Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

DRAUMAR er årets tema på Førdefestivalen

Del

-I år vil vi leike oss litt. Fantasere, drøyme og finne gleda i musikken, seier festivaldirektør Sølvi Lien. 5.-9. juli 2023 inviterer den nybakte direktøren til den 33. Førdefestivalen, og temaet for årets festival er Draumar. -Musikk er som skapt for draumar, seier ho, og lovar konsertar med både sirkus, akrobatikk, magi, mystikk, surrealisme og overtru. Festivalen skal feire gleda og mangfaldet i musikken, men vil som vanleg ha med alvoret, for kva skjer den dagen hendingar som krig og ekstremisme set ein stoppar for draumane?

Leyla McCalla kjem til Førdefestivalen i juli.
Leyla McCalla kjem til Førdefestivalen i juli.

«Vi må la drømmen om det gode styre våre handlinger – våre valg. Og vi må skape nye drømmer! «Bare en drøm», sier snusfornuften. Da har den glemt at drøm skaper virkelighet.» Rosemarie Köhn

-I år vil vi leike oss litt. Fantasere, drøyme og finne gleda i musikken, seier festivaldirektør Sølvi Lien. 5.-9. juli 2023 inviterer den nybakte direktøren til den 33. Førdefestivalen, og temaet for årets festival er Draumar. -Musikk er som skapt for draumar, seier ho, og lovar konsertar med både sirkus, akrobatikk, magi, mystikk, surrealisme og overtru. Festivalen skal feire gleda og mangfaldet i musikken, men vil som vanleg ha med alvoret, for kva skjer den dagen hendingar som krig og ekstremisme set ein stoppar for draumane?

Draumen om fridom

Førdefestivalen ønskjer å skape forståing på tvers av kulturar, religion og tradisjonar, seier direktør Sølvi Lien. - Gjennom musikken kan ein drøyme seg bort, og i musikken kan ein vere fri. Draumen om fridom er ei viktig drivkraft for fleire av artistane du får høyre på Førdefestivalen i sommar. I prosjektet Breaking the Termometer to hide the fever hentar haïti-amerikanske Leyla McCalla fram den sterke historia til radiostasjonen, Radio Haïti, som vart folket si stemme i kampen mot tyranniet til den eineherskande presidenten, og det dei ofra for draumen om fridom. McCalla vann Grammy med den afro-amerikanske strengekvartetten Carolina Chocolate Drops så seint som i 2019. Ho er ein stor og svært respektert artist vi er utruleg stolte over å presentere på Førdefestivalen, seier Sølvi Lien.

Kader Tarhanine er den nye perla i moderne tuareg-musikk. I heimlandet hans, Mali, er alle draumar om musikk og kultur knuste av politiske og etniske konfliktar som har rasa i landet sidan 2012. Våre kollegaer i festivalen Festival in the Desert har ikkje kunne arrangere festival sidan det. Med støtte mellom anna frå den norske ambassaden i Mali, legg dei i staden internasjonale turnéar. Årets turné er «Festival in Exile Caravan» med artisten Kader Tarhanine, og går gjennom Europa og Nord-Amerika. Ein ikkje-valdeleg protest mot intoleranse og det ekstremistar gjer mot kulturen i Mali og andre land. – Det blir ei glede å ta i mot Tarhanine i Førde, og bidra til at draumen om å få ut musikken blir verkeleg.

Talentet frå Serbia

Daniel Lazar er frå Serbia. Han kom til Norge første gong for 10 år sidan som deltakar i Førdefestivalen sitt internasjonale talentprosjekt. Etter studiar på Norges Musikkhøgskole er Daniel Lazar på full fart inn i ein solid internasjonal karriere, og i år har han fått oppdraget med å lage tingingsverket for festivalen i Førde. Verket har fått tittelen Phantasmagoria, og viser til draumar og opplevingar Lazar har fått på si reise frå Balkan til Skandinavia. -Eg ser føre meg at verket skal vere ein kombinasjon av tradisjonell og moderne folkemusikk, med element av improvisasjon og elektronikk, seier han. Phantasmagoria vil sjølvsagt spegle det faktum at eg er påverka av tradisjonane både på Balkan og i Norge, og eg vil ha med både norske og balkanske musikarar.

Finsk fyrverkeri og svensk akrobatikk

I år får vi endeleg besøk av Johanna Juhola frå Finland. Dette fyrverkeriet av ein trekkspelar kjem med ein leiken konsert ho har kalla Imaginary Friends. Her spelar ho duett med nokre av venene sine, som ikkje er med på scena, men til stades på film. Uteframsyninga Knekke Greine frå Sverige kombinerer sirkus-akrobatikk og folkemusikk. Små grupper med publikum blir tekne med ut i skogen der to sirkusartistar og to musikarar gjev dei heilt spesielle opplevingar. -Dei som står bak Knekke Greine er svært opptekne av å ta vare på skog og natur. Med framsyninga vil dei få oss til å sjå naturen og skogen med nye auge, seier Lien.

Drøymande musikk frå Estland

Duo Ruut er to musikarar og eitt instrument. -Katariina Kivi and Ann-Lisett Rebane er duoen alle i bransen vår snakkar om for tida, forklarer Sølvi Lien. Dei to musikarane brukar den estiske zitheren på ein heilt ny måte og komponerer drøymande, ungdommeleg og spennande musikk, med bakgrunn i den estiske folkemusikktradisjonen. Det er litt genialt! 

Førdekonferansen torsdag 6. juli: Draumar vi ber på

Den viktige kulturkonferansen blir leia av tidlegare kulturkommentator i NRK, Agnes Moxnes, og tek i år opp spørsmål om kven som har makt til å oppfylle draumar innan kulturlivet, og kva mekanismar som spelar inn for at nokon får oppfylt draumane sine, medan andre må late dei fare. - På konferansen får du høyre både norske og internasjonale stemmer frå kulturlivet, forsking, media og tilskotsytarar, fortel Lien.

 

Første artistslepp - pr. 19. januar:

Leyla McCalla – USA, Johanna Juhola – Finland, Kader Tarhanine – Mali, Daniel Lazar – Serbia/Noreg, Duo Ruut – Estland, Knekke greine – Sverige.. og mange, mange fleire namn kjem til.


Fullt festivalprogram vert lansert 30. mars, og då opnar billettsalet til festivalen.
Påmeldinga til Førdekonferansen opnar 19. januar.

For å se denne videoen, må du gi ditt samtykke øverst på denne siden.Førdefestivalen 2022 - Offisiell videovideoVideokanal

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Leyla McCalla kjem til Førdefestivalen i juli.
Leyla McCalla kjem til Førdefestivalen i juli.
Last ned bilde
Daniel Lazar komponerer tingingsverket Phantasmagoria.
Daniel Lazar komponerer tingingsverket Phantasmagoria.
Last ned bilde
Duo Ruut er unge og nyskapande på estisk zither.
Duo Ruut er unge og nyskapande på estisk zither.
Last ned bilde
Knekke Greine kjem med ein ganske vill utekonsert.
Knekke Greine kjem med ein ganske vill utekonsert.
Last ned bilde
Kader Tarhanine frå Mali er den nye perla i dagens tuareg-musikk.
Kader Tarhanine frå Mali er den nye perla i dagens tuareg-musikk.
Last ned bilde
I sitt første år som direktør  for Førdefestivalen vil Sølvi Lien drøyme og leike litt.
I sitt første år som direktør for Førdefestivalen vil Sølvi Lien drøyme og leike litt.
Last ned bilde

Lenker

Om Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Angedalsvegen 5
6800 Førde

46 90 50 10https://www.fordefestivalen.no/

Ein av dei fem beste i Europa!
Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og mottok i 2019 heideren EFFE AWARD 2019-2021, då European Festival Association kåra den til ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger.

Førdefestivalen presenterer rundt 250 artistar frå heile verda på 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement, og har om lag 26000 besøkande kvart år. 

Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og har vore rangert som ein Europas beste festivalar av The Guardian og National Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.

Følg pressemeldinger fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

'Musikk i kriser' tema på Førdefestivalen 6.-10. juli 202228.1.2022 07:30:00 CET | Pressemelding

Temaet for Førdefestivalen 2022 er ‘Musikk i kriser’. -Vi er midt i ein pandemi, ei global krise vi enno ikkje heilt ser enden på, så temaet vårt er nok meir aktuelt enn nokon gong, seier direktør Per Idar Almås, men understrekar at festivalen ikkje skal handle om pandemien. - Med temaet fokuserer Førdefestivalen på musikken si kraft i vanskelege tider. Musikk knyter saman folk, også på tvers av geografiske og kulturelle skilje. Musikk skapar fellesskap og identitet, og det finst mange døme på at musikk spelar ei viktig rolle i viktige motstandsrørsler, seier Almås. I denne omgang slepper festivalen seks artistar. Førdefestivalen vert arrangert 6.-10. juli, og komplett program vert lansert 31. mars. Då startar også billettsalet til festivalen. Musikk i kriser Til Førde kjem artistar frå land vi tenkjer på i samband med krig og naud, og publikum vil møte musikarar som av politiske eller religiøse årsaker har flykta frå heimlanda sine. Andre temaartistar løftar fram ein musikktradisjon e

Førdefestivalen arrangerer gratis familiefest18.11.2021 14:58:00 CET | Pressemelding

-Sidan hausten 2020 har Bornas Verdsdag Førde vorte avlyst, flytta og avlyst igjen, men no er vi endeleg klare for ei ny utgåve av denne fine internasjonale familiedagen i Førdehuset, seier prosjektleiar Ingebjørg Nomeland. Ho og resten av festivalstaben, saman med fleire frivillige, gler seg til å fylle heile Førdehuset med miniverkstader, aktivitetar, internasjonal mat og ikkje minst ein herleg gratis familiekonsert med Igor & Fe3ne. Igor & Fe3ne, er Igor Dunderovic, Daniel Lazar, Almir Meskovic og Elvis Medic, fire superseriøse musikarar som alle har opphav utanfor Norge, har laga sine heilt egne versjonar av dei mest kjende barnesongane våre. Dei har gjort det av kjærleik til sitt nye heimland, men dei har miksa både tekstane og musikken med sine eigne opphav, balkanrytmane, og hundrevis av historier dei har samla, eller laga, om mystiske karakterar: Ali Baba, Baba Lille Lam, Lille fetter Eddy Yerkov, Mikha Ilrev, Shimshiri Omnshimshiri, Katarina Paus, og fleire andre som alle snak

Førdefestivalen: Vi gjorde det!15.7.2021 14:55:00 CEST | Pressemelding

Festivalstemninga stod i taket frå morgon til morgon (!) då Førdefestivalen veke gjennomførte tilnærma fullskala festivalprogram, med … fysiske konsertar. Rundt 200 frivillige var i sving heile veka. over 20 arenaer var i bruk, og både musikarar og publikum fekk ein etterlengta musikalsk opptur. Temaet på Førdefestivalen var HEIME. Alle musikarane på scena er busette i Norge, men dei hadde med seg musikk frå 24 land.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom