Bedre risikovurdering for sjøfart i Arktis
24.4.2020 18:30:00 CEST | Kystverket | Pressemelding

I Arktiske strøk eksisterer farar som ein stort sett ikkje finn i andre område. Risikomomenta er for eksempel sjøis, hurtig endring i vêrforhold og store avstandar til assistanse og beredskapsressursar. For å unngå uønska hendingar som kan gi tap av menneskeliv, forureining eller materielle skader, er det difor avgjerande at alle som opererer i dette enorme området tar gode førehaldsreglar. Dei treng å gjere gode risikoanalyser for å forstå korleis desse Arktis-spesifikke risikoane kan påverke operasjonane.
Sikkerheit til sjøs
Slike risikoanalyser har fram til no vore basert på informasjon om generelle forhold og risikofaktorar frå andre farvatn i verda. Det har ikkje vore tilstrekkeleg. Kystverket jobbar både nasjonalt og internasjonalt for stadig betre sikkerheit til sjøs. Kystverket tok difor initiativ til å utvikle retningslinjer og ei verktøykasse for å kunne gjere betre spesifikke risikoanalyser for Arktis.
- Vi har hatt som mål å forenkle arbeidet med å utføre risikoanalyser for Arktis. Det ville vi gjere ved å skape ei felles plattform der dei unike Arktiske risikofaktorane er med, fortel seniorrådgivar og prosjektleiar for Kystverket, Trine Solevågseide.
- Forståing for korleis vêr, temperatur og havstrømmar påverker isen er veldig viktig for sikker sjøfart i desse områda. Vi ville óg gjere risikoanalyser for Arktis lettare å samanlikne. Desse retningslinjene vil bidra til det.
Internasjonalt samarbeid
Arktisk Råd er det leiande mellomstatlege forumet for å fremme samarbeid, koordinering og interaksjon mellom dei Arktiske statane, urfolk og andre arktiske innbyggarar. For å få med flest mogleg av dei andre Arktiske statane i arbeidet vart prosjektet lagt inn under Arktisk Råd si arbeidsgruppe “Emergency Prevention, Preparedness and Response” (EPPR). EPPR er ei av seks arbeidsgrupper i Arktisk Råd.
Arbeidet starta opp i 2017. Kystverket har leia prosjektet og retningslinjene har no vorte publisert. Dei inneheld beste metodar og datakjelder for å utføre risikoanalyser for region eller heile området relatert til skipstrafikk og operasjonar i Arktis. Retningslinjene er mynta på alle som er involvert i eller ansvarlege for å optimalisere risikohandtering for å forhindre tap av liv og akutt miljøskade i den arktiske regionen. Dette inkluderer myndigheiter og statlege organisasjonar som har myndigheit til å implementere beredskapstiltak, mellomstatlege og ikkje-statlege organisasjonar (NGO) og konsulentar. Retningslinjene adresserar også meir operasjonelle aspekt som kan vere relevant for andre brukarar; som for eksempel shipping-selskap.
Skal teste ut det nye verktøyet
Retningslinjene er basert på risikohandteringsprosessen definert I ISO 31000:2018. Den brukar dei seks stega i risikohandteringsprosessen, med nokre tilpassingar for å fange opp dei arktiske risikofaktorane.
- Kystverket vil no hauste erfaring og få tilbakemeldingar på nettløysinga der retningslinjene er presentert før vi vurderer vidare steg i arbeidet. Nettløysinga er eit heilheitleg verktøy og ei god byrjing på det som i framtida kan munne ut i ei risikoanalyse for heile Arktis, seier Trine Solevågseide i Kystverket.
Noreg har finansiert arbeidet. DNV GL har vore innleigd som konsulentar.
Nøkkelord
Kontakter
Trine Beate Solevågseide,
prosjektleiar, Kystverket
trine.solevaagseide@kystverket.no
Tlf. 99 60 98 14
Bilder

Lenker
Om Kystverket
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.
Følg pressemeldinger fra Kystverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kystverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kystverket
Dypvannskaia i Mo i Rana er snart ferdig29.6.2026 13:29:31 CEST | Pressemelding
Etter over to år med omfattende anleggsaktivitet nærmer den nye dypvannskaia i Mo i Rana seg ferdigstillelse. Samarbeidsprosjektet mellom Kystverket og Rana kommune går nå inn i sin avsluttende fase.
AF Gruppen får kontrakten for bygging av Stad skipstunnel26.6.2026 16:51:38 CEST | Pressemelding
Kontrakten på totalentreprisen for Stad Skipstunnel har en verdi på ca. 5,6 milliarder kr eks. mva. og skal signeres i august. Byggestart er planlagt tidlig i 2027.
Kystverkets rapport Status 2026 gir betre grunnlag for strategiske val langs kysten22.6.2026 11:22:43 CEST | Pressemelding
I Status 2026 samlar Kystverket kunnskap om utviklinga langs norskekysten og gjer denne kunnskapen meir tilgjengeleg både for fagmiljø og andre interesserte. Målet er å gjere det enklare å forstå kva som skjer på sjøen og langs kysten – og kva det betyr for samfunnet.
Styrker fiskerihavnene – over 83 millioner kroner til nye tiltak18.6.2026 13:33:00 CEST | Pressemelding
Kystverket gir nå tilsagn om mer enn 83 millioner kroner til syv kommunale fiskerihavnetiltak, der nesten halvparten av midlene går til Øksfjord fiskerihavn. Tiltakene skal bidra til økt aktivitet og verdiskaping i fiskerinæringen. Gode fiskerihavner er viktig for videre utvikling i kystsamfunn langs kysten.
Stort løft for sjømerkingen mellom Farsund og Kristiansand11.6.2026 11:28:46 CEST | Pressemelding
Kystverket er i gang med et større arbeid for å bedre sikkerheten til sjøs i farleden mellom Kristiansand og Farsund. Nå bygges et nytt sjømerke i Ullerøysundet, og oppdraget er tildelt FS Mur.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
