Statens vegvesen

Etablerer forsterka vegoppmerking på riksveg 5

Del
Vegvesenet lagar breiare vegbane på riksveg 5 gjennom Kaupanger ved Sognefjorden.
Byggeleiar Jørn Kristian Engebø og kontrollingeniør Andrea Holsen Horstad ved riksveg 5 ved Kaupanger. Foto: Lars Olve Hesjeda)
Byggeleiar Jørn Kristian Engebø og kontrollingeniør Andrea Holsen Horstad ved riksveg 5 ved Kaupanger. Foto: Lars Olve Hesjeda)

Jobben er eit såkalla FMO-prosjekt (forsterka midtoppmerking) og finn stad på ei strekning på 1,5 kilometer.

Frå 7 til 8,5 meter

– Rv5 har ikkje like stor breidde overalt, og dette skal vi no harmonisere, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø og kontrollingeniør Andrea Holsen Horstad.

Vegen blir gjennomsnittlig trafikkert av 5.000 kjøretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla ÅDT (årsdøgntrafikk).

Vegen blir no utvida frå 7 til 8,5 meters breidd. Dette må til for å etablere rumlefelt/avkøyringsfelt på gulstripa og kvitstripa.

Ein plass er det også sprengt vekk delar av ei skjering for å rette ut noko av ein kraftig sving.

Fleire ting blir gjort

– I samband med arbeidet vert det etablert gang- og sykkelveg, nye busslommer og forbikøyringsfelt i samband med etablering av Vitemeir-senteret på Kaupanger.

I tillegg blir det intensivbelysning ved avkøyringa til Shell og idrettsanlegget, og det blir avkøyring til industrifeltet. Ein del gatelys vert skfita ut med LEDlamper.

Det var ni tilbydarar til jobben. Kveen AS frå Stryn vann anbodet, og kontrakten deira med Vegvesenet har ein verdi på 14,7 millionar.

– Arbeidet starta i september, og har sluttfrist i juni Det er viktig å få vegen ferdig til sommetrafikken startar, seier Engebø og Horstad.

Kontakter

Bilder

Byggeleiar Jørn Kristian Engebø og kontrollingeniør Andrea Holsen Horstad ved riksveg 5 ved Kaupanger. Foto: Lars Olve Hesjeda)
Byggeleiar Jørn Kristian Engebø og kontrollingeniør Andrea Holsen Horstad ved riksveg 5 ved Kaupanger. Foto: Lars Olve Hesjeda)
Last ned bilde
I denne svingen er det sprengt vekk delar av ei skjering for å kunne rette ut vegen noko.Foto: Lars Olve Hesjedal
I denne svingen er det sprengt vekk delar av ei skjering for å kunne rette ut vegen noko.Foto: Lars Olve Hesjedal
Last ned bilde
Mjuke trafikantar vert også også varetekne i vegutbetringa. Ved dette gangfeltet blir det intensiv-belysning.Foto: Lars Olve Hesjedal
Mjuke trafikantar vert også også varetekne i vegutbetringa. Ved dette gangfeltet blir det intensiv-belysning.Foto: Lars Olve Hesjedal
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye