Universitetet i Bergen (UiB)

Europeisk tildeling til UiB-forsking på migrasjon og diamantbelegg

Del

Banebrytande forskingsidear om migrasjon og diamantbelegg har gjeve Marry-Anne Karlsen og Justas Zalieckas ved Universitetet i Bergen Starting Grant frå Det europeiske forskingsrådet (ERC).

Marry-Anne Karlsen og Justas Zalieckas er mottakarar av ERC Starting Grant 2022. Foto/ill.: Kamilla Stølen, Jin Sigve Mæland / UiB
Marry-Anne Karlsen og Justas Zalieckas er mottakarar av ERC Starting Grant 2022. Foto/ill.: Kamilla Stølen, Jin Sigve Mæland / UiB

22. november kunngjorde Det europeiske forskingsrådet (ERC) kven som får tildelt årets ERC Starting Grant. Ved norske institusjonar får UiB to av seks tildelingar. Desse går til banebrytande forsking på migrasjonsfeltet og utvikling av diamantbelegg for nye bruksområde.

Ekspertkunnskap i asylsaker

Migrasjonsforskar Marry-Anne Karlsen ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) ved UiB får tildelinga frå EU for å forske på ekspertkunnskap i asylfeltet, gjennom prosjektet Contested Knowledges in and through Asylum Litigation (ASYKNOW).

Bakgrunnen for ASYNOW er den aukande graden av polarisering på asylfeltet og eit påfølgande behov for å tenke nytt om rolla ekspertkunnskap spelar på dette området.

– Det stadig veksande nivået av konflikt og politisering på feltet har ført til eit veksande krav om ekspertkunnskap som ein upartisk autoritet, seier Karlsen, som i det femårige prosjektet skal gjennomføre ei etnografisk, komparativ undersøking av rettsprosessar i Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland.

– Vi ønskjer å finne ut korleis kunnskap om asylsøkarar og migrasjon blir mobilisert, imøtegått og etablert i asylsaker, noko som ikkje før har blitt systematisk gjort reie for eller tilstrekkeleg teoretisert, seier ho.

Nye bruksområde for diamantbelegg

Ved Institutt for fysikk og teknologi kan også Justas Zalieckas juble for tildeling av ERC Starting Grant. Gjennom prosjektet smartGROW skal han utvikle nye løysingar for å bruke diamantbelegg på tredimensjonale objekt ved hjelp av nanoteknologi, noko som gjev ei rekkje nye bruksområde.

Diamantbelegg er ettertrakta innan en rekke ulike fagfelt og industriar. Enn så lenge legg dagens framstillingsteknikkar begrensningar for bruken av diamantbelegg til flate overflater. Dette ønsker Zalieckas å gjere noko med.

– Takk vere ERC Starting Grant ser eg fram til å ta denne prosessen eitt steg vidare, ved å gå frå flate overflater til belegg som er tilpassa 3D-objekt, seier Zalieckas.

Om han lukkast med prosjektet, vil det opne for bruk på ei rekke felt innan både forsking og industri; eksempelvis medisinske implantat som hofteproteser, fleksibel elektronikk, romfart og marin industri, til dømes ved å legge belegget på rotorblada til havvindturbinar.

Fakta om ERC Starting Grant

  • Prestisjefylt forskingsfinansiering med søkarar frå heile verda
  • Blir delt ut av Det europeiske forskningsrådet, ERC
  • Ein del av EU sitt forskingsprogram Horisont Europa
  • Blir tildelt forskarar 2-7 år etter ph.d.-graden
  • Inntil 1,5 mill. euro over 5 år
  • Totalt blir det i 2022 tildelt 408 Starting Grants, etter 2932 søkarar. 
  • UiB får to av seks tildelingar som går til norske institusjonar. Dei er fordelt slik: To til UiB, to til NTNU, ei til NHH og ei til MF vitskapeleg høgskule for teologi, religion og samfunn.

Sjå alle ERC-prosjekt ved UiB her

Bilder

Marry-Anne Karlsen og Justas Zalieckas er mottakarar av ERC Starting Grant 2022. Foto/ill.: Kamilla Stølen, Jin Sigve Mæland / UiB
Marry-Anne Karlsen og Justas Zalieckas er mottakarar av ERC Starting Grant 2022. Foto/ill.: Kamilla Stølen, Jin Sigve Mæland / UiB
Last ned bilde
ERC-tildelinger er ein del av forskingsprogrammet Horisont Europa. Foto/ill: ERC
ERC-tildelinger er ein del av forskingsprogrammet Horisont Europa. Foto/ill: ERC
Last ned bilde

Om Universitetet i Bergen (UiB)

Universitetet i Bergen (UiB)
Universitetet i Bergen (UiB)
Postboks 7800
5020 Bergen

+47 55 58 00 00http://www.uib.no

Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom