Kulturdirektoratet

Kulturrådet gir 4,9 millionar til 21 kulturnæringsaktørar

Del
21 søkjarar har fått 4,9 millionar kroner til nettverk og samlokalisering frå Kulturrådets støtteordning for kulturnæringar.
Kongsberg Jazzfestival har fått støtte til samlokalisering. Foto: Thomas Hegna/Kongsberg Jazzfestival
Kongsberg Jazzfestival har fått støtte til samlokalisering. Foto: Thomas Hegna/Kongsberg Jazzfestival

Støtteordninga har som føremål å styrke kulturnæringsaktørar gjennom ulike former for samlokalisering og nettverk. Det kom inn 85 søknader til søknadsfristen. Om lag 25 prosent av søkjarane fekk støtte på mellom 100 000 og 425 000 kroner, til saman 4,9 millionar.

- Det var ei vanskeleg prioritering mellom mange gode søknader, seier seniorrådgjevar Per Olav Torgnesskar i Kulturrådet. - Dette er det andre året vi lyser ut midlar til kulturnæringar, og det er tydeleg at kunnskapen om kva ein kan søkje om på ordninga har blitt større.

Her finn du ei oversikt over alle prosjekta som har fått støtte

Næringshagar og fashionhub

Prosjekta som har fått støtte femnar vidt og blant mottakarane finn vi eit motenettverk i Oslo, ei mentorordning for kunstnarar i Telemark og eit filmverft i Tromsø.

Nettverket Spillmakerlauget i Bergen fekk 425 000 kroner i støtte for å utvikle eit nasjonalt kompetansesenter for spelutvikling. Målet er at kompetansesenteret skal vere ein ressurs for næringa og dermed løfte ho opp til eit berekraftig nivå.

For etablerte verksemder kan det å samlokaliserast krevje omfattande prosessar. Som i fjor vert det derfor også i år gjeve tilskot til nokre forprosjekt og utgreiingar. Til dømes fekk eit samarbeid mellom Kongsberg Jazzfestival, Glogerakademiet/Glogerfestivalen og Energimølla kr 300 000 til utvikling av felles kompetanse og tenester i forkant av samlokalisering av dei tre organisasjonane.

- Så lenge slike prosessar er godt tenkte og dokumenterte vil dei også ha overføringsverdi til andre aktørar i same ærend. Vi forventar at desse prosjekta vil gi oss relevant kunnskap knytt til samlokalisering, by- og stadsutvikling, og dialog med offentlege myndigheiter og private eigedomsutviklarar, seier Per Olav Torgnesskar.

Har henta inn ekspertvurdering

Fagadministrasjonen i Kulturrådet har vurdert søknadene og henta inn eksperthjelp der det har vore nødvendig, bl.a. frå Norsk filminstitutt, Sametinget og Innovasjon Noreg. Ein har særleg lagt vekt på overføringsverdi, breidde i finansieringa og at tilskotet skal finansiere konkrete aktivitetar i ein avgrensa tidsperiode.

- Kulturnæringsordninga skal bidra til større økonomisk bærekraft. Det er difor eit poeng at prosjekta signaliserer vilje og evne til å hente finansiering frå ulike kjelder, seier Torgnesskar.

21 prosjekt i ni fylke

Dei 21 prosjekta som fekk støtte høyrer heime i ni ulike fylke: Oppland (2), Buskerud (2), Hordaland (2), Rogaland (2), Troms (2), Oslo (8), Sør-Trøndelag, Telemark og Østfold (alle 1). Fem av prosjekta har heile landet som arbeidsområde. I tillegg til Kulturrådets vanlege ansvarsfelt som kunst og kulturvern, vart det også gjeve støtte til prosjekt innanfor dataspel, mote og film.

Her finn du ei oversikt over alle prosjekta som har fått støtte

Les om handlingsplanen for kulturnæringar

Kontaktperson

Per Olav Torgnesskar, tlf. 98656865

Nøkkelord

Bilder

Kongsberg Jazzfestival har fått støtte til samlokalisering. Foto: Thomas Hegna/Kongsberg Jazzfestival
Kongsberg Jazzfestival har fått støtte til samlokalisering. Foto: Thomas Hegna/Kongsberg Jazzfestival
Last ned bilde

Dokumenter

Om Kulturdirektoratet

Kulturdirektoratet
Kulturdirektoratet
Mølleparken 2
0459 OSLO

21 04 58 00http://kulturdirektoratet.no

Følg pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye