BIR

BIR og IHM har som intensjon å slå seg saman til eit stort avfallskonsern

Del

Indre Hordaland Miljøverk IKS (IHM) og BIR AS har i dag inngått ein intensjonsavtale om å slå seg saman til eit stort avfallskonsern på Vestlandet.

Borghild Lekve, konsernsjef i BIR og Jon Grønsberg, dagleg leiar i IHM
Borghild Lekve, konsernsjef i BIR og Jon Grønsberg, dagleg leiar i IHM

I intensjonsavtalen er det eit mål om at IHM sin lovpålagte verksemd vil bli eit eige aksjeselskap i BIR-konsernet.

- Vi er svært glade for at vi har fått til ein slik avtale seier styreleiar Aslak Sverdrup i BIR-konsernet. - Ein slik samanslåing vil kunne gje synergiar mellom partane og kunne gje eit betre kundeitilbod til innbyggarane i kommunane som i dag vert handsama av partane, seier Sverdrup vidare.

Styreleiar i IHM, Stein Kvarekvål, er også svært nøgd med at ein intensjonsavtale no er inngått; - BIR og IHM har store moglegheiter saman og vi er glade for at ei samanslåing har som føresetnad at det vert etablert biogassanlegg og biopark på Voss.

Konsernsjef Borghild Lekve viser til at ei samanslåing vil kunne gje gevinstar både i form av endå meir effektiv drift for heile konsernet og auka moglegheiter for utvikling. Eit stort konsern har større moglegheiter til å gjennomføre til dømes digital utvikling, miljøeffektive tiltak, osb.

Dagleg leiar i IHM, Jon Grønsberg, er oppteken av at tilbodet til brukarane i Voss, Ulvik og Eidfjord skal vidareførast med same tenestenivå som i dag, men at ei samanslåing med BIR gjer auka moglegheiter for utvikling, ikkje minst digitalt. Utvikling av ein biopark på Voss er også ein moglegheit som kan gjennomførast når ein er ein del av eit større konsern.

For nærare informasjon, ta kontakt med:

  • Styreleiar i BIR AS Aslak Sverdrup, tlf 932 31 791
  • Styreleiar i IHM, Stein Kvarekvål, tlf 908 58 099
  • Konsernsjef BIR Borghild, Lekve tlf 464 49 147
  • Dagleg leiar IHM Jon Grønsberg, tlf 958 53 860

Bilder

Borghild Lekve, konsernsjef i BIR og Jon Grønsberg, dagleg leiar i IHM
Borghild Lekve, konsernsjef i BIR og Jon Grønsberg, dagleg leiar i IHM
Last ned bilde
Aslak Sverdrup er konsernstyreleder i BIR
Aslak Sverdrup er konsernstyreleder i BIR
Last ned bilde
Borghild Lekve, konsernsjef BIR
Borghild Lekve, konsernsjef BIR
Last ned bilde
Stein Kvarekvål er styreleiar i IHM
Stein Kvarekvål er styreleiar i IHM
Last ned bilde
Jon Grønsberg, dagleg leiar IHM
Jon Grønsberg, dagleg leiar IHM
Last ned bilde

Lenker

Om BIR

BIR
BIR
Conrad Mohrs veg 15
5072 Bergen

55 27 77 00http://www.bir.no

BIR AS er et av Norges største renovasjonsselskap, og er ansvarlig for avfallshåndteringen til over 356 600 innbyggere i BIRs syv eierkommuner. Selskapet tilbyr også avfallsløsninger for næringslivet.

BIR AS er eid av kommunene Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Kvam, Osterøy, Samnanger og Vaksdal. Eierkommunene har tildelt BIR ansvaret med de lovpålagte oppgavene knyttet til håndtering av avfallet fra husholdningskundene som er bosatt i disse kommunene.

Følg pressemeldinger fra BIR

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra BIR på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra BIR

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom