Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse  (HK-dir)

900 vaksne får hjelp på vegen mot fagbrev

Del

Totalt vil det bli arrangert 90 kurs over heile landet. Til saman blir det delt ut 20 millionar kroner for å kunne førebu vaksne på å ta eit fagbrev. Rogaland, Trøndelag og Agder er dei fylka som får mest midlar.

–For oss i Hogst er det eit kjempestort pluss å kunne tilby våre tilsette moglegheita til å kunne ta fagbrev, seier dagleg leiar Vegard Nytrø. Foto Bennett
–For oss i Hogst er det eit kjempestort pluss å kunne tilby våre tilsette moglegheita til å kunne ta fagbrev, seier dagleg leiar Vegard Nytrø. Foto Bennett

Mange av dei som skal delta på kurs har lang arbeidserfaring, men treng å styrke dei grunnleggande ferdigheitene sine for å kunne ta fagbrev. Verksemder og tilbydarar har i samarbeid søkt om pengar gjennom fagopplæring i Kompetansepluss. Ordninga skal bidra til at vaksne får naudsynt kompetanse til å meistre stadig nye kompetansekrav og hurtig omstilling i arbeidslivet. 

–  Grunnleggande ferdigheiter er viktig, også for dei som har vore mange år i arbeidslivet. Målet er å gje kursdeltakarane den kompetansen dei treng for å ta fagbrev som praksiskandidat. Dette vil gjere at dei sikrar framtida si i arbeidslivet og kan stå lenger i jobb. Vi ser at arbeidsgjevarar heile tida stiller høgare krav til formell kompetanse og då blir det viktig å ha fagbrev i mange yrker, seier direktør Sveinung Skule i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. 

Kompetansepluss fagopplæring blei lansert som ei prøveordning i Kompetansepluss arbeid i 2018. Ordninga gir deltakarane opplæring i grunnleggande ferdigheiter som lesing, skriving, rekning, munnleg, ikt, norsk eller samisk kombinert med fagopplæring, medan dei er i jobb. Målgruppa for ordninga er vaksne arbeidstakarar med låg formell utdanning, men lang erfaring innan sitt fag. Gjennom ordninga får dei høve til å ta fagbrev som praksiskandidat.  

De om lag 90 kursa i år er fordelt på mange fagområde som bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, sal, service, reiseliv, teknologi- og industrifag. I år er fleire nye fag med, som fagoperatør i plastfag, skogsoperatør, blomsterdekoratør, vaskerioperatør og kjøtskjerar.  

– Vi ser at det er søkt mot fleire nye fag i år, og det er veldig gledeleg at ordninga med fagopplæring i Kompetansepluss når ut til stadig nye grupper i alle fylke. Kompetanseheving med fagbrev er ei viktig investering i enkeltmenneske. For nokre kan det vere inngangsbilletten til arbeidslivet. Som samfunn tener vi på at flest mogleg klarar å stå i jobb lengst mogleg, seier Skule. 

Ny og verdig start gjennom fagbrev 

Ein av dei som mottek midlar i år, er selskapet Hogst AS frå Trøndelag. Dei hjelper tidlegare straffedømte som vil endre livet sitt ved å tilby dei opplæring og fast arbeid som skogsarbeidarar. Ordninga er ein del av Nettverk etter soning. Gjennom å kome i jobb, får dei moglegheit til å legge kriminalitet og rusproblem bak seg. Selskapet er en synleg fargeklatt innan skogsdrift i Midt-Noreg. På kundelista står fleire energiselskap som Statkraft og Tensio, Nortømmer og Trondheim Kommune, i tillegg til byggentreprenøren HENT. Selskapet har i dag 8 tilsette. No får dei høve til å tilby fagopplæring gjennom ordninga Kompetansepluss til de tilsette.  

– Vi rekrutterer heilt utan kriterium, og helst folk som har «hol i CV-en» og som manglar formell kompetanse. I målgruppa vi rekrutterer frå, er det 60 prosent som ikkje har fullført grunnskole. Det seier seg sjølv at det er små moglegheiter for denne gruppa til å kome seg vidare, dei får verkeleg kjenne på utanforskap både i arbeidslivet og i samfunnet elles, seier dagleg leiar i Hogst, Vegard Nytrø. Han har sjølv mange års erfaring frå kriminalomsorga.  

Selskapet tilbyr mange kurs til dei tilsette, og undersøkte derfor kva meir de kunne gjere for at dei tilsette skulle kome seg vidare i livet. Løysninga blei å tilby dei fagopplæring gjennom Kompetansepluss.  

–Mange av våre tilsette har ingen dokumentasjon på at de kan noko. Dei begynner helt frå start i arbeidslivet som vaksne. For oss er det eit kjempestort pluss å kunne tilby dei moglegheita til å kunne ta fagbrev. Dette fordi fagbrev er etterspurt over alt i arbeidslivet, seier Nytrø.  

No kan de tilsette sjølv byggje kompetansen sin vidare, dei kan svare på jobbannonsar, og dei får ein CV med fagbrev på. 

–Som leiar trur eg dette blir starten på et verdig arbeidsliv for den enkelt tilsette. For oss som selskap betyr det at vi blir oppfatta som ein seriøs aktør, og det er ein stor fordel å ha tilsette med fagbrev når vi skal delta i anbodsprosessar, opplyser Nytrø.  

Eit vendepunkt i livet 

«Thomas» er ein av de tilsette i Hogst som no skal få ta fagbrev. Av omsyn til barn og familie ønskjer han ikkje å stå fram med det eigentlege namnet sitt. Han gjekk tidlegare på yrkesskule, og skulle ta fagbrev då livet kom i vegen. «Thomas» nærmar seg 40, og bak seg har han 20 år med kriminalitet og rus, og 4 av desse åra sat han i fengsel. Resultatet er eit stort hol i CV-en. Men den siste gangen før han skulle i fengsel skjedde noko som endra alt. 

– Eg blei far rett før eg skulle inn til soning, og sto ved eit vendepunkt. Dette gjorde meg bestemt på å legge om livet heilt. Eg fekk høyre om Hogst i fengselet, og fekk tilbod om jobb etter soning, fortel «Thomas».  
I desember 2020 slapp han ut frå soning, og kunne starte rett i ny jobb. No har denne jobben ført til at han får moglegheita til å kunne ta fagbrev.  

–Dette er ei fantastisk moglegheit for meg personleg, og for alle andre som jobbar her. Slik kan selskapet vise til framdrift, samstundes som dei hjelper oss tilsette vidare i livet. Fagbrev betyr mykje for å kunne søkje jobbar i framtida. For meg er dette ei utruleg positiv oppleving. Det betyr mykje for meg å kunne hente sonen min i barnehagen i arbeidskle, og at han kan sjå at pappa går på jobb. No gler eg meg på sikt til å vise han fagbrevet mitt også, seier «Thomas».

Tal på kurs og midlar fordelt på fylker 

Fylker Antall kurs Beløp
Agder 14 2.700.000
Innlandet 3 1.150.000
Møre og Romsdal 9 1.725.000
Nordland 5 1.350.000
Oslo 10 2.250.000
Rogaland 12 2.850.000
Troms og Finnmark 4 1.050.000
Trøndelag 13 2.775.000
Vestfold og Telemark 10 2.225.000
Vestland  3 675.000
Viken 7 1.575.000

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

–For oss i Hogst er det eit kjempestort pluss å kunne tilby våre tilsette moglegheita til å kunne ta fagbrev, seier dagleg leiar Vegard Nytrø. Foto Bennett
–For oss i Hogst er det eit kjempestort pluss å kunne tilby våre tilsette moglegheita til å kunne ta fagbrev, seier dagleg leiar Vegard Nytrø. Foto Bennett
Last ned bilde
–Kompetanseheving med fagbrev er ei viktig investering i enkeltmenneske. Som samfunn tener vi på at flest mogleg klarer å stå i jobb lengst mogleg, seier direktør Sveinung Skule i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
–Kompetanseheving med fagbrev er ei viktig investering i enkeltmenneske. Som samfunn tener vi på at flest mogleg klarer å stå i jobb lengst mogleg, seier direktør Sveinung Skule i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Last ned bilde
Hogst AS hjelper tidlegare straffedømte som vil endre livet sitt ved å tilby dem opplæring og fast arbeid som skogsarbeidarar. No får dei høve til å ta fagbrev. Foto Bennett
Hogst AS hjelper tidlegare straffedømte som vil endre livet sitt ved å tilby dem opplæring og fast arbeid som skogsarbeidarar. No får dei høve til å ta fagbrev. Foto Bennett
Last ned bilde

Om Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse  (HK-dir)
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Postboks 1093
5809 Bergen

55 30 38 00http://www.hkdir.no
  • Kompetansepluss er ei tilskotsordning for opplæring i grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving, rekning, munnleg, ikt og norsk eller samisk. Verksemder og frivillige organisasjonar kan søke om midlar gjennom ordninga. 
  • Kompetansepluss fagopplæring kombinerer dette med fagopplæring, sånn at deltakarane blir  betre rusta til å ta fagbrev som praksiskandidatar.  
     
  • All opplæring skjer i bedrifta. 
     
  • Praksiskandidatordninga er en dokumentasjonsordning for personar som har minimum 5 års erfaring innan eit fagområde. Det inneber at dei ikkje treng noko form for opplæring før dei går opp til fagprøva. 
     
  • Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har ansvaret for ordninga, inkludert å lyse ut og fordele midlane. I år fekk de 75 søknader til ordninga. Av disse er 57 kvalifisert. 

 Oversikt over de som har fått tildelt midlar ligg på www.kompetansenorge.no/tildelinger 

 

Følg pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom