Europeisk tildeling til UiB-forsking på migrasjon og diamantbelegg
22.11.2022 12:01:09 CET | Universitetet i Bergen (UiB) | Pressemelding

22. november kunngjorde Det europeiske forskingsrådet (ERC) kven som får tildelt årets ERC Starting Grant. Ved norske institusjonar får UiB to av seks tildelingar. Desse går til banebrytande forsking på migrasjonsfeltet og utvikling av diamantbelegg for nye bruksområde.
Ekspertkunnskap i asylsaker
Migrasjonsforskar Marry-Anne Karlsen ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) ved UiB får tildelinga frå EU for å forske på ekspertkunnskap i asylfeltet, gjennom prosjektet Contested Knowledges in and through Asylum Litigation (ASYKNOW).
Bakgrunnen for ASYNOW er den aukande graden av polarisering på asylfeltet og eit påfølgande behov for å tenke nytt om rolla ekspertkunnskap spelar på dette området.
– Det stadig veksande nivået av konflikt og politisering på feltet har ført til eit veksande krav om ekspertkunnskap som ein upartisk autoritet, seier Karlsen, som i det femårige prosjektet skal gjennomføre ei etnografisk, komparativ undersøking av rettsprosessar i Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland.
– Vi ønskjer å finne ut korleis kunnskap om asylsøkarar og migrasjon blir mobilisert, imøtegått og etablert i asylsaker, noko som ikkje før har blitt systematisk gjort reie for eller tilstrekkeleg teoretisert, seier ho.
- Les eigen sak om tildelinga til Marry-Anne Karlsen her.
Nye bruksområde for diamantbelegg
Ved Institutt for fysikk og teknologi kan også Justas Zalieckas juble for tildeling av ERC Starting Grant. Gjennom prosjektet smartGROW skal han utvikle nye løysingar for å bruke diamantbelegg på tredimensjonale objekt ved hjelp av nanoteknologi, noko som gjev ei rekkje nye bruksområde.
Diamantbelegg er ettertrakta innan en rekke ulike fagfelt og industriar. Enn så lenge legg dagens framstillingsteknikkar begrensningar for bruken av diamantbelegg til flate overflater. Dette ønsker Zalieckas å gjere noko med.
– Takk vere ERC Starting Grant ser eg fram til å ta denne prosessen eitt steg vidare, ved å gå frå flate overflater til belegg som er tilpassa 3D-objekt, seier Zalieckas.
Om han lukkast med prosjektet, vil det opne for bruk på ei rekke felt innan både forsking og industri; eksempelvis medisinske implantat som hofteproteser, fleksibel elektronikk, romfart og marin industri, til dømes ved å legge belegget på rotorblada til havvindturbinar.
- Les eigen sak om tildelinga til Justas Zalieckas her.
Fakta om ERC Starting Grant
- Prestisjefylt forskingsfinansiering med søkarar frå heile verda
- Blir delt ut av Det europeiske forskningsrådet, ERC
- Ein del av EU sitt forskingsprogram Horisont Europa
- Blir tildelt forskarar 2-7 år etter ph.d.-graden
- Inntil 1,5 mill. euro over 5 år
- Totalt blir det i 2022 tildelt 408 Starting Grants, etter 2932 søkarar.
- UiB får to av seks tildelingar som går til norske institusjonar. Dei er fordelt slik: To til UiB, to til NTNU, ei til NHH og ei til MF vitskapeleg høgskule for teologi, religion og samfunn.
Bilder


Om Universitetet i Bergen (UiB)
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Frå breidyll til flaumfare: Bondhusbreen varslar eit klima i endring31.7.2026 11:35:45 CEST | Pressemelding
I sommar måtte politiet stenge eit område ved det populære turistmålet Bondhusvatnet på grunn av flumfare frå breen. Nettopp korleis klimaendringane påverkar natur og friluftsliv er temaet for Rosendalsveko 3. – 4. august.
Stor interesse for studiene ved UiB23.7.2026 11:00:00 CEST | Pressemelding
Universitetet i Bergen (UiB) opplever stor interesse for sine studietilbud. I årets opptak til grunnstudiene hadde universitetet 11 486 førstevalgsøkere. Samtidig står over 17 000 søkere på venteliste til ett eller flere studier etter hovedopptaket.
På sporet av Norges huleboere3.7.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
UiB-forskere har funnet en 4000 år gammel hodeskalle fra et lite barn i Vaksdal kommune på Vestlandet. – Dette er sjeldne spor etter den tidligste jordbruksbefolkningen i Norge. Nå håper vi å finne ut hvordan de så ut og hvor de kom fra, sier prosjektleder Knut Andreas Bergsvik.
Billig MS-medisin like effektiv – sparer Norge 500 millioner årlig2.7.2026 11:10:25 CEST | Pressemelding
En norsk-svensk studie som nå publiseres i New England Journal of Medicine viser at det rimelige legemiddelet rituksimab gir like god effekt som ocrelizumab, en av de mest effektive behandlingene for multippel sklerose. Samtidig sparer bruk av rituksimab det norske helsevesenet rundt 500 millioner kroner hvert år.
Klimaministeren opnar Rosendalsveko 202630.6.2026 13:53:06 CEST | Pressemelding
Korleis påverkar klimaendringane naturen, friluftslivet, fjord og fjell? For sjette år på rad strøymer politikarar og næringsliv til Rosendalsveko i august.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
