50 år sidan UiT opna – feirar med festframsyning og kongeleg besøk
15.8.2022 12:00:00 CEST | UiT Norges arktiske universitet | Pressemelding

1. september 2022 er det nøyaktig 50 år sidan kong Olav V opna det som den gong heit Universitetet i Tromsø. 420 studentar starta utdanninga si i Tromsø den hausten. No er UiT Noregs arktiske universitet eit nasjonalt breiddeuniversitet med 11 campus og over 17 000 studentar. Universitetet utdannar morgondagens legar, lærarar, musikarar, romforskarar, juristar, paramedisinarar, geologar, litteraturvitarar, ingeniørar og mykje, mykje meir.
UiT markerer denne fantastiske utviklinga og jubileet med ein festforestilling i Tromsø. H.K.H. Kronprins Haakon vil vera til stades ved framsyninga.

– Me er æra over at kronprinsen vil følgje i fotspora til bestefaren sin, og stå for den høgtidelege markeringa – på same stad kor opninga fann stad 50 år tidlegare: Tromsø domkyrkje, seier rektor Dag Rune Olsen.
Det er Kvääniteatteri (Kventeateret) som har regien på framsyninga, der òg bandet Hollow Hearts, Frida Lydia Virtanen frå Musikkonservatoriet og Inna Marja Amundsen bidreg. Framsyninga er gratis og open for alle.
– Me er glade for at me kan invitere alle som vil til førestillinga – universitetet tilhøyrar jo oss alle, seier Olsen.
Interesserte publikummarar må melde seg her, og det er førstemann til mølla: uit.no/tavla
Pressa må akkreditere seg hjå Statsforvaltaren ved kommunikasjonssjef Kristine Østvold. Send e-post til fmtrkro@statsforvalteren.no seinast måndag 29.08. klokka 1200.
Les meir om UiT si historie her.
Kontakter
Dag Rune OlsenRektorUiT Norges arktiske universitet
Tel:930 85 881dag.r.olsen@uit.noRikke Gürgens GjærumViserektorUiT Norges arktiske universitet
Tel:77058330rikke.g.gjarum@uit.noStine HolandRådgiver, arrangementUiT Norges arktiske universitet
Seksjon for kommunikasjon
Bilder





Om UiT Norges arktiske universitet
Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
UiT-prisene 2025: Dette er vinnerne!27.3.2026 10:27:54 CET | Pressemelding
Seks priser ble delt ut under Årsfest-seremonien ved UiT Norges arktiske universitet. Alle vinnerne har utmerket seg med ekstraordinær innsats og engasjement.
– Etter i dag kan jeg tenke meg å bli lærer25.3.2026 13:46:58 CET | Aktuelt
Det sier videregående-elev Elvina. Hun var med på inspirasjonsdag for lærerutdanninga sammen med ordførere og vg 2-elever fra 12 kommuner i Troms.
UiT gir studiepoeng for militær befalsutdanning24.3.2026 09:55:07 CET | Pressemelding
UiT Norges arktiske universitet åpner nå for at utvalgte militære lederutdanninger kan gi uttelling i form av studiepoeng i bachelorutdanninger.
Tid for Årsfest ved UiT19.3.2026 10:47:22 CET | Pressemelding
Siste uka i mars står i feiringens tegn ved UiT Norges arktiske universitet. Det blir blant annet doktorpromosjon, prisutdelinger og hyllest av nye akademiske stjerner.
UiT-konferanse: Når havet blir sikkerhetspolitikk18.3.2026 11:29:08 CET | Pressemelding
UiT Norges arktiske universitet samler forskere, myndigheter og næringsliv til havkonferansen Blått Kompass i Tromsø.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
