Anita Traa blir konstituert som dagleg leiar for BIR Voss Hardanger

Del

Anita Traa blir konstituert som dagleg leiar i BIR Voss Hardanger frå 23. mai 2025. Ho tek over etter Jon Grønsberg, som då sluttar i stillinga. Konstitueringa er for seks månader.

Anita Traa er konstituert som dagleg leiar i BIR Voss Hardanger frå 23. mai 2025. Ho har lang erfaring frå selskapet og ser fram til å vidareutvikle tenestene i regionen.
Anita Traa er konstituert som dagleg leiar i BIR Voss Hardanger frå 23. mai 2025. Ho har lang erfaring frå selskapet og ser fram til å vidareutvikle tenestene i regionen.

Anita har lang erfaring frå både offentleg og privat sektor. Ho har vore ein del av BIR Voss Hardanger sidan 2015, og kjem frå rolla som leiar for kunde og kommunikasjon. Før det arbeidde ho i 25 år som resepsjons- og bookingsjef ved Park Hotell, og ho har òg erfaring som sakshandsamar i Voss herad.

– Eg er både stolt og audmjuk over å ta på meg denne rolla. Det er eit stort ansvar, men eg går inn i det med hjartet på rett plass og stor respekt for det viktige arbeidet vi gjer i lag, seier Anita.

Gjennom ti år i BIR Voss Hardanger har ho vore innom ei rekke funksjonar i organisasjonen – frå hushaldningsrenovasjon og næring, til digitalisering, kundeservice og hytterenovasjon. Ho trekkjer fram breidda i erfaringa som ein styrke inn i den nye rolla:

– Eg kjenner organisasjonen godt, og har fått eit nært forhold til både kollegaer og innbyggjarar. Eg ser fram til å bidra til vidare utvikling og gode tenester for regionen vår.

Konsernsjef i BIR, Borghild Lekve, er godt nøgd med valet:

– Eg er glad for at Anita har takka ja til å leie BIR Voss Hardanger i denne perioden. Ho har solid erfaring og eit sterkt engasjement, og eg er trygg på at ho vil vere eit viktig bidrag til både det lokale selskapet og konsernleiinga.

For lokal forankring og framtidsretta arbeid

Anita er fødd og oppvaksen på Voss, bur på Bulken med mann og har tre born, og er glad i naturen og fjellet. 

– Eg gledar meg til tida framover, og er trygg på at vi saman skal få til mykje bra!

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Anita Traa er konstituert som dagleg leiar i BIR Voss Hardanger frå 23. mai 2025. Ho har lang erfaring frå selskapet og ser fram til å vidareutvikle tenestene i regionen.
Anita Traa er konstituert som dagleg leiar i BIR Voss Hardanger frå 23. mai 2025. Ho har lang erfaring frå selskapet og ser fram til å vidareutvikle tenestene i regionen.
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra BIR

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra BIR på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra BIR

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye