Sector Alarm

7 av 10 nordmenn trur det er nok å låse dørene når dei reiser vekk

Del
Sommarferien er høgtid for vinningskriminelle. Sjølv om vi no byrjar reise att, viser undersøkingar at nordmenn flest likevel ikkje har planar om å sikre bustaden sin når dei fer på sommarferie. – Det er lite gjennomtenkt, seier Runar Karlsen i NHO Service og Handel.
Det siste året har vore prega av stengde grenser, og det har vore utruleg effektivt mot utanlandske vinningskriminelle. Samstundes reknar vi med å sjå meir av denne typen kriminalitet når grensene opnar att, forklarer Tonje Reiten, leiar for avdelinga for spesiell innsats i Oslo politidistrikt.
Det siste året har vore prega av stengde grenser, og det har vore utruleg effektivt mot utanlandske vinningskriminelle. Samstundes reknar vi med å sjå meir av denne typen kriminalitet når grensene opnar att, forklarer Tonje Reiten, leiar for avdelinga for spesiell innsats i Oslo politidistrikt.

Ei undersøking som YouGov har utført på vegner av Sector Alarm, viser at dei aller fleste ikkje har tenkt å gjere anna enn å låse døra når dei fer på ferie. Inge Svendsen, tryggleiksekspert i Sector Alarm, påpeiker at resultata av undersøkinga ber preg av at vi har vore mykje heime det siste året.

– Det er likevel viktig å tenke på at dette kan bli ei utfordring no som vi byrjar reise att, seier Svendsen.

– Aktørane som står bak grove tjuveri frå bustader er ofte norske vinningskriminelle eller profesjonelt organiserte miljø frå utlandet. Det siste året har vore prega av stengde grenser, og det har vore utruleg effektivt mot utanlandske vinningskriminelle. Samstundes reknar vi med å sjå meir av denne typen kriminalitet når grensene opnar att, forklarer Tonje Reiten, leiar for avdelinga for spesiell innsats i Oslo politidistrikt.

Ventar ein auke i innbrotsstatistikken

– Det at statistikken for innbrot gjekk ned i fjor har blitt ei sovepute for oss, og vi tek det litt som ei sjølvfølgje at dette vil halde seg nede. Vi kan nok vente ein auke i statistikken når grensene opnar att for fullt, og det er det viktig at alle har eit medvite forhold til, understrekar Runar Karlsen, bransjedirektør for tryggleik og beredskap i NHO Service og Handel.

Ole Irgens, kommunikasjonssjef i Tryg Forsikring, forklarer at hovudårsaka til reduksjonen i talet på innbrot skuldast at stadig fleire har installert bustadalarm og blitt betre til å følgje skadeførebyggjande råd om å sikre heim og verdigjenstandar når dei fer på ferie.

– Vi ser at tjuvane går etter lett omsettelege verdigjenstandar som mellom anna smykke, PC-ar, mobiltelefonar og annan forbrukselektronikk, i tillegg til syklar og hageutstyr som utemøblar og grillar. Dyre klede er òg attraktive, fortel Irgens.

Bustaden er ikkje «heime åleine» når teknologiske tryggleiksløysingar passar på

– Å ha bustadalarm opnar opp mange moglegheiter, og desse blir ikkje tilstrekkeleg utnytta. Med bustadalarm får du også brannalarm, slik at både brann og innbrot blir fanga opp tidleg av alarmstasjonen. Bustadalarmen har dessutan ein førebyggjande effekt, og vi ser at kriminelle føretrekkjer bustader utan alarm, forklarer Karlsen.

– Du kan sjå på det som at bustaden ikkje er heime åleine når du har teknologiske tryggleiksløysingar som passar på.

Inge Svendsen i Sector Alarm fortel at kundane føler seg tryggare når dei har bustadalarm.

– Sector Alarm har ein døgnbemanna alarmstasjon som følgjer med og rykkjer ut dersom det skjer noko hos kundane. Det betyr at dei ikkje treng å bekymre seg medan dei er på ferie.

– Å få vennar og kjende til å passe bustaden for deg er ikkje ei fullverdig løysing

Sjølv om Noreg er på topp i Europa når det gjeld å ha bustadalarm, viser undersøkinga at talet på nordmenn som får vennar og kjende til å passe på bustaden sin når dei er vekke, er høgare enn talet på husstandar som har alarm.

– Det er ikkje ei fullverdig løysing å få vennar og kjende til å passe bustaden for deg, då desse ikkje har høve til å vere til stades heile tida. I tillegg kan det skape farlege situasjonar om ein av dei faktisk skulle ende opp med å overraske innbrotstjuvar, poengterer Runar Karlsen i NHO Service og Handel.

Med ein bustadalarm blir innbrotstjuvar oppdaga raskare, og alarmovervaking kan bidra til oppklaring av denne typen kriminalitet.

– Vi må alle dra lasset saman ved å dokumentere og raskt rapportere tjuveri. Det å kunne slå fast nøyaktig tidspunkt og gi ei detaljert beskriving av hendinga er viktig for oppklaringa av saka. Samstundes har det ein viktig førebyggjande effekt at slike saker blir oppklarte og dermed assosierte med ein risiko, avsluttar Tonje Reiten i Oslo-politiet.

Slik sikrar du bustaden din

  • Sørg for at alle vindauge og dører er låste før du reiser vekk. Ikkje gløym å lukke og låse garasjen og buer.
  • Fjern eller lås stigar som kan gjere det enklare for nokon å bryte seg inn.
  • Legg søppel i søppelkassa og be naboen om hjelp til å ta inn posten og vatne blomar.
  • Ikkje skriv på sosiale medium at du har reist vekk. Ver forsiktig med å leggje ut bilete av at du er på ferie, med mindre du har ein lukka profil og oversikt over alle som følgjer deg.
  • Viss du har alarm, så hugs å bruke han!
  • ID-merking av verdigjenstandar verkar avskrekkande på tjuvar.
  • Meld frå til politiet dersom du finn kvistar, lappar eller liknande på eller ved utgangsdøra. Kriminelle bruker ofte dette for å spore om bebuarane er heime.
  • Unngå å forlate heimen heilt mørk og med alle gardiner dregne for. La lys stå på og kople dei gjerne til ein tidsbrytar. Du kan då stille dei inn slik at dei blir skrudde av og på til bestemte tider.
  • Installer sensorar for å slå på utelamper når nokon beveger seg utanfor bustaden din.
  • Merk alle dører og vindauge med «Heimen er sikra med alarm».

Kontakter

Bilder

Det siste året har vore prega av stengde grenser, og det har vore utruleg effektivt mot utanlandske vinningskriminelle. Samstundes reknar vi med å sjå meir av denne typen kriminalitet når grensene opnar att, forklarer Tonje Reiten, leiar for avdelinga for spesiell innsats i Oslo politidistrikt.
Det siste året har vore prega av stengde grenser, og det har vore utruleg effektivt mot utanlandske vinningskriminelle. Samstundes reknar vi med å sjå meir av denne typen kriminalitet når grensene opnar att, forklarer Tonje Reiten, leiar for avdelinga for spesiell innsats i Oslo politidistrikt.
Last ned bilde

Om Sector Alarm

Sector Alarm
Sector Alarm
Postboks 113 Grefsen
0409 Oslo

915 03033http://www.sectoralarm.no

Sector Alarm ble etablert i Norge i 1995 og har siden den gang utviklet seg til å bli det nest største alarmselskapet i Europa. Selskapet leverer trygghet til sine kunder gjennom alarmløsninger til boliger og bedrifter.
Sector Alarm, som har hovedkontor i Oslo,  har mer enn 650 000 kunder, og over 3500 medarbeidere i Norge, Sverige, Irland, Finland, Spania, Italia, Portugal og Frankrike.

Følg pressemeldinger fra Sector Alarm

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sector Alarm på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sector Alarm

Vinningskriminalitet og boliginnbrudd forventes å øke til normaltilstander med åpne grenser: – Innbruddstyver vil inn i hus hvor det ikke er folk19.7.2022 11:43:26 CEST | Pressemelding

Rekordmange nordmenn skal til utlandet på sommerferie i år, melder flyselskaper og reiseselskaper. Med åpne grenser og et samfunn tilbake til normalen, forventer Politiet at boliginnbrudd vil øke til samme nivå som før koronatiden. Tyverier fra boder, garasjer og hager ser også ut til å bli et stadig større problem.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye