Kulturdirektoratet

50 000 nye elevar får no bøker frå Kulturrådet på skulebiblioteket sitt

Del

Talet på skular som deltek i Kulturrådets skulebibliotekordning aukar frå 380 til 540 dei neste to åra. Alle biblioteka som no er inne på ordninga vil få endå fleire bøker enn før. Dette er eit resultat av styrkinga til regjeringa av ordninga med over 13 millionar kroner.

Ein av skulane som har komme med på ordninga er Slåtten skule i Sunnfjord. – Rikt utval av ny barnelitteratur på norsk er med på å auka lesemotivasjon og leseglede for våre elevar, seier Nina Masdal, biblioteklærar på skulen.  Foto:
Ein av skulane som har komme med på ordninga er Slåtten skule i Sunnfjord. – Rikt utval av ny barnelitteratur på norsk er med på å auka lesemotivasjon og leseglede for våre elevar, seier Nina Masdal, biblioteklærar på skulen. Foto: Slåtten skule

Kulturrådets skulebibliotekordning har sidan 2019 gitt barn og unge tilgang til eit variert og aktuelt utval av nye norske bøker gjennom skulebiblioteka. No er 160 nye skulebibliotek inkluderte i den noverande ordningsperioden, som varer til og med 2026. Ein av skulane som har komme med på ordninga er Slåtten skule i Sunnfjord.  

– Me er svært glade for at Slåtten skula får delta i ordninga med kulturfondbøker. Med ordninga får skulen mange flotte barnebøker av høg kvalitet. Desse blir brukt både til formidling og utlån for elevar og lærarar, og det er klart at det betyr mykje å ha nye, aktuelle bøker i ulike sjangrar i biblioteket. Rikt utval av ny barnelitteratur på norsk er med på å auka lesemotivasjon og leseglede for våre elevar, seier Nina Masdal, biblioteklærar på Slåtten skule.   

Som ein del av leselyststrategien til regjeringa «Saman om lesnad» er det i statsbudsjettet for 2025 vedteke 13,1 millionar kroner i friske pengar til skulebibliotekordninga. I tillegg blir midlane auka til innkjøp av litteratur for barn og unge gjennom Kulturrådets innkjøpsordningar, og omsette titlar for denne målgruppa vil bli inkluderte i skulebibliotekordninga frå og med 2025. Dette betyr at elevane no får eit endå større og meir mangfaldig utval av nye bøker på skulebiblioteka sine, med opp mot 200 nye titlar i året.

– For å ønskja å lesa treng ein også bøker som treffer. Derfor er mangfald viktig, slik at både dei som liker fakta, sci-fi eller kjærleik finn ei bok som treffer akkurat dei. For å styrkja barn og unges leselyst har regjeringa gjort ei rekkje grep. Mellom anna har me lansert ein leselyststrategi og styrkt Kulturrådets skulebibliotekordning. Denne satsinga gjer at 50 000 nye elevar ved 160 fleire skular får eit breitt utval av bøker til skulebiblioteket sitt, seier kultur- og likestillingsminister, Lubna Jaffery.

Skulebibliotek er ein viktig arena for leseglede blant barn og unge  

Det kom inn 493 søknader til fristen i januar. I vurderinga av søknadene vart det lagt vekt på organiseringa av skulebiblioteka, storleiken på personalressursar knytte til biblioteket og planane for formidlinga av dei bøkene skulen får frå Kulturrådet. Som tidlegare tok vurderinga omsyn til ei geografisk fordeling, der talet på tildelingar per fylke var baserte på andelen søknader som kom inn frå kvart fylke.  

– Det er stadig fleire skular som søkjer på ordninga. Nesten 500 skular søkte i denne runden, og dei fleste er godt kvalifiserte. Dette viser kor stort behov det er for å styrkja skulebiblioteka som primær arena for leselyst og kor viktig auken i midlar til ordninga er. Samtidig ser me at det er store forskjellar i kva ressursar biblioteka har. Det er tydeleg at det trengst ei større satsing på skulebiblioteksektoren som jamnar ut forskjellar og gjer skulebiblioteka i stand til å vera det dei skal vera – ein pedagogisk ressurs og ein aktiv arena for å fremja lesekultur blant barn og unge, seier Sigbjørn Skåden, leiar av fagleg utval for litteratur og medlem av Kulturrådet.   

Sjå kart over dei 540 skulane som er inne på ordninga her.

Om skulebibliotekordninga  

Kulturrådets skulebibliotekordning starta som ei forsøksordning i 2019, med eit budsjett på 5,5 millionar kroner, der 200 skular i tre år fekk bøker for barn og unge frå innkjøpsordningane for ny norsk litteratur. I juni 2023 vedtok Kulturrådet å gjera ordninga permanent. I statsbudsjettet for 2024 styrkte regjeringa ordninga med 5 millionar kroner, noko som gjorde det mogleg inkludera 380 skular i perioden 2024-2026. Med styrkinga over leselyststrategien til regjeringa er den totale budsjettramma for ordninga på 23,6 millionar kroner i 2025.  

Evalueringa av forsøksordninga viser tydeleg at både talet på lesande elevar og mengda bøker dei las har auka markant på skulane som har delteke i ordninga.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Ein av skulane som har komme med på ordninga er Slåtten skule i Sunnfjord. – Rikt utval av ny barnelitteratur på norsk er med på å auka lesemotivasjon og leseglede for våre elevar, seier Nina Masdal, biblioteklærar på skulen.  Foto:
Ein av skulane som har komme med på ordninga er Slåtten skule i Sunnfjord. – Rikt utval av ny barnelitteratur på norsk er med på å auka lesemotivasjon og leseglede for våre elevar, seier Nina Masdal, biblioteklærar på skulen. Foto:
Slåtten skule
Last ned bilde
Nina Masdal, biblioteklærar på Slåtten skule.
Nina Masdal, biblioteklærar på Slåtten skule.
Slåtten skule
Last ned bilde
Sigbjørn Skåden, medlem i Kulturrådet og leder for faglig utvalg for litteratur.
Sigbjørn Skåden, medlem i Kulturrådet og leder for faglig utvalg for litteratur.
Mats Bakken
Last ned bilde
Lubna Jaffery, kultur- og likestillingsminister
Lubna Jaffery, kultur- og likestillingsminister
Ilja C. Hendel
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye