Samferdselsdepartementet

Billigare ferje for personar, lag og organisasjonar

Del
- Regjeringa ønsker å gjere det så enkelt som mogleg å ferdast i trafikken. No sørger vi for at idrettslag og organisasjonar får rabattar på ferjer, sjølv om dei nyttar fleire køyretøy. På den måten aukar vi fleksibiliteten for personar, lag og organisasjonar som reiser saman, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
- No får idrettslag og organisasjonar rabatt på ferjer, sjølv om dei nyttar fleire køyretøy. I tillegg får personar utan bil 17 prosent rabatt på eit eige rabattkort, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Foto: Olav Heggø

Etter innføringa av AutoPASS-ferjekort, bad Samferdselsdepartementet om en særregel slik at idrettslag og organisasjonar kunne betale med rabattkortet. På bakgrunn av dette leverte Statens vegvesen i november eit framlegg for ferjetakstar 2020.

- Vi ønsker ei vidareføring av særregelen. Det bør vere ei løysing der ein kan betale med eit AutoPass-ferjekort for fleire køyretøy, når det køyrer saman på same ferjeavgang. Det er ikkje alle som køyrer buss når dei skal på arrangement. Med denne endringa gjer vi det enklare og billigare å vere på tur med idrettslaget eller ein organisasjon, seier samferdselsministeren. 

17 prosent rabatt for personar

Det vert òg innført eit eige rabattkort for personar som reiser utan køyretøy. To personar kan knytast til kortet. Førehandsinnbetalinga er minimum 400 kroner og rabattsatsen er 17 prosent.

- Dette er ein fleksibilitet kundane har vore vande til, og som vi no gjeninnfører. Dette vil sikre passasjerane same rabatt som før, fram til løysingane som gjer det gratis å reise for passasjerar utan bil er på plass, seier Dale.

Dei nye takstane trer i kraft 1. januar 2020.

Bilder

- No får idrettslag og organisasjonar rabatt på ferjer, sjølv om dei nyttar fleire køyretøy. I tillegg får personar utan bil 17 prosent rabatt på eit eige rabattkort, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Foto: Olav Heggø
- No får idrettslag og organisasjonar rabatt på ferjer, sjølv om dei nyttar fleire køyretøy. I tillegg får personar utan bil 17 prosent rabatt på eit eige rabattkort, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. Foto: Olav Heggø
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Regjeringen vil la byer få innføre nullutslippssoner4.3.2025 09:55:00 CET | Pressemelding

– Nullutslippssone er et virkemiddel som kan bidra til utslippskutt ved å fremme overgangen til nullutslippsløsninger. Dette gjelder ikke minst i vare- og næringstransporten, der elektrifiseringen ikke har kommet like langt som for personbiler. Flere større byer ønsker å kunne vurdere nullutslippssoner, og det er viktig for denne regjeringen å gi verktøy til byer som vil føre en ambisiøs klimapolitikk, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye