Dette vil rektorteamet ved Høgskulen i Volda jobbe med dei komande åra
Måndag 5. desember fekk tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda (HVO) moglegheita til å spørje ut rektorteamet som stiller til val for styreperioden 2023-2027.

Under utspørjinga forklarar rektorkandidat Odd Helge Mjellem Tonheim og prorektorkandidat Eirik Søvik korleis dei ser føre seg framtida til HVO, kva måla deira er og kva utfordringar dei står overfor – samt korleis dei vil løyse desse.
Fleire av spørsmåla frå dei frammøtte går på korleis rektorteamet skal arbeide vidare med å vere éin høgskule. Det er tydeleg at dette er noko dei tilsette set høgt og vil jobbe for.
– Vi er éin høgskule og éin campus – noko som er unikt i norsk samanheng. Vi støttar opp under det å vere ein sjølvstendig institusjon, og vi er opptatt av å få alle med. Då må vi også bygge opp dei fagmiljøa vi har for å sikre framtida. Ein skal ikkje slåst om den same kaka heile tida, men heller utvikle dette saman med dokke gjennom god diskusjon og dialog. Samstundes må vi betre og finne fleire møteplassar på tvers av organisasjonane og fagmiljøa, seier rektorkandidat Tonheim.
Auke kvaliteten i forskinga
I valplattforma til rektorteamet er mellom anna kvalitet i forsking og utdanning framheva. Ein av dei største styrkane for HVO er at det er kort avstand mellom menneske og fagmiljøa, og at ein er tett på kvarandre gjer høgskulen til ein god stad å utdanne seg og arbeide. For å sikre utdanninga og framtida må HVO auke omfanget og kvaliteten i forskinga.
– Eg er opptatt av kvalitet i forsking og utdanning, og målet vårt er å skape gode vilkår for dette. Vi ser spesielt på forsking som ei ekstra stor utfordring den neste fireårsperioden, seier Tonheim.
Prorektorkandidat Eirik Søvik konstaterer at HVO har vore jamne og ikkje hatt den store auka som andre høgskular når det kjem til publiseringar per tilsett, men at dette blir ein prioritet dei komande åra.
– Eit mål er at nytilsette skal kunne kome i gang med publiseringar så tidleg som mulig. Forskingsgruppene skal også styrkast, samt det å betre jobbe i lag som eit kollegium, seier Søvik og held fram:
– Er du i ei fagstilling, er både undervising og forsking ein del av den stillinga. Er du del av førstelektorordninga, men ikkje har forskingskompetanse, skal vi hjelpe med å legge til rette for at ein kan kome i gang med forskinga. For å lukkast med dette må heile bredda på Høgskulen i Volda vere med.
– Forsking og utdanning heng saman
Tonheim seier at HVO ikkje skal endre på tida tilsette har til forsking, men ein må sørgje for å fokusere på at tida ein har til forsking vert brukt til det.
– Forsking og utdanning heng saman. Det å vere ein god forskar aleine er ikkje godt nok. Den «store, stygge ulven» er forsking og publisering. Vi er allereie gode og gjer mykje bra – særleg på utdanning, men også forsking. Men der er framleis ting vi må jobbe med. Løysingar som kan hjelpe folk i å kome i gang med å publisere artiklar treng vi meir av, tryggar Tonheim.
Søvik ynskjer også å forklare korleis rektorteamet vil lyfte fram forskinga ved HVO.
– Det er ikkje snakk om at vi skal velje ut få faglege miljø og satse på desse, men det skal vere moglegheiter for dei som ynskjer å konkurrere nasjonalt og internasjonalt. Det er heller ikkje ein plan om å peike på folk som vi skal gi gull og grøne skogar til. Ein må jobbe for det sjølve.
Satsar på medverknad og studentvelferd
Eit par av spørsmåla frå salen går på korleis Tonheim og Søvik skal arbeide som team. At dei ikkje vert for interne, og involverer HVO-tilsette og studentar sin medverknad i sitt arbeid og avgjersler som skal takast.
– Mange av dei store sakene som blir vedteke har ein lang prosess, som for eksempel studieportefølje. Men vi må finne denne balansegangen i kva som må fullt ut på høyring, kva som kan forankrast i dekamøte, kva som er «rektor-ting» og kva som er administrative saker, seier Tonheim og held fram:
– Vi skal sjølve sørgje for at det ikkje blir for internt. I dei viktige avgjerslane treng vi sjølvsagt medverknad frå tilsette og studentar. Det betyr ikkje at alle alltid kan få det slik dei vil, men eg trur det er viktig at folk får medverke og kjenner seg høyrde.
Tonheim er også klar på at studentdeltaking og Studentparlamentet vert prioritert, som er viktig i kvalitetsarbeidet til HVO framover. Då er det avgjerande å ha god dialog mellom Studentparlamentet og leiinga.
Studentvelferd- og helse er noko Tonheim gjennom åra som prorektor og dei komande åra som rektor set høgt. Samtaletilboda som studentane har, er ekstra viktige.
– Vi har no ei godt forankra velferdsgruppe som verkeleg har slått seg fast i denne perioden. Vi må jobbe vidare med den, for det bidrar til betre studenthelse. Studentsamskipnaden får mindre pengar i statsbudsjettet, så framover må Velferdsgruppa, avdelingane, Studentsamskipnaden i Volda og HVO i si heilheit jobbe saman for å bevare og betre det gode studentmiljøet.
Gode prosessar for å dyrke fram eigne rektorkandidatar
Høgskulestyret vedtok i år, med ei stemme overvekt, at rektor skal veljast – ikkje tilsetjast. Spørsmål frå salen var mellom anna retta mot korleis ein kan overbevise eventuelle skeptikarar om kvifor valt rektor er den beste ordninga, korleis ein skal betre organiseringa og utplukking av rektor framover.
– Vi er begge for valt rektor. Eg tykkjer det er trist at vi står her som einaste kandidatane. Det hadde vore veldig kjekt om her var fleire som stilte til val. Dette er noko vi må jobbe med, mellom anna ved å skape gode faglege leiarar på alle nivå, bygge opp instituttleiarar, studieleiarar, dekanar og fleire, seier Tonheim.
Då Tonheim var på leit etter prorektorkandidat hadde han kriterium til kandidaten.
– Vedkomande skulle komplimentere min eigen kompetanse. Sjølv har eg satsa mest på utdanning og forska mindre. Derfor var det viktig for meg å ha ein sterk forskar som prorektorkandidat. Dei andre kriteria var at vedkomande skulle vere frå ei anna avdeling, og at det skulle vere ei kvinne. Dei to siste har eg ikkje klart, men eg jobba for det. Det er ikkje ei enkel oppgåve, og det måtte litt overtaling til.
– Eg er frå lærarutdanningane og utviklinga av profesjonsbiten. Eirik er professor i biologi og har hatt mykje fokus på forsking. At vi utfyller kvarandre her, i tillegg til at vi kjenner kvarandre og er gode vener, ser eg på som ei styrke.
Han fortel vidare at utfordringa med å finne prorektorkandidat mellom anna gjekk på at tilsette ikkje ville gi slepp på sine faglege prosjekt.
– Men ein kan også sjå på det som at det er ei fagstilling ein skal inn i, at det er ein positiv måte å utvikle egen kompetanse på. Vi treng gode interne prosessar for å dyrke fram eigne rektorkandidatar. Slike verv skal telje sterkt i kompetanseheving på papiret, noko eg argumenterte på i min søknad, seier Tonheim.
Nøkkelord
Kontakter
Lene Mo FlatakerFørstekonsulentHøgskulen i Volda, kommunikasjonsavdelinga
Tel:70075494Tel:41360550lene.mo.flataker@hivolda.noBilder



Lenker
Om Høgskulen i Volda
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
– Folket skal få vite hva vi finner ut i forskinga – det kan redde liv7.2.2023 13:08:07 CET | Pressemelding
For at forskningsresultat skal nå ut til folk flest og samfunnsgrupper som har spesiell nytte av den nye kunnskapen, har forskningsprosjektet MANREPORT-IPV gjort flere grep. Ett av dem er medietrening med journaliststudenter.
Jublar for ny barnevernsmaster til hausten5.2.2023 09:30:00 CET | Pressemelding
1. januar 2031 skal 80 prosent av alle tilsette i barnevernet ha masterutdanning. Fagmiljøet ved Høgskulen i Volda jublar for at dei frå hausten 2023 kan tilby ein ny master i barnevernsarbeid.
Velkomen til Internasjonal dag31.1.2023 13:07:42 CET | Presseinvitasjon
Internasjonal dag er endeleg tilbake som eit fysisk arrangement. No håper vi at så mange som mogleg kjem til BK kantina onsdag 8. februar for å få med seg fargerike stands, eksotisk mat, internasjonale gjestar og eit spanande foredrag av Samuel Massie.
Disputerer om oppfølging av ungdom med overvekt30.1.2023 13:22:22 CET | Pressemelding
Stipendiat Ingeborg Berg Skogen (37) ved Høgskulen i Volda disputerer fredag 3. februar med avhandlinga «Stor og aktiv? Ungdommer og helsesykepleiere om fysisk aktivitet som oppfølging for ungdom med overvekt».
Nyheit: Praktisk retta vidareutdanning i musikk med stipend27.1.2023 12:55:45 CET | Pressemelding
Frå hausten 2023 tilbyr Høgskulen i Volda ei heilt ny vidareutdanning i musikk gjennom ordninga Kompetanse for kvalitet. Det for å møte etterspurnaden frå ufaglærte musikklærarar og musikklærarar som har behov for å oppdatere seg i faget.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom