400 millionar kroner til vedlikehald av fylkesvegane er fordelt
8.4.2021 16:00:00 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesvegane, og må prioritere midlar til bygging, drift og vedlikehald. Regjeringa har likevel to øyremerka tilskotsordningar for fylkesvegar: Vedlikehald av fylkesvegar og utbetring av fylkesvegar som er viktige for tømmertransport.
For å stimulere til aktivitet og jobbar i heile landet, i samband med koronakrisa, blei det seint i 2020 vedtatt 400 millionar kroner ekstra til vedlikehald av fylkesvegar. Desse pengane er det ikkje krav om at må gå til vegar som er viktige for sjømatnæringa, som tilskotsordninga eigentleg krev. Vedtaket kom så seint på året at pengane blei overførte til 2021.
- Etter gode forhandlingar i Stortinget, blei vi einige med Fremskrittspartiet (Frp) om desse ekstra midlane. Dette kjem i tillegg til dei prosjekta og tiltaka som allereie er planlagt for 2021 av fylkeskommunane. Mange stader er det eit stort behov for oppgradering, og no kjem det meir pengar, seier samferdselsministeren.
Det er ikkje stilt krav til eigendel frå kommunane og pengane skal gå til vedlikehaldstiltak og mindre utbetringstiltak. Dei ulike tiltaka kan vere asfaltering, reasfaltering, bygging av rekkverk, vegoppmerking, kantforsterkningar, vegetasjonsrydding, stikkrenner, grøfting og ferjekaiar. Tiltaka må gjennomførast i løpet av 2021.
Statens vegvesen har fordelt pengane etter fylke, og ikkje prosjekt og tiltak, fordi det kan komme endringar gjennom året.
|
Fylke |
Tilskot |
|
Viken |
ca. 41 mill. kr |
|
Oslo |
ca. 1,4 mill. kr |
|
Innlandet |
ca. 25 mill. kr |
|
Vestfold og Telemark |
ca. 29 mill. kr |
|
Agder |
ca. 29 mill. kr |
|
Rogaland |
ca. 17 mill. kr |
|
Vestland |
ca. 76 mill. kr |
|
Møre og Romsdal |
ca. 40 mill. kr |
|
Trøndelag |
ca. 28 mill. kr |
|
Nordland |
ca. 57 mill. kr |
|
Troms og Finnmark |
ca. 57 mill. kr |
I tillegg blei det nyleg fordelt 46,9 millionar kroner til utbetring av fylkesvegar for tømmertransport i 2021 og gitt tilsegn om 19,6 millionar kroner for 2022. Sjå eiga pressemelding.
Regjeringa har med andre ord no fordelt om lag 465 millionar kroner til fylkesvegane.
Nøkkelord
Bilder
Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
No blir det enklare å levere dokumentasjonen for godstransport10.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
I dag må transportnæringa ha med seg mykje av den lovpålagte dokumentasjonen for godstransport på papir. Arbeidarpartiregjeringa ønskjer å gjere dette enklare for både transportørane og styresmaktene, og føreslår difor å gje transportørane rett til å levere den lovpålagde dokumentasjonen digitalt.
Jannicke Hilland er ny styreleiar i Entur9.6.2026 14:56:35 CEST | Pressemelding
På dagens generalforsamling i Entur AS blei Jannicke Hilland vald som ny styreleiar i selskapet. Nestleiaren i styret, Leif Harald Jensen, og styremedlem Sverre Kristian Gjessing vart attvalde.
Ni av ti tog var i rute i mai og rekord i antall togreiser for andre år på rad3.6.2026 07:15:00 CEST | Pressemelding
Mai i år har vært ekstra skjønn for jernbanen med rekordhøy punktlighet, der 90 prosent av togene har vært i rute. For andre år på rad ble det også i 2025 satt ny rekord i antall togreiser.
Ny bru over rv. 70 ved Fale i Sunndal i Møre og Romsdal kan stå klar i 202822.5.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen inviterer i dag til konkurranse om å bygge ny bru over Driva ved Fale i Sunndal kommune.
Revidert nasjonalbudsjett 2026: Meir pengar til vedlikehald av riksvegane våre12.5.2026 12:01:09 CEST | Pressemelding
Regjeringa held fram med satsinga på vedlikehald av riksvegane, og foreslår å auke løyvinga til drift og vedlikehald med 603,3 millionar kroner. Med dette vil løyvinga auke til 12 milliardar kroner i 2026.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
