Samferdselsdepartementet

Entreprenørar skal tidlegare inn i Statens vegvesen sine prosjekt

Del

- Regjeringa jobbar for å få meir veg igjen for pengane. Ein av suksessane har vore forretningsmodellen til selskapet Nye Veier. No ønsker vi å gi Statens vegvesen den same moglegheita til å involvere entreprenørar tidleg i prosessen. Statens vegvesen får no i oppdrag å foreslå prosjekt som kan være aktuelle for tidliginvolvering, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

- Nye Veier har vore ein suksess. No skal Statens vegvesen teste to modellar der dei involverar entreprenørar tidleg i prosessen, på same måte som Nye Veier, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Foto: Henrik Jonassen/SD.
- Nye Veier har vore ein suksess. No skal Statens vegvesen teste to modellar der dei involverar entreprenørar tidleg i prosessen, på same måte som Nye Veier, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Foto: Henrik Jonassen/SD.

I dag er det slik at Statens vegvesen ikkje kan involvere ein entreprenør til å bygge eit vegprosjekt før prosjektet er godkjend av Stortinget. Stortinget si handsaming skjer dessutan fyrst etter at reguleringsplanlegginga er ferdig og siste eksterne kvalitetssikring (KS2) er gjennomført. Dagens modell gir dermed ikkje Statens vegvesen opning for å involvere entreprenørar på eit tidleg tidspunkt i planlegginga, slik Nye Veier kan gjere.

- Vi foreslår no to modellar for tidleg involvering av entreprenørar som Statens vegvesen kan teste ut. Målet er å finne mest mogleg effektive løysingar for gjennomføring av vegprosjekt som kan bidra til reduserte utbyggingskostnadar, økt nytte og kortare byggetid. Vi skal ikkje sløse bort pengane til folk, derfor er det viktig at vi ser på fleire modellar, seier samferdselsministeren.

To modellar

Modell I inneber at Stortinget gir klarsignal til prosjektet med naudsynte atterhald om endringar i prosjektet, før det det er vedtatt reguleringsplan i prosjektet. Deretter kan Statens vegvesen involvere entreprenørar i ein tidleg fase i reguleringsplanarbeidet for å vere med å utvikle prosjektet i samarbeid med Statens vegvesen. Dette vil skje etter at den eksterne kvalitetssikringa (KS2) er gjennomført, men KS2 vil da vere basert på meir uavklart plangrunnlag enn i dag.

Dersom prosjektering og prosjektutvikling skjer innanfor rammene frå KS2 skal prosjektet gjennomførast i tråd med Stortinget sitt vedtak. Dersom det ikkje er innanfor rammene, skal prosjektet tilbake til Stortinget. Kontraktane vil innehalde mekanismar for å avslutte kontrakten om vegvesenet og entreprenøren ikkje blir samde om kontraktsummen.

Model II er basert på at kontraktstrategien blir kvalitetssikra tidleg i forprosjektfasen. Kvalitetssikringa av kontraktstrategien skjer da separat frå dei andre temaa i den eksterne kvalitetssikringa (KS2). Kvalitetssikringa skal da fyrst og fremst sjå på om det er grunnlag for om entreprenørar bør involverast i ein tidleg fase.

Dersom det blir inngått ein kontrakt om tidleg involvering skal denne ta atterhald om at Stortinget seinare skal ta stilling til prosjektet. Når planlegginga er ferdig skal heile prosjektet gjennom ekstern kvalitetssikring (KS2) som vanleg.

- Vi har no bedt Statens vegvesen om å finne aktuelle prosjekt der vi kan teste desse modellane. Det vil vere viktig å dokumentere kva for innsparingar vi oppnår ved dei ulike modellane. På den måten kan vi hauste erfaringar og velje den beste løysinga for framtida, seier Dale.

Bilder

- Nye Veier har vore ein suksess. No skal Statens vegvesen teste to modellar der dei involverar entreprenørar tidleg i prosessen, på same måte som Nye Veier, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Foto: Henrik Jonassen/SD.
- Nye Veier har vore ein suksess. No skal Statens vegvesen teste to modellar der dei involverar entreprenørar tidleg i prosessen, på same måte som Nye Veier, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Foto: Henrik Jonassen/SD.
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Ny Nasjonal transportplan 2022–2033: Samferdselsministeren møter fylker, storbyer og næringsliv i august10.8.2020 14:30:00 CESTPressemelding

Samferdselsminister Knut Arild Hareide besøker Kristiansand, Stavanger, Ålesund, Fredrikstad og Kirkenes: – Alle fylkene og de fire største byene har spilt inn hvilke løsninger de ønsker i ny Nasjonal transportplan. Nå drar jeg ut og møter fylkene og byene for å diskutere prioriteringene deres. Jeg besøker også næringslivet i regionene for å høre hvilke transportutfordringer de mener er viktigst, sier samferdselsministeren.

Samferdselsministeren inviterer vi møte om elsparkesykler4.8.2020 20:43:29 CESTPressemelding

– Elsparkesykler gir et positivt tilskudd til mobilitet i byene, og de er kommet for å bli. Samtidig viser erfaringene fra den siste tiden betydelige utfordringer for både sikkerheten og fremkommeligheten for andre trafikantgrupper. Derfor kaller jeg nå inn både de berørte byene og næringsaktørene til møter denne uken. Målet er å få gode innspill til det videre arbeidet med nærmere regulering av elsparkesyklene, sier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom