Byggjer nasjonale beredskapslager for legemiddel frå Vestlandet

– Lagera består av utvalde legemiddel nok til inntil seks månader normalt forbruk i sjukehusa og kommunehelsetenesta, seier fagdirektør i Sjukehusapoteka Vest, Christer Bakke Frantzen.
Regjeringa vedtok våren 2020 å opprette to nivå av nasjonal lagring av legemiddel. Helse- og omsorgsdepartementet ga Helse Vest RHF i oppdrag på vegner av dei regionale helseføretaka om å realisere lageret på nivå 2. Helse Vest RHF spelte ballen vidare til Sjukehusapoteka Vest HF, som fekk ansvaret med å leie og gjennomføre arbeidet.
Sikrar tilgang til kritisk viktige legemiddel
Lagera blir eit viktig bidrag for å styrke den norske helseberedskapen generelt og legemiddelberedskapen spesielt. Stopp i forsyning av og mangel på legemiddel har vore eit aukande problem globalt. Det har også resultert i stadig fleire tilfelle av leveringssvikt her til lands. Den pågåande pandemien gav problemstillinga endå større kraft, særleg i ein tidleg fase. I ytste konsekvens kan mangel på legemiddel få store følgjer for enkeltmenneske.
– Lagera vil sikre tilgang til kritisk viktige legemiddel for sårbare pasientgrupper ved svikt i normal levering. Det gir også helsetenesta betre mogelegheiter og større spelerom til å finne alternative løysingar i ein eventuell mangelsituasjon, seier Bakke Frantzen.
Skapt tryggleik for forsyning under pandemien
Legemidla på beredskapslagera er ikkje spesielt øyremerka covid-19-pasientar, men lagera har like fullt vist seg å vere til nytte også under den pågåande pandemien.
– Så langt har lagera medverka til å skape tryggleik for forsyning av viktige legemiddel, til dømes intensivlegemiddel til covid-19-pasientar.
Totalt vil det vere legemiddel verd rundt 1,6 milliard kroner når lagera er fylte. Det inkluderer ramma på 1 milliard kroner fordelt likt på spesialist- og primærhelsetenesta som låg i det opphavlege oppdraget til Helse Vest, pluss beredskapslageret som Helsedirektoratet bygde opp for primærhelsetenesta tidleg i pandemien, den såkalla «50-lista».
Eit godt samarbeid mellom fleire partar
–Våre prognosar seier at lagera er fylte opp i løpet av hausten. Det har tatt lenger tid enn opphavleg plan, mest på grunn av at det tar tid for produsentane å oppskalere produksjonen utover den normale leveransen til den norske marknaden, seier Bakke Frantzen.
Arbeidet med lagera og å sikre stabil legemiddelforsyning skjer i eit nært samarbeid mellom spesialisthelsetenesta, kommunane, Helsedirektoratet, Legemiddelverket og legemiddelgrossistane. Frå spesialisthelsetenesta er både legar frå fleire sjukehus, sjukehusapotekføretaka, Sykehusinnkjøp HF og Nasjonalt senter for legemiddelmangel og legemiddelberedskap i spesialisthelsetenesta (Mangelsenteret) involverte i arbeidet.
Lagera er etablert innanfor dagens grossistmodell. Det er Alliance Healthcare Norge (AHN) som står for lager og lagerhald for spesialisthelsetenesta, mens Apotek 1, Norsk Medisinaldepot (NMD) og AHN gjer det for kommunane.
Fakta om beredskapslager for legemiddel
- Regjeringa vedtok første halvår 2020 å opprette to nivå av nasjonal lagring av legemiddel.
- Nivå 1 omfattar tre til seks månader forbruk av dei 50 mest kritiske («50-lista») legemidla for primærhelsetenesta (kommunane), tre månader forbruk av legemiddel på covid 19-lista for inntil 800 intensivpasientar og to månader forbruk av H-reseptlegemiddel (legemiddel utanfor sjukehus).
- Nivå 2 omfattar inntil seks månader normalt forbruk av utvalde legemiddel brukt i sjukehusa. I tillegg skal lagera ha legemiddel til primærhelsetenesta utover det på nivå 1. Seinare vart også 50-lista frå nivå 1 inkludert her.
- Helse- og omsorgsdepartementet ga Helse Vest RHF i oppdrag på vegner av dei regionale helseføretaka om å realisere lagera på nivå 2.
- Helse Vest RHF spelte ballen vidare til Sjukehusapoteka Vest HF, som fekk ansvaret med å leie og gjennomføre arbeidet. Det har dei gjort gjennom prosjektet B180 (= beredskapslager 180 dagar).
- Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak (eige styre) som er eigd av Helse Vest RHF – og rommar det største farmasifaglege miljøet på Vestlandet.
- Lagera blir etablert innanfor dagens grossistmodell. Alliance Healthcare Norge (AHN) står for lager og lagerhald for spesialisthelsetenesta, mens Apotek 1, Norsk medisinaldepot (NMD) og AHN gjer det for kommunane. Fysisk ligg altså beredskapslagera på Austlandet.
- Ei spesialistgruppe av legar og farmasøytar frå alle helseregionar, kommunehelsetenesta, Mangelsenteret, Sykehusinnkjøp HF og Legemiddelverket, gir råd om kva legemiddel beredskapslagra bør ha. Helsedirektoratet godkjenner formelt samansetninga av lagera.
- Spesialistgruppa baserer sine råd på ei konsekvensvurdering av inntil seks månader forsyningssvikt for legemiddel. Hovudkriteriet for inkludering i B180-lagera er om svikt i forsyninga kan føre til alvorleg helseskade og eventuelt tap av menneskeliv.
- Lagera baserer seg på eit prinsipp om rullering: Ein fyller opp lageret med ei viss mengd legemiddel. Når varer går ut av lageret, blir dei erstatta, slik at ein held lageret på same nivå.
- Lagera går over i normal drift etter at prosjektet er avslutta, truleg frå 2022.
Nøkkelord
Kontakter
Christer Bakke FrantzenFagdirektørSjukehusapoteka Vest HF
Tel:996 42 588christer.bakke.frantzen@sav.noBilder

Om Helse Vest RHF
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Tar for mange prøvar: Ni tiltak mot overforbruk1.7.2025 11:58:49 CEST | Pressemelding
I heile landet har talet på laboratorieanalysar auka kraftig dei siste åra. Mange av desse analysane vert gjort utan at det er god medisinsk grunn. Ni tiltak skal få ned overforbruket.
Helse Vest satsar på ombruk i byggeprosjekt16.6.2025 13:25:28 CEST | Pressemelding
Helse Vest og fleire offentlege aktørar går nå saman for å gjere byggebransjen meir miljøvennleg. Målet er å bruke meir av det som allereie finst – i staden for å kjøpe nytt.
Dette forska sjukehusa på i 202410.6.2025 13:50:56 CEST | Pressemelding
Fjernstyrt CT, betre demensomsorg og genetisk risiko for sjukdom – i 2024 blei det gjort mykje god og viktig forsking i norske sjukehus, og tysdag 10. juni blei den årlege rapporten om forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta overrekt til statsråd Jan Christian Vestre. Helse- og omsorgsministeren fekk samstundes presentert eit prosjekt frå kvar region som døme på det spennande forskings- og innovasjonsarbeidet i sjukehusa.
DBT-team vann pris4.6.2025 13:48:06 CEST | Pressemelding
Gjennom 20 vekers intens terapi med DBT-A-teamet på Haukeland, får fortvilte ungdommar ein ny kvardag. Frå 75 prosent som sjølvskadar før dei byrjar kurset, er 96 prosent skadefrie når dei går ut.
Grep mot overforbruk av radiologiske tenester15.5.2025 13:00:51 CEST | Pressemelding
Talet på radiologiske undersøkingar aukar i Noreg, og mange pasientar blir undersøkt utan at det er nødvendig. Ved å redusere berre ein type unødig undersøking, kan vi frigjere kapasiteten til 15 MR-maskinar på eitt år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom