Allmennkringkastingsrapporten for 2019: NRK har fortsatt for lite nynorsk på nett, men oppfyller alle dei andre krava
19.6.2020 10:00:05 CEST | Medietilsynet | Pressemelding
Som offentleg finansiert allmennkringkastar skal NRK sikre heile befolkninga tilgang på eit breitt og kvalitativt godt medietilbod, og dermed bidra til å styrke det norske mediemangfaldet. Medietilsynet har ansvar for å kontrollere at NRK fyller dei ulike krava og har konkludert med at allmennkringkastaren leverte på dei aller fleste områda i 2019.
Berre eitt brot i 2019
– NRK hadde eit solid og variert tilbod i 2019 som bidrar positivt til det norske mediemangfaldet, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet. Medietilsynet har konkludert med NRK fylte alle krava så nær som eitt i fjor, nemleg kravet til 25 prosent nynorsk på nett.
– NRK har auka nynorskdelen dei siste par åra, og oppfylte i 2019 kravet både på radio og TV. Også på nett har nynorskdelen auka, men med 18 prosent er NRK framleis eit godt stykke unna kravet på minimum 25 prosent, seier Velsand.
For første gong på tre år oppfylte NRK i 2019 kravet om jamlege program for unge på dei samiske språka, gjennom eit dagleg, direktesendt radioprogram for ungdom. NRK har også daglege program for barn og resten av den samiske befolkninga og program for nasjonale og språklege minoritetar.
– NRK har ei viktig oppgåve med å styrke dei samiske språka og samisk identitet og kultur. Medietilsynet er glad for at også ungdom no har fått eit jamleg tilbod på samisk, seier Velsand.
Styrker mediemangfaldet gjennom samarbeid
NRK skal fremme den offentlege samtalen og gi befolkninga laupande oppdatert og fordjupande informasjon. Medietilsynet meiner at NRK hadde ei brei og balansert dekning av kommune- og fylkestingsvalet i 2019 både lokalt, regionalt og nasjonalt. I dekninga av valkampen samarbeidde NRK også med andre mediehus regionalt og lokalt, blant anna om folkemøte og debattar.
– I 2019 bidrog NRK til å styrke mediemangfaldet i Noreg også gjennom å legge til rette for samarbeid med andre medieaktørar, både i samband med valet og gjennom andre journalistiske samarbeidsprosjekt, seier Velsand.
NRK er til stades regionalt i alle fylke
I tillegg til eit breitt nasjonalt og internasjonalt nyheits- og aktualitetstilbod og løpande nyheiter på radio, TV og nett, produserer NRK eigne nyheitsprogram for ulike aldersgrupper, blant anna Supernytt for barn, N17 og P3nyheter for ungdom.
NRK har også eit særleg ansvar for å reflektere det geografiske mangfaldet i Noreg og skal vere til stades i alle fylke. I 2019 tilpassa NRK distriktskontorstrukturen til den nye fylkesinndelinga som gjeld frå 2020. NRK har no fast nærvær 43 stader i landet.
Medietilsynets vurdering av eit utval av krava til NRK
- NRK bidrar til mediemangfaldet i Noreg gjennom å oppfylle allmennkringkastingsoppdraget sitt. Oppdraget til NRK er utforma for å sikre eit breitt og kvalitativt godt tilbod som skal vere tilgjengeleg for heile befolkninga.
- Det samla tilbodet til NRK i 2019 hadde høg kvalitet og ei stor breidde i tematikk og sjangrar. NRK hadde eit solid innhaldstilbod som er ei kjelde til innsikt, refleksjon, oppleving og kunnskap.
- NRK har eit breitt nyheits- og aktualitetstilbod, ei rekke debattprogram og faste program som forklarer nyheitsbildet og set det inn i ein større samanheng. NRK hadde ei brei dekning av kommune- og fylkestingsvalet i 2019.
- NRK oppfyller krava til lokalt nærvær og lokal innhaldsproduksjon, og har distriktssendingar alle kvardagar.
- NRK oppfyller kravet om å ha eit tilbod til både breie og smale grupper i befolkninga og tilbod som appellerer til ulike aldersgrupper. NRK har også sendt program for nasjonale og språklege minoritetar i 2019.
- NRK har eit breitt tilbod til syns- og høyrselshemma, og arbeider systematisk og godt med universell utforming av innhaldstilbodet sitt.
- NRKs sportssendingar dekker både breidda i norsk idrettsliv og store idrettshendingar, inklusive idrettsutøvingane til dei funksjonshemma.
- NRK har eit breitt og variert kulturtilbod og oppfyller dei ulike krava knytte til formidling av norsk drama og ein variasjon av norske kulturuttrykk.
- NRK oppfyller kravet til å spegle den religiøse arven i Noreg og eit mangfald av livssyn og religionar i det norske samfunnet.
- NRK oppfyller krava om å spele minst 40 prosent norsk musikk i NRK P1 og NRK P3 med god margin, og delen norsk musikk i NRK P2 ligg med 39,6 prosent marginalt under kravet.
- NRK oppfyller krava til at allmennkringkastingstilbodet skal vere reklamefritt og at NRK skal utvise særleg varsemd med å tilby innhald som utset publikum for kommersielt press, særleg i program retta mot barn og unge.
Nøkkelord
Kontakter
Nina BjerkeRådgiver, avdeling for kommunikasjon, rådgivning og analyse
Tel:41934154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder
Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Medietilsynet forlenger innholdskonsesjonene på FM ut 203110.9.2026 10:42:21 CEST | Pressemelding
Medietilsynet vil så snart som mulig, og senest innen årsskiftet, forlenge lokalradioenes innholdskonsesjoner på FM frem til 31.12.2031.
Søk om støtte til forsking på medier og dataspill27.8.2026 11:26:29 CEST | Pressemelding
Medietilsynet opnar no for søknader om midlar til medierelaterte forskingsprosjekt.
Gutter og jenter møter ulike verdener i sosiale medier12.8.2026 08:45:00 CEST | Pressemelding
Jenter er mer eksponert for innhold om livsstil, mote, skjønnhet og mental helse, mens gutter i større grad ser innhold om gaming, idrett og nyheter. Det viser en analyse fra Medietilsynet av ungdommers feeder på TikTok og YouTube.
Over halvparten tar nyhetspauser11.8.2026 10:45:00 CEST | Pressemelding
55 prosent av de mellom 25 og 67 år tar bevisste pauser fra nyhetene, viser en ny undersøkelse fra Medietilsynet. For noen dreier det seg om kortere pauser, mens 12 prosent kobler seg av mer varig.
Barn og medier 2026: Tydelige kjønnsforskjeller i tenåringenes mediebruk10.8.2026 14:58:00 CEST | Pressemelding
Fra barna blir tenåringer, er deres digitale hverdag preget av betydelige kjønnsforskjeller, viser Medietilsynets undersøkelse Barn og medier 2026. Dette gjelder både bruk av teknologi, type digitale aktiviteter og hva slags innhold ungdommene ser og følger.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
