Arven etter Aasen komplett på nett
19.5.2022 12:48:41 CEST | Universitetet i Bergen (UiB) | Pressemelding

Norsk Ordbok er noko så unikt som ei dialektordbok og historisk ordbok i eitt, og no i mai finn du heile verket på nett, i første omgang som betaversjon.
Universitetet i Bergen overtok arbeidet med Norsk Ordbok frå Universitetet i Oslo i 2016, då var papirutgåva i 12 bind ferdigstilt. Det UiO-styrte prosjektet hadde i tillegg revidert ordbokartiklane med forbokstavar frå i til å, digitalisert dei, og gjort dei søkbare på nett.
Gyri Smørdal Losnegaard leier ordbokprosjektet ved UiB, og har i samarbeid med Høgskulen i Volda digitalisert den resterande delen av ordboka.
Søkbar frå a til å
– Ordbokartiklane som vi no har digitalisert og lagt ut på nett er alfabetstrekket a til h. Den delen har til no berre vore tilgjengeleg i bokform og var første gong gitt ut på papir i 1950 – altså for over 70 år sidan, fortel ho.
– Norsk Ordbok inneheld i prinsippet all mogleg informasjon om ord som har eksistert i det nynorske skriftspråket, og viser orda slik dei er i bruk i dag, og slik dei har vore brukt tidlegare. Ho viser altså utviklinga av skriftspråket over tid. I tillegg dokumenterer ho norsk talemål – dialektane våre – seier språkforskar og ordbokredaktør, Gyri Smørdal Losnegaard.
– Om du lurar du på korleis ein uttalar ordet mjølk rundt omkring i landet, finn du at ein seier mjalk på Hægebostad, mjøkk i Seljord og milk på Finnøy.
I ordboka står også betydninga av orda, nye og gamle uttrykk, ordsamansetjingar, bruksmåte, tidsfesting og geografisk lokalisering. Boka inneheld dessutan ei stor mengde litterære sitat som viser orda i bruk i den nynorske litteraturen.
Byggjer på arbeidet til Aasen
Norsk Ordbok har meir enn 330 000 oppslagsord og er det største ordbok-verket for norsk. Ho byggjer på mange måtar på arbeidet til Ivar Aasen som reiste rundt i landet, samla inn og systematiserte dialektane våre, og på den måten la grunnlaget for det nynorske skriftspråket. Det var Aasen som stod bak den først utgåva av ordboka som kom ut i 1873, medan arbeidet med ordboka slik vi kjenner ho i dag starta på 1930-talet.
– Før sat det informantar rundt omkring i heile landet, gjerne embetsfolk, som sende inn nye ord til boka, ord dei kunne dokumentere var brukt i lokalsamfunnet eller i litterære kjelder. Dei registrerte orda på eigne setlar og sende inn, og desse har vi fleire millionar av i arkiva våre.
I dag finst det i følgje Losnegaard mange entusiastar rundt i Noreg som kartlegg dialekta si og lagar eigne ordsamlingar. Redaksjonen mottek stadig slike, og legg dei til som kjeldegrunnlag for ordboka.
– Vi trur at ordboka har ei ganske stor målgruppe, og no når heile verket er tilgjengeleg på nettet, vert ho også mykje enklare å bruke, seier Losnegaard.
Ein ny milepæl for UiB
– Universitetet i Bergen er stolt over å vere «ordbok-universitetet» i Noreg. Det er eit stort og viktig ansvar å forvalte det norske språket, og på den måten kunne legge til rette for at norsk språk og kultur kan utvikle seg. Ordbøkene er på mange måtar berebjelken i eit felles språk, seier rektor Margareth Hagen.
– Ved å gjere heile Norsk Ordbok tilgjengeleg på nett har vi nådd ein ny milepæl. Det er gledeleg at språkbrukarar i heile landet no får tilgang til denne språkskatten som Norsk Ordbok utgjer.
FAKTA OM NORSK ORDBOK
- Norsk Ordbok (norsk-ordbok.no) er ei ordbok over det nynorske skriftspråket og dei norske dialektane.
- Ordboka vart utgitt i trykt form av Det Norske Samlaget, finansiert av Kulturdepartementet og Universitetet i Oslo.
- Ordboka er i tolv band og er den første vitskaplege ordboka som dokumenterer norsk språk.
- Arbeidet med Norsk Ordbok starta i 1930. Det første heftet kom ut i 1950, og første heile band var ferdig i 1966. Siste band kom i 2016.
- Ordboka inneheld over 300 000 ordartiklar.
- Fram til mai 2022 har berre ord på bokstavane i til å vore digitalisert.
- Dei eldste delane av ordboka, som dekkjer bokstavane frå a til h, er for første gong tilgjengeleg digitalt.
Meir informasjon om ordboka
Arven etter Aasen komplett på nett | Det humanistiske fakultet | UiB
Kontakter
Gyri Smørdal Losnegaard
e-post: gyri.losnegaard@uib.no
mobil: 48 00 17 16
Bilder


Om Universitetet i Bergen (UiB)
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Både syke og friske lunger inneholder gener som fører til antibiotikaresistens31.3.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Gener som gjør bakterier motstandsdyktige mot antibiotika, finnes ikke bare hos personer med lungesykdom, men også hos lungefriske. Det viser en ny studie fra Universitetet i Bergen.
Regjeringen har besluttet konsept for byggeprosjektet UiB Realfaghøyden27.3.2026 09:06:24 CET | Pressemelding
Utfordringene Norge står ovenfor trenger en ekstraordinær satsing på realfag og teknologi. Universitetet i Bergen er glade for at regjeringen nå stiller seg bak det store byggeprosjektet UiB Realfaghøyden.
Charalampos Tzoulis får Hjernerådets forskningspris 202624.3.2026 09:00:00 CET | Pressemelding
Charalampos Tzoulis, professor ved Universitetet i Bergen og overlege ved Nevroklinikken, Haukeland universitetssykehus, er tildelt Hjernerådets forskningspris 2026 for sin fremragende forskning på Parkinsons sykdom og relaterte hjernesykdommer.
Eksperter fra UiB: Påske23.3.2026 11:11:24 CET | Pressemelding
UiB har eksperter som kan kommentere ulike tema knyttet til påskefeiringen.
Får Holbergprisen for forskning på hekser, makt og menneskesinn.17.3.2026 09:20:00 CET | Pressemelding
(Bergen, 17. mars 2026) Det ble i dag kunngjort at Holbergprisen 2026 tildeles Lyndal Roper for hennes banebrytende historieforskning.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
