BIR

BIR lyser ut anbod for prosessanlegg for biogassbehandling

Del

BIR AS lyser ut anbod på prosessanlegg for biogassbehandling av matavfall og husdyrgjødsel på Bjørkemoen i Voss Herad. Anlegget er meint å behandla 15000 tonn matavfall frå hushalda i eigarkommunane og husdyrgjødsel frå lokalt landbruk.

BIR lyser ut anbod på prosessanlegg for biogassbehandling av matavfall og husdyrgjødsel på Bjørkemoen i Voss Herad. Borghild Lekve, konsernsjef BIR og Jon Grønsberg, dagleg leiar IHM.
BIR lyser ut anbod på prosessanlegg for biogassbehandling av matavfall og husdyrgjødsel på Bjørkemoen i Voss Herad. Borghild Lekve, konsernsjef BIR og Jon Grønsberg, dagleg leiar IHM.

- Anlegget skal vera ei framtidsretta måte å handsama organiske ressursar regionalt, seier Borghild Lekve, konsernsjef i BIR. - Dette vert det første biogassanlegget i Vestland for behandling av matavfall frå hushald. Dette vil gje eit godt bidrag til sirkulær økonomi i Vestland. Anlegget vil gje ein god klimaeffekt men vel så viktig har det vore å finna gode løysningar for å ta i vare næringsstoffa i avfallet.

Anbodet som no er lyst ut gjeld den prosesstekniske delen av anlegget og det vil koma ei påfølgande anbodskunngjering for det byggtekniske når leverandør for prosessanlegg er avklara.

Anbodet er utforma slik at tilbydarar vert oppmoda til å koma med framtidsretta og innovative løysingar. Dette kjem til uttrykk mellom anna ved at krav til at biogjødsel skal vere reinare enn kravet i gjeldande regelverk.

Sluttprodukta frå anlegget skal vera biometan, bioCO2 og gjødsel til landbruket.

- Biogassanlegget er planlagt å bli et sentralt element i en framtidig biopark på denne lokasjonen på Voss, seier Jon Grønsberg, dagleg leiar i IHM. - Bioparken skal tilrettelegge for ulike behandlingsløsninger for bioavfall og oppsirkulere avfall der mulig.

For nærare informasjon, ta kontakt med:

  • Konsernsjef BIR Borghild, Lekve tlf 464 49 147
  • Dagleg leiar IHM Jon Grønsberg, tlf 958 53 860

Nøkkelord

Bilder

BIR lyser ut anbod på prosessanlegg for biogassbehandling av matavfall og husdyrgjødsel på Bjørkemoen i Voss Herad. Borghild Lekve, konsernsjef BIR og Jon Grønsberg, dagleg leiar IHM.
BIR lyser ut anbod på prosessanlegg for biogassbehandling av matavfall og husdyrgjødsel på Bjørkemoen i Voss Herad. Borghild Lekve, konsernsjef BIR og Jon Grønsberg, dagleg leiar IHM.
Last ned bilde

Om BIR

BIR
BIR
Conrad Mohrs veg 15
5072 Bergen

55 27 77 00http://www.bir.no

BIR AS er et av Norges største renovasjonsselskap, og er ansvarlig for avfallshåndteringen til 365 000 innbyggere i syv eierkommuner. Selskapet tilbyr også avfallsløsninger for næringslivet.

BIR AS er eid av kommunene Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Kvam, Osterøy, Øygarden, Samnanger og Vaksdal. 

Følg pressemeldinger fra BIR

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra BIR på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra BIR

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom