Bra budsjett for Høgskulen i Volda – Men kritisk til skulepengar
6.10.2022 12:50:53 CEST | Høgskulen i Volda | Pressemelding

Det handlar om at fleire studentar gjennomførte studia sine, noko som kjem av godt arbeid både blant studentar og tilsette, og dette gir altså høgskulen større løyving i 2023.
Høgskulen får også ein auke i løyvinga på grunn av at dei første eigenproduserte doktorgradskandidatane gjennomførte sine studium i 2021 og også hadde ein auke i talet på utvekslingsstudentar.
På den andre sida var budsjettet i fjor svakare på desse områda fordi Høgskulen i koronaåret 2020 hadde lågare tal på fullføring av studium og på studentutveksling. Så kanskje er Høgskulen i Volda i 2023 tilbake til ein slags normalaktivitet etter to år prega av korona.
Høgskulen vil etter framlegget frå regjeringa få ei løyving på 435 millionar kroner, mot 417 millionar i 2022. Det er ein auke på ca. 4,4 prosent.
Høgskulen i Volda er også heldig som ikkje har fått særleg høgare utgifter til straum, noko mange høgskular og universitet i Sør-Noreg slit alvorleg med, men som regjeringa ikkje har foreslått å kompensere for i framlegget til statsbudsjett. Høgskulen vert heller ikkje særleg råka av omleggingane i Forskingsrådet, fordi Høgskulen i Volda diverre har små løyvingar frå Forskingsrådet.
Derimot har Høgskulen i Volda grunn til å vere misnøgde med at regjeringa foreslår å kreve at utanlandske studentar som kjem frå land utanfor Europa (EØS og Sveits) frå 2023 må betale skulepengar for å studere til ein full grad i Noreg. Regjeringa har rekna ut at høgskulen får eit trekk på kr 435.000 i budsjettet på grunn av dette. Dette vil i så fall særleg gjelde studentar på Master in Media Practices, der nærare halvparten av studentane kjem frå land utanfor EØS-området.
Utvekslingsstudentar som berre er i Noreg ein kort periode skal framleis sleppe å betale studieavgift.
Nøkkelord
Kontakter
Johann RoppenRektor
Tel:+47 70 07 50 20Tel:+47 472 86 423johann.roppen@hivolda.noBilder
Om Høgskulen i Volda
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Doktordisputas: Reidar Haug20.2.2026 12:39:38 CET | Pressemelding
6. mars skal Reidar Haug forsvare avhandlinga si for doktorgrad i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
Velkomen til Internasjonal dag ved Høgskulen i Volda9.2.2026 13:44:51 CET | Presseinvitasjon
Onsdag 11. februar inviterer Høgskulen i Volda til Internasjonal dag – ein festdag og markering av internasjonal aktivitet ved høgskulen.
Hans Strøm 300 år: Jubileet opnar med lunsjseminar 23.1.13.1.2026 11:19:05 CET | Presseinvitasjon
I 2026 er det 300 år sidan folkeopplysaren Hans Strøm var fødd. Fredag 23. januar kl. 11.30 ønskjer vi velkomen til opning av 300-årsjubileet med lunsjseminar i biblioteket ved Høgskulen i Volda.
Å lære koding gir unge trua tilbake8.1.2026 13:59:00 CET | Pressemelding
Med rett hjelp kan gaming-interesse bli både IT-kompetanse og ny giv. Unge i utanforskap får motivasjon og moglegheiter gjennom Nav-tilbodet «Grunnleggande programmering», viser forsking frå Høgskulen i Volda.
Doktordisputas: Astrid Gravdal Vølstad1.12.2025 10:27:06 CET | Pressemelding
12. desember skal Astrid Gravdal Vølstad forsvare avhandlinga si for doktorgrad i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom

