Høgskulen i Volda

Boklansering: Voldalektor tek føre seg vikingskipepoken i Bjørkedalen

Del

I samband med Forskingsdagane 2022 inviterer Høgskulen i Volda (HVO) med temaet HAV til eit spennande møte med båtbyggarkulturen på Bjørkedalen i Volda. Høgdepunktet for arrangementet er lansering av boka Eventyrlege Vikingskip ved Frode Sætre, senior førstelektor i idrett og friluftsliv ved HVO.

Eventyrlege vikingskip, framside
Eventyrlege vikingskip, framside

Tittel:

«Eventyrlege vikingskip»

– Bygde på Bjørkedalen

— Segla av Ragnar Thorseth

Forfattar: Frode Sætre

Boka fortel om Vikingskipsepoken på Bjørkedalen som starta tidleg på 70-talet og varer enno. Det er dei store vikingskipa som har hovudfokus, då bygginga og ikkje minst bruken av desse med Ragnar Thorseth i spissen, gav Bjørkedalen og Volda kommune mykje god reklame, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Internasjonalt gav også ekspedisjonane med skipa framifrå marknadsføring av Noreg. Den store mediedekninga i alle typar media jorda rundt, og opp til 7000 frammøtte til båtdragarstemne og sjøsetting, syner interessa for desse hendingane.

Båtbyggjarane på Bjørkedalen har utvikla spesialkompetanse knytt til rekonstruksjon og bygging av vikingskip sidan 1973, då Kvalsundskipet vart bygt, og heilt fram til 2019 då Myklebustskipet vart sjøsett. Mellom desse to hendingane har sju andre store vikingskip vorte bygde, hovudsakleg i Jakobsgarden på Søre Bjørkedalen.

Jakob Kolbein Helset, i Pergarden på Helset, har bygt 15 mindre vikingskip på rundt 35 fot, samt Olav Tryggvason, bygt etter modell av Gokstadskipet i skala 2:3.

Boka fortel om forhistoria til skipa, bygging, båtdraging, sjøsetting og bruk, og gir eksempel på medieomtale frå både lokal, regional, nasjonal og internasjonal presse. Undervegs får lesaren også den spanande forteljinga om det dramatiske forliset i Middelhavet i 1992, der knarren Saga Siglar og Osbergskips-kopien Oseberg gjekk ned. Boka presenterer vikingskipa i kronologisk rekkefølgje, frå 1973 til 2019, og er rikt illustrert med bilde.

Ragnar Thorseth er ein svært sentral person når det gjeld bestilling og bruk av desse skipa, då han har fått bygt eller kjøpt fem av dei ni presenterte vikingskipa. Thorseth har vore svært dyktig når det gjeld bruk av media til å marknadsføre prosjekta sine. Mediedekninga av ekspedisjonane hans over verdshava, i opne vikingskip, manglar truleg sidestykke i norsk historie. Boka gir ramsalte forteljingar og foto frå desse ekspedisjonane, og mot slutten får ein presentert eit fortruleg intervju med Ragnar, der ein vert nærare kjent med denne oppdagaren og dei eventyrlege ekspedisjonane hans.

Å samle alt dette mellom to permar er viktig historisk dokumentasjon, både for dei som lever i dag og for etterkomarane våre. Boka vil vere interessant lesnad for vikingskipsentusiastar, trebåtentusiastar, båtinteresserte, folk med tilknyting til Bjørkedalen, for dei som er interesserte i kystkultur og historie, og dei som likar spanande historier knytt til bruken av desse vikingskipa.

Frode Sætre har, gjennom eit FOU-arbeid ved Høgskulen i Volda, vore initiativtakar, prosjektleiar og forfattar knytt til dette bokprosjektet. Han er senior førstelektor i idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda, Institutt for idrett og friluftsliv. Frode har i fleire tiår undervist i kystfriluftsliv og er ein ivrig seglar og båtmann.

Han har tidlegare gitt ut desse bøkene: «Yksnøya. Liv og sjøliv» (2009). Saman med Tore Aarflot har han gitt ut boka, «Frå tare til topp. Turar og opplevingar Sørøyane på Sunnmøre» (2012)». Boka/artikkelsamlinga «Båtbygging på Bjørkedalen» kom ut i 2019, der Sætre var redaktør og forfattar av fleire artiklar.

Boklansering på Bjørkedalen laurdag 1. oktober                                                                                        

I samband med Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda vert det boklansering på Bjørkedalen laurdag 1. oktober 2022. Arrangementet har namnet «Kyst- og kulturarv på Bjørkedalen», og i tillegg til boklansering vert det omvisning, rundreise, demonstrasjon m.m. Dette er eit samarbeidsarrangement knytt til markering av kulturminnedagane med temaet DRIVKRAFT i regi av Fortidsminneforeningen Sunnmøre lokallag og Bjørkedalen kystlag/Forbundet kysten. Arrangementet er gratis og ope for alle.

Nøkkelord

Bilder

Eventyrlege vikingskip, framside
Eventyrlege vikingskip, framside
Last ned bilde
Draging av båt i 1901 bygd i Bjørkedalen i Volda frå Bjørkedalen og ned til Kilsfjorden, her ved kryssing av Fremsteelva. Fraktinga går med Storebåtsvogna, og båten er ein 40 fots dekksbåt bygd av Elias O. Bjørkedal. Fotograf: Johan Nerbøvik. Utlån: Volda kommune
Draging av båt i 1901 bygd i Bjørkedalen i Volda frå Bjørkedalen og ned til Kilsfjorden, her ved kryssing av Fremsteelva. Fraktinga går med Storebåtsvogna, og båten er ein 40 fots dekksbåt bygd av Elias O. Bjørkedal. Fotograf: Johan Nerbøvik. Utlån: Volda kommune
Last ned bilde
Ragnar Thorseth kjem til boklanseringa på Bjørkedalen, og har med seg færingen «Brattholm Havila». Denne vert plassert utanfor grendehuset på Bjørkedalen. Interesserte kan då få sjå båten Ragnar nytta til Shetlands-turen i 2015, og kanskje snakke med skipperen.
Ragnar Thorseth kjem til boklanseringa på Bjørkedalen, og har med seg færingen «Brattholm Havila». Denne vert plassert utanfor grendehuset på Bjørkedalen. Interesserte kan då få sjå båten Ragnar nytta til Shetlands-turen i 2015, og kanskje snakke med skipperen.
Last ned bilde
Frode Sætre
Frode Sætre
Last ned bilde
Tidlegere utgitte bøker
Tidlegere utgitte bøker
Last ned bilde

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

7007 5000https://www.hivolda.no/

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom