Endringar i NB!-registeret i Nordland
Kulturmiljø av nasjonal interesse i byar og tettstadar (NB!-registeret) er ei oversikt over kulturmiljø som det knyter seg nasjonale interesser til. Sidan etableringa i 2006 – 2010 har kulturmiljø i Nordland vore ein del av denne oversikta. I 2020 blei forslag til revisjon for Nordland sendt ut på høyring. No er høyringsinnspela vurdert og endringane publisert.
- Riksantikvaren er no godt i gang med å revidere NB!-registeret. Med revisjonen vil Riksantikvaren bidra med oppdatert kunnskap og faglege råd om berekraftig forvalting og utvikling av desse kulturmiljøa, seier Elisabeth Dahle, avdelingsdirektør for Samfunnsavdelinga hjå Riksantikvaren.
Kulturmiljøa er ikkje freda og har ikkje eit formelt vern, men forvaltast mellom anna av kommunane og fylkeskommunen gjennom verkemiddel i plan- og bygningslova. Det er Nordland fylkeskommune som er næraste kontaktpunkt for sine kommunar, andre myndigheiter og ålmenta i forvaltinga av kulturmiljøe i NB!-registeret.
Kulturmiljø av nasjonal interesse i Nordland
Kulturmiljøa i oversikten omfattar i alt 10 kulturmiljø i Nordland. Revisjonen består i hovudsak av presiseringar av tekstar og tilføyingar av faglege råd for forvalting for kvart enkelt kulturmiljø. Nokre av kulturmiljøa har fått nye namn, og fleire stader er det gjort endringar i avrensingane til kulturmiljøa. I nokre tilfelle er kulturmiljø tekne ut av oversikten.
Revisjon av NB!-registeret
Revisjonen er eit oppdrag til Riksantikvaren frå Klima - og miljødepartementet og har forankring i Meld. St. 16 (2019-2020) «Nye mål i kulturmiljøpolitikken – engasjement, bærekraft og mangfold».
Revisjonsforslaget for Nordland blei sendt på ei avgrensa høyring til fylkeskommunen og kommunar ved juletider i 2020, med frist våren 2021.
- NB!-registeret er eit resultat av eit langsiktig samarbeid mellom Riksantikvaren, regional kulturmiljøforvalting og kommunane. I revisjonen er det kome mange gode innspel frå fylkeskommunane og dei aktuelle kommunane. Innspela har vi vektlagt og freista å kome i møte i størst mogleg grad. Vi håpar at den oppdaterte kulturmiljøkunnskapen og dei faglege råda i revisjonen blir nyttig i kommunane og fylkeskommunane sitt planarbeid, seier Dahle.
I Nordland fylke inngår no desse 10 kulturmiljøa i NB!-registeret:
- K95 Bodø sentrum
- K96 Bodø Svenskebyen
- K98 Kabelvåg Parken
- K99 Mo i Rana Moholmen
- K97 Henningsvær
- K101 Mosjøen Sjøgata
- K102 Narvik Trekanten (tidligere: Narvik Industriområdet NSB og LKAB)
- K104 Narvik sentrum
- K105 Stamsund
- K106 Svolvær Svinøya og Bukkedauden (tidligere: Svolvær Svinøya)
To kulturmiljø i Nordland er tekne ut av oversikten. Det er:
- K100 Mosjøen Byparken
- K107 Svolvær Torget
Byparken i Mosjøen takast ut fordi den er freda og difor underlagt eit sterkare vern enn NB!-registeret gir. Torget i Svolvær takast ut på bakgrunn av ei samla vurdering etter innspel frå lokal kulturmiljøforvalting. Tidlegare avgrensing av kulturmiljøet var ikkje tilstrekkeleg for å sikre dei nasjonale interessene, og utviklinga i Svolvær har gjort kulturmiljøet fragmentert.
Saksdokument er tilgjengeleg via Riksantikvaren sine nettsider.
Revidert informasjon om kulturmiljøa er tilgjengeleg for alle på nettsiden Kulturminnesøk og Askeladden - Nasjonal database for kulturminne, kulturmiljø og landskap.
Forvalting av kulturmiljø i NB!-registeret
Kulturmiljøa er fellesgode som fortel historia om Noreg. Samtidig er byar og tettstader stadig i endring. Med god planleggjing kan kulturmiljø sikrast og videreutviklast i eit langsiktig perspektiv, som ein ressurs i samfunnsutviklinga. Kulturmiljø er viktig for identitet, tilhørigheit og trivsel og kan samstundes brukast som grunnlag for lokal utvikling og verdiskaping. Å ta vare på og utvikle kulturmiljø gjennom berekraftig utvikling er også viktig for å møte Noreg sine lovnadar knytt til Europarådets landskapskonvensjon og FNs berekraftsmål. Kommunen, saman med eigarar, er viktige aktørar for å sikre nasjonale kulturmiljøinteresser.
Registeret skal bidra til å ta vare på og styrke kulturmiljøverdiar og er i dag, saman med Riksantikvaren sin strategi og anbefalingar for by- og stadsutvikling, eit viktig verktøy som brukast i samfunnsplanlegging og kulturmiljøforvalting.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder
Om Riksantikvaren
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
– Sikrer innseglingen til et av Norges viktigste festningsanlegg15.4.2024 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren melder oppstart av områdefredning for Bergenhus festning. – Områdefredning av Bergenhus festning har ligget i kortene i flere år, sier riksantikvar Hanna Geiran.
Kartlegger vikingarven som mulig verdensarv12.4.2024 07:15:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren kartlegger vikingtidens kulturminner for å vurdere en mulig oppføring på Norges «venteliste» for verdensarv.
400 000 kroner til den Trondhjemske postvegen11.4.2024 12:59:20 CEST | Pressemelding
Dei gamle postvegane knyt Noreg saman. No løyver Riksantikvaren 400 000 til eit prosjekt som skal løfte den Trondhjemske postvegen fram i ljoset.
Reiser motsegn mot oppdrettsanlegg i verdsarvfjell18.3.2024 06:30:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren reiser motsegn mot eit planlagt oppdrettsanlegg i Raudbergvika i Fjord kommune i Møre og Romsdal. - Anlegget kjem klart i konflikt med verdsarvverdiane for Vestnorsk fjordlandskap, seier riksantikvar Hanna Geiran.
8,5 millioner i tilskudd til kirkekunst7.3.2024 08:20:31 CET | Pressemelding
Riksantikvaren har fordelt 6, 5 millioner i tilskudd til konservering av kirkekunst i 2024, og 2 millioner i tilsagn for 2025.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom