike klimatiltak.
  • Klimagassrekneskap for kommunar kan brukast av kommunar på ulike måtar, og kommunane står fritt til å erstatte tal med tal frå andre datakjelder viss dei har betre data, eller å supplere talgrunnlaget med andre data og utsleppskjelder som ikkje er inkluderte frå før, eller som er utanfor avgrensinga til rekneskapen.

Meir informasjon om klimagassrekneskapen for kommunar kan lesast på spørsmål og svar-nettsida.

Faktaboks: Fleire endringar av rekneskapen

Klimagassrekneskapen blir stadig forbetra og vidareutvikla. I år har det vorte gjort fleire endringar av rekneskapen. Her er noko av dei viktigaste endringane:

  • Vegtrafikk: Oppdatering av utsleppsmodellen for vegtrafikk, Nerve, har medført endringar i utsleppa i heile tidsserien frå 2009 til 2021.
  • Sjøfart: Utslepp har vorte justerte med landstraumdata levert av nokre kommunar.

I det kommande utviklingsarbeidet vil Miljødirektoratet særleg prioritere å forbetre metoden som blir brukt for utslepp frå dieseldrivne motorreiskapar. Dei vil også arbeide vidare med å forbetre metodane i fleire av dei andre sektorane.

Miljødirektoratet vil også jobbe med å forbetre dokumentasjon og formidlinga av klimagassrekneskapen, slik at dei ulike behova i kommunane blir dekte. Fokus vil mellom anna vere på å treffe dei kommunane som i liten eller inga grad bruker tenestene i dag.

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag

Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.

Tel:40 10 38 00presse@miljodir.no

Bilder

Tilrettelegging for å velje gonge og sykling framfor privatbilen er døme på lokale tiltak som bidreg til å få ned klimagassutsleppa frå vegtransport. Foto: Mostphotos
Tilrettelegging for å velje gonge og sykling framfor privatbilen er døme på lokale tiltak som bidreg til å få ned klimagassutsleppa frå vegtransport. Foto: Mostphotos
Last ned bilde
Andelen av kommunar med reduserte utslepp av klimagassar har auka nesten kvart år dei siste ti åra. Figuren viser auke og reduksjonar i utslepp samanlikna med 2011 i perioden 2013-2021: Figur: Miljødirektoratet
Andelen av kommunar med reduserte utslepp av klimagassar har auka nesten kvart år dei siste ti åra. Figuren viser auke og reduksjonar i utslepp samanlikna med 2011 i perioden 2013-2021: Figur: Miljødirektoratet
Last ned bilde

Dokumenter

Lenker

Om Miljødirektoratet

Miljødirektoratet
Miljødirektoratet
Postboks 5672 Torgarden
7485 Trondheim

73 58 05 00https://www.miljodirektoratet.no

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye