Askøypakken: Ny plan for finansiering skal sikre fylkesvegprosjekt
– Med dette framlegget legg vi opp til at alle prosjekta i Askøypakken kjem på plass. Men framover må dei lokale styresmaktene følgje retningslinjene for bompengefinansierte bypakkar. Dersom kostnadane aukar eller inntektene vert lågare, må dette handterast gjennom porteføljestyring. Då lyt ein kutte i prosjekta. Auka takstar eller forlenga innkrevjingsperiode ut over det som no ligg i forslaget til Stortinget, vil ikkje vere aktuelt, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Askøypakken omfattar 10 prosjekt og tiltak i fylkesvegnettet, i tillegg til ei ramme til kollektivtiltak. Bompengeinnkrevjinga starta opp hausten 2014, og skulle opphavleg halde fram til 2028. Stortinget har tidlegare slutta seg til pakken gjennom handsaming av Prop. 197 S (2012–2013).
Auka kostnader – lågare inntekter
Askøypakken har bidrege til ein vesentleg betre vegstandard, med betre framkome og trafikktryggleik på Askøy. Men fleire av prosjekta har vist seg å vere meir kostnadskrevjande enn det som først vart lagt til grunn. Samtidig har trafikken blitt lågare enn forventa, og med auka elbildel har òg gjennomsnittstaksten blitt redusert. Dette har gitt lågare bompengeinntekter, kjem det fram av forslaget som regjeringa la fram for Stortinget i dag.
For å finansiere alle dei planlagde prosjekta har Askøy kommune og Vestland fylkeskommune gått inn for å revidere finansieringsopplegget med auka bompengebidrag. Dei auka inntektene vil kome gjennom etablering av ein femte bomstasjon så snart som mogleg og utvida innkrevjingstid med fem år frå 2028, slik at innkrevjingsslutt no kjem ved utgangen av 2033.
Retningslinjene for bompengefinansierte bypakker opnar i utgangspunktet ikkje for å revidere finansieringsopplegget for å dekkje inn kostnadsauke og inntektssvikt. Slike pakkar skal styrast innanfor ei fastsett økonomiske ramme, og manglande finansiering må handterast gjennom kutt i prosjekt. Departementet har likevel valt å leggje avgjerande vekt på at det blei fatta lokale vedtak i saka før dei nye retningslinjene kom, og at desse føringane derfor ikkje skal ha tilbakeverkande kraft.
Bakgrunn: Askøypakken – 10 fylkesvegprosjekt
Utbygginga starta opp i 2015.
Fem vegprosjekt er fullførte:
• Fv. 563 Florvåg–Erdal (Fv. 563 Bakarvågen)
• Fv. 5246 Lindhaugen–Slettebrekka
• Fv. 562 Strusshamnkrysset
• Fv. 5254 Skansen (Kleppe)
• Fv. 563 Strømsnes–Hop
To prosjekt er starta opp:
• Fv. 5240 Skiftesvik–Marikoven
• Fv. 562 Lavik–Haugland
Tre prosjekt er ikkje starta opp på grunn av manglande finansiering:
• Fv. 5246 Slettebrekka–Hetlevik
• Fv. 562/5266 Fromeide–Kjerrgarden
• Fv. 5266 Fauskanger sør
Med det reviderte finansieringsopplegget ønskjer lokale styresmakter å fullføre dei fem påbegynte og attståande prosjekta. Det er også sett av ramme til kollektivtiltak på 284 millionar kroner i pakken.
For meir informasjon, sjå: Prop. 101 S – Revidert finansieringsopplegg for Askøypakken i Vestland
Nøkkelord
Bilder
Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Siste del av E6 Helgeland opna i dag – samla reisetid redusert med 40 minutt10.12.2025 15:04:52 CET | Pressemelding
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran opna i dag E6-strekninga mellom Svenningelv og Lien i Grane kommune, siste del av E6 Helgeland.
Samferdselsministeren jobber med tiltak for å redusere ulykkene på elsparkesykler2.12.2025 06:12:39 CET | Pressemelding
Antallet skader etter ulykker med elsparkesykkel i Oslo er nesten doblet sammenlignet med i fjor. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård er bekymret for utviklingen og varsler at han jobber med konkrete tiltak.
Snart får du lov til å kjøre drosje mellom Norge og Finland1.12.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
Fra 14. desember er det endelig mulig å kjøre drosje mellom Norge og Finland – uten å bytte drosje på grensen mellom de to landene.
Vil stoppe trafikkfarlige smeltevann fra fisketransport: Foreslår overtredelsesgebyr til både fører og transportforetak28.11.2025 09:01:33 CET | Pressemelding
Hvert år havner store mengder smeltevann fra fisketransport på norske veier. Dette skaper trafikkfarlige forhold og kan være skadelig for miljøet. Nå har Statens vegvesen sendt et forslag på høring som kan gi overtredelsesgebyr til både fører og transportforetak.
Godstransport på bane: Foreslår kompensasjon etter uføresette hendingar21.11.2025 11:49:00 CET | Pressemelding
Som følgje av at Raumabanen blei stengd for godstrafikk etter jordras tidlegare i år, foreslår Samferdselsdepartementet å kompensere godstogoperatørar for tap. Samferdselsdepartementet varslar også etablering av ei kompensasjonsordning som følgje av kvikkleireskredet ved Levanger på Nordlandsbanen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
