Høgskulen i Volda

Desse får tilbod om dekanjobb i Volda

Del
Styret ved Høgskulen i Volda (HVO) har i eit omframt styremøte gitt tilbod til tre nye dekanar. Det er Silje Ims Lied (Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning), Jorunn Fure (Avdeling for samfunnsfag og historie) og Jon Are Steen (Avdeling for kulturfag).
Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda


- Dei er alle tre godt kvalifiserte for rolla som dekan, og vil med si allsidige erfaring bidra til ei positiv utvikling av HVO i åra framover. Direktør og rektorat ser fram til samarbeidet dei neste fire åra, seier styreleiar og rektor Johann Roppen og direktør Ann Kristin Emblem.


Silje Ims Lied er førstelektor i pedagogikk, og har vore tilsett ved HVO sidan 2009. Ho har tidlegare erfaring frå barnehage, skole, PPT og BUP. Ved høgskolen har ho hatt fagstilling i pedagogikk, og vore instituttleder ved Institutt for pedagogikk en fireårsperiode. I dag er ho prodekan ved same avdeling.


Jorunn Fure jobbar i dag som forskar og forskingskoordinator ved Telemark museum, etter å ha vore direktør ved museet frå 2012 til 2022. Ho har doktorgrad i historie frå Universitetet i Bergen, har blant anna vore forskar og foreleser ved universiteta i Oslo og Bergen, og gjesteprofessor ved Humboldt Universitetet i Berlin.


Jon Are Steen er for tida rektor ved Stryn kulturskule,og har tidlegare blant anna vore lærer og undervisningsinspektør. Han har hovudfag i musikkvitskap ved UiO, og har i tillegg mellomfag i mellom anna filmmusikk og klassiske musikkfag som del av 4-årig lærarutdanning frå Høgskolen i Hedmark. Han er aktiv musikar og har meir enn 20 års erfaring som dirigent, og har komponert musikk til mellom anna fleire musikalar.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
Last ned bilde
Jorunn Fure
Jorunn Fure
Last ned bilde
Silje Ims Lied
Silje Ims Lied
Last ned bilde
Jon Are Steen
Jon Are Steen
Last ned bilde

Lenker

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

7007 5000https://www.hivolda.no/

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye