UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Bakteriar i bøttevis må til for å undersøkja dei hemmelegheitsfulle vesiklane

Del
Vesiklar er små «pakker» som bakteriar sender ut. Dei har potensial til å bli brukt i vaksinar, men då må forskarane undersøkja kva dei inneheld. Det er lettare sagt enn gjort.
To ulike vesiklar, ein med enkel membran (kvit pil) og ein med dobbel (svart pil). Foto: Petter Langlete
To ulike vesiklar, ein med enkel membran (kvit pil) og ein med dobbel (svart pil). Foto: Petter Langlete

Alle bakteriar er omslutta av biologiske membranar. I dei rette omstenda sender dei ut små delar eller «pakker» av membranen. Desse «pakkene» heiter vesiklar og har dei siste tiåra vore gjenstand for forsking med tanke på å utvikla nye vaksinar.

– I motsetning til bakteriane er vesiklane døde og kan dermed ikkje infisera vertsorganismen. Og sidan membranen deira inneheld dei same stoffa som membranen til bakterien han kjem frå, er tanken at ein kan læra immunforsvaret å reagera på desse stoffa.

Det seier Petter Langlete, som 25. februar disputerer for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt, ved Universitetet i Oslo. Utgangspunktet hans var ein bakterie som forårsakar sjukdommar hjå fisk, men han enda opp med å forska på kolerabakterien i staden for.

– Det hadde reint praktiske årsaker, forklarar han. – Kolerabakterien formeirar seg raskt og kan leva i mange ulike habitat, så den er enklare å forska på. Eigenskapane vi ville undersøkja, er ikkje knytte til ein bestemt bakterie.

Som ei plastbøtte eller to

Langlete og kollegaene var ute etter å undersøkja kva genetisk informasjon vesiklane inneheld. Dersom dei til dømes transporterer genar for antibiotikaresistens, kan desse gena bli overført til andre bakteriar i vertsorganismen. Så gjestmild ynskjer ikkje verten å vera.

– Då vi skulle DNA-sekvensera vesiklane, måtte vi laga nye protokollar som eigentleg ikkje eksisterte. Det er ingen som har gjort akkurat slike undersøkingar tidlegare, seier Langlete.

– Ofte arbeider ein med bakteriekulturar mellom 5 og 200 milliliter. Men vesiklane er så små, og utgjer så liten del av ein kultur, at vi måtte ha bakteriekulturar i storleiken 10 til 20 liter.

Som ei plastbøtte eller to, altså. Langlete fortel at det høge volumet pressa kapasiteten til tilgjengeleg laboratorieutstyr, men dei kom i mål.

Bør ikkje brukast

– Så vidt eg veit, er vi dei fyrste som har gjort ei så grundig samanlikning av det genetiske innhaldet i bakterien og dei tilhøyrande vesiklane. Våre data gjev grunnlag for ganske mange potensielle undersøkingar.

I forlenginga av det arbeidet samanlikna dei òg dei isolasjonsmetodane som er eigna for store volum. Funna bør vera av stor interesse for andre forskarar på feltet.

– Fleire ulike metodar er beskrivne frå før, men berre kvar for seg. Ingen har samanlikna dei direkte tidlegare. Vi fann store forskjellar i kvaliteten på desse metodane. Ein av dei er så svak at den eigentleg ikkje bør brukast, seier Langlete.

Men meir seier han ikkje, sidan denne artikkelen ikkje er publisert endå.

Uskadeleggjort virus

Dei fyrste vesikkelbaserte vaksinane er alt på marknaden, og det er jo fint for oss. Men kva nytte har bakteriane av vesiklane? Det kostar jo biomasse å skilja dei ut, så då må det vera noko å tena kostnaden inn att på.

– Sjølv om ein har kjent til vesiklane frå 60-talet, var det fyrst i 90-åra at forskingsområdet tok av. Derfor er det mykje vi ikkje veit endå, men noko veit vi, fastslår Langlete.

Vesiklane kan til dømes fungera som forsvarsmekanisme. Sidan dei er mykje mindre enn bakterien sjølv, har dei meir overflate i forhold til volumet. Ved å bruka 10 prosent av biomassen til å laga vesiklar, vert det samla membran-arealet dobla.

– Det er membranen som vert angripen av virus, så ved hjelp av denne teknikken aukar bakterien sjansen for at viruset angrip ein vesikkel i staden for sjølve bakterien. Dermed vert det uskadeleggjort, sidan det sjølv stryk med i angrepet.

Immun plante

Favoritten til Langlete er ein bakterie som infiserer karplantar. Når den kjem inn i vassrøyra til ein ny plante, sender den ut vesiklar i førevegen som festar seg på innsida av røyra på stader der bakterien elles kunne ha festa seg. Dermed vert nye bakteriar tvinga til å spreia seg lenger i planten, og dermed aukar sjansen for at dei blir plukka opp av insekt og spreidd til neste plante.

– Det kulaste er at no er det dyrka fram ein plante med eit gen som hindrar denne parasitten å senda ut vesiklar, slik at planten er immun, seier Langlete.

– Dette er berre eit par av funksjonane til vesiklane. Det finst mange fleire, både som vi kjenner og som vi ikkje kjenner enno. I mikrobiologien er det slik at nesten alt du kan tenkja deg at nokon kan gjera, er det nokre små organismar som gjer.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

To ulike vesiklar, ein med enkel membran (kvit pil) og ein med dobbel (svart pil). Foto: Petter Langlete
To ulike vesiklar, ein med enkel membran (kvit pil) og ein med dobbel (svart pil). Foto: Petter Langlete
Last ned bilde
– Nesten alt du kan tenkja deg at nokon kan gjera, er det nokre små organismar som gjer, seier Petter Langlete.
– Nesten alt du kan tenkja deg at nokon kan gjera, er det nokre små organismar som gjer, seier Petter Langlete.
Last ned bilde

Lenker

Om UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Sem Sælands vei 24
0371 Oslo

22 85 56 00http://www.mn.uio.no/

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har ein lang og stolt tradisjon innan forsking og undervising i dei klassiske realfaglege disiplinane. Fakultetet si verksemd dekkjer også eit breitt spekter av tverrfagleg forsking og ligg i front i Europa på fleire område.

Følg våre forskingsnyheiter på Titan.uio.no, som også er på Facebook og Twitter, eller abonner på nyheitsbrevet.

Følg pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye