Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Engdal kraftverk i Halsa i Møre og Romsdal

Del
NVE gir Engdal Kraft SUS løyve til å bygge Engdal kraftverk. Prosjektet ligg i Halsa kommune i Møre og Romsdal. Vasskraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 6 GWh. Dette svarar til straumbruken til rundt 300 husstandar.

Produksjonen frå Engdal kraftverk vil vere eit bidrag til å oppfylle politiske målsetjingar om auka satsing på fornybar kraftproduksjon i Noreg.

Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til fiske og friluftsliv. NVE har sett krav om at inntaket må flyttast noko nedover i elva slik at eit viktig område for natur og friluftsliv blir skåna for inngrep. NVE har og sett krav om at inntaket må flyttast oppstrøms Langbekken av omsyn til sjøaure. NVE meiner at ved å flytte inntaket og kraftstasjonen vil ein redusere ulempene for fiske og friluftsinteresser.

NVE vurderer at dei samla negative verknadane av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Engdal kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gjeve løyve til bygging av i Engdal kraftverk på nærare fastsette vilkår.

Les meir om vedtaket på NVEs nettstad

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 982 16
Rådgjevar Tor Carlsen, tlf. 22 95 93 93

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye