Betrar IKT-tryggleiken i sjukehusa
I rapporten peikar Riksrevisjonen på alvorlege funn og sårbarheit i IKT-systema i helseføretaka.
– Rapporten frå Riksrevisjonen er grundig og viktig. Vi tek funna på største alvor. God informasjonstryggleik er ein føresetnad for god pasientbehandling. Arbeidet med informasjonstryggleik vil ha høg merksemd og prioritet i Helse Vest også framover. Pasientar og medarbeidarar skal vere trygge på dette, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne.
– Eit felles ansvar
Ho seier arbeidet med kunnskap om, og kultur for, informasjonstryggleik må styrkjast, i takt med utviklinga av digitale løysingar. Dette arbeidet må både leirarar og medarbeidarar ta del i: – Vi kan ikkje kvile på det gode arbeidet. Informasjonstryggleik er eit felles ansvar og eit kontinuerleg arbeid.
Auka bruk av digitale løysingar i helsesektoren styrkjer pasientbehandlinga og pasienttryggleiken. På same tida er trusselbildet i stadig endring. Helseføretaka har i aukande grad blitt interessante mål for trusselaktørar, og det er større risiko for dataangrep.
Dataangrep mot helseføretaka skjer dagleg og målet er at desse blir handterte utan at det går ut over pasientbehandlinga. Når føretaka blir ramma av eit datatangrep er det ikkje det same som at datatryggleiken er dårlig.
Metoden til Riksrevisjonen var slik at dei fekk informasjon frå helseføretaka før dei simulerte dataangrep. Det var òg avtalt at helseføretaka ikkje skulle stoppe angrepa eller gjere mottiltak om angrepa blei oppdaga.
Helseføretaka gjer grundige risikovurderingar og set i verk tiltak der ein finn det er mest sårbart. Riksrevisjonen stadfestar at helseregionane har gjort tiltak for forbetring og at dette har styrkt informasjonstryggleiken dei siste åra.
IKT-tryggleiken er testa
Helse Vest følgjer grundig opp hovudfunn, merknadar og tilrådingar i rapporten frå Riksrevisjonen.
– Revisjonen har gitt oss viktig innsikt for det vidare arbeidet med informasjonstryggleiken. Testing er ein viktig del av kontroll og forbetring. Simulering av angrep utført av Riksrevisjonen er ein av fleire slike. Mellom anna har Norsk Helsenett ved HelseCERT gjennomført liknande simulerte dataangrep mot Helse Vest etter Riksrevisjonen sin test, og tilbakemeldinga viser at dei ser tydelege resultat av dei tiltaka som gjennomførte, seier administrerande direktør i Helse Vest IKT, Erik M. Hansen.
– Ein stor del av dei funna som er gjorde av Riksrevisjonen er allereie lukka. Helse Vest IKT starta arbeidet med å lukke dei identifiserte sårbarheitene straks etter at Riksrevisjonen hadde gjennomført det simulerte dataangrepet i januar og februar 2020. Dette lærer vi av.
Nøkkelord
Kontakter
Bente AaeKommunikasjonsdirektør
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noOm Helse Vest RHF
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Tar for mange prøvar: Ni tiltak mot overforbruk1.7.2025 11:58:49 CEST | Pressemelding
I heile landet har talet på laboratorieanalysar auka kraftig dei siste åra. Mange av desse analysane vert gjort utan at det er god medisinsk grunn. Ni tiltak skal få ned overforbruket.
Helse Vest satsar på ombruk i byggeprosjekt16.6.2025 13:25:28 CEST | Pressemelding
Helse Vest og fleire offentlege aktørar går nå saman for å gjere byggebransjen meir miljøvennleg. Målet er å bruke meir av det som allereie finst – i staden for å kjøpe nytt.
Dette forska sjukehusa på i 202410.6.2025 13:50:56 CEST | Pressemelding
Fjernstyrt CT, betre demensomsorg og genetisk risiko for sjukdom – i 2024 blei det gjort mykje god og viktig forsking i norske sjukehus, og tysdag 10. juni blei den årlege rapporten om forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta overrekt til statsråd Jan Christian Vestre. Helse- og omsorgsministeren fekk samstundes presentert eit prosjekt frå kvar region som døme på det spennande forskings- og innovasjonsarbeidet i sjukehusa.
DBT-team vann pris4.6.2025 13:48:06 CEST | Pressemelding
Gjennom 20 vekers intens terapi med DBT-A-teamet på Haukeland, får fortvilte ungdommar ein ny kvardag. Frå 75 prosent som sjølvskadar før dei byrjar kurset, er 96 prosent skadefrie når dei går ut.
Grep mot overforbruk av radiologiske tenester15.5.2025 13:00:51 CEST | Pressemelding
Talet på radiologiske undersøkingar aukar i Noreg, og mange pasientar blir undersøkt utan at det er nødvendig. Ved å redusere berre ein type unødig undersøking, kan vi frigjere kapasiteten til 15 MR-maskinar på eitt år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom