Avisomdeling kvar dag over heile landet også dei neste åra

Samferdselsdepartementet har kunngjort vinnarar av konkurransen om å levere abonnementsaviser i område utan eigne kommersielle avisbodnett.
Selskapet Aktiv Norgesdistribusjon AS er valt til å omdele aviser på laurdagar, medan Posten Norge AS er valt til leverandør av såkalla motsyklisk distribusjon på vekedagar. Motsyklisk inneber levering av abonnementaviser på dei vekedagene som ikkje posten blir levert. Frå 1. juli i år blir omdelingsfrekvensen for post halvert frå fem dagar i veka til annankvar dag, det vil seie tre dagar den eine veka og to dagar den neste.
Konkurranse verkar
I gjennomføringa av konkurransen har Samferdselsdepartementet følgt opp behandlinga i Stortinget av forslaget frå regjeringa til ny postlov, som blei lagt fram i april i fjor. I behandlinga i juni 2019 gjekk Stortinget inn for at Samferdselsdepartementet kan innføre distribusjon av aviser på dei dagane Posten ikkje skal levere post innafor ei totalramme på 255 millionar kroner per år for distribusjon. Resultatet av konkurransen blei eit årleg vederlag på i alt 165 millionar kroner – altså ein vesentleg lågare pris.
- Abonnentane vil få avisene sine akkurat som i dag, samstundes som staten kjøper avisomdeling rimeligare enn vi la til grunn då konkurransen blei utlyst. Konkurransen har altså vore bra for både avisabonnentane i distrikta og skattebetalarane. Dette viser at konkurranse verkar, seier samferdselsministeren.
Kontraktane varar fram til juni 2022 – med moglegheit for forlenging
Kontraktane vil gjelde frå 1. juli 2020 for distribusjon på vekedagar og frå 16. januar 2021 for laurdagsdistribusjon. Kontraktane med både Aktiv Norgesdistribusjon og Posten Norge varar ut juni 2022, med moglegheit for opp til to års forlenging.
Grunnen til at avtalen for laurdagsomdeling først trer i kraft til neste år, er at Samferdselsdepartementet har avtale med Easy2You om distribusjon av laurdagsaviser fram til 15. januar 2021.
Samferdselsdepartementet fekk inn førespurnad om å prekvalifesere tre selskap til konkurransen: Easy2You – Logistikk og Transport AS, Posten Norge AS og Aktiv Norgesdistribusjon AS. Alle tre selskapa var kvalifisert og blei invitert til å gi tilbod.
Karenstida på tildelinga er 10 dagar etter kunngjering av vinnande leverandørar.
Overgangsordning i periode med digital omstilling
Det statlege kjøpet av avisomdeling i område utan eigne avisbodnett er ei overgangsordning. Medan papiravisopplaget fell, er det stadig fleire som les nyhende på digitale plattformer. Etter forslag frå regjeringa har Stortinget løyvd midlar til digital omstilling i avisbransjen, slik at redaksjonane – ikkje minst lokalavisene – skal stå betre rusta den dagen staten ikkje lenger kjøper avisomdeling i område utan eigne avisbodnett. Medietilsynet administrerer ordninga med tilskot til omstilling.
Det statlege kjøpet av avisomdeling kjem til å dekkje om lag 15 prosent av papiravisopplaget i abonnement. Dei restarande abonnementsavisene blir levert ut av kommersielle avisbodselskap.
For fleire opplysningar – sjå:
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noBilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Nye kontrakter sikrer fortsatt levering av papiraviser til hele landet16.1.2026 14:32:46 CET | Pressemelding
– Alle som ønsker det, skal få lokalavisen på papir. Lokalavisen er fortsatt viktig for folks informasjonstilgang og ytringsfriheten, og for de redaktørstyrte medienes økonomi. Derfor fortsetter staten å kjøpe distribusjon til områder som ikke har kommersiell avisdistribusjon, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren held Jernbanetalen 202614.1.2026 11:21:48 CET | Pressemelding
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård held jernbanetalen for 2026 i Oslo måndag 19. januar hos Bane NOR. Etter talen blir det panelsamtalar om oppfølging av styringssignala frå samferdselsministeren og om kva som skal til for å gjere kundane fornøgde.
111 døde i trafikken i 20251.1.2026 06:30:00 CET | Pressemelding
2025 ble et mørkt år for trafikksikkerheten med 111 drepte på norske veier. Samferdselsministeren er bekymret for utviklingen, spesielt når det gjelder unge og myke trafikanter.
Vil etablere et nasjonalt kjøreseddelregister22.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Statens vegvesen og Politidirektoratet har, på oppdrag fra Samferdselsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet, utredet muligheten for å etablere et nasjonalt kjøreseddelregister.
Fortsetter arbeidet mot sosial dumping: Krav om kjøre- og hviletid og fartsskriver for varebiler18.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Regjeringen følger opp handlingsplanen mot sosial dumping i transportsektoren og vil innføre nye krav for nasjonal godstransport med varebiler fra 2,5 til 3,5 tonn. Fra 1. juli 2026, foreslår regjeringen at det blir krav om både kjøre- og hviletid og fartsskriver.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
