Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til ny kraftleidning mellom Langeland og Stord

Del
NVE gjev Sunnhordland Kraftlag Nett AS (SKL Nett) konsesjon og oreigningsløyve til å bygge ein 19,5 km lang ny 66 kV-kraftleidning mellom Langeland og Stord i kommunane Tysnes og Stord i Hordaland.

Dagens to 66 kV-leidningar på same strekning er gamle og det er behov for å skifte desse då eldre leidningar fører til store drift- og vedlikehaldskostnader. Ein ny leidning er difor naudsynt for å oppretthalde god forsyningstryggleik til området.

Ved bygging av den nye 66 kV-leidningen kan dei to eksisterande leidningane på same strekning fjernast. Den nye leidningen skal i hovudsak fylgje same trasé som eksisterande 66 kV-leidningar.

NVE meiner den nye leidningen vil vere ei betring på fleire stader, ettersom dagens to leidningar vert erstatta  med éin leidning med tilnærma like master. Dette gjev ei betre løysing visuelt sett, og det tek omsyn til landbruk, naturmangfald og forholdet til busetnad. Særleg for Tysnes kommune vil oppgraderinga vere positiv – den nye leidningen vil følgje eksisterande trasé oppe i lia bak busetnad, medan leidningen langs fjorden, nær busetnad, kan fjernast.

Les meir om løyvet på NVEs nettstad.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Siv Sannem Inderberg, telefon: 22 95 94 38
Sakshandsamar Inger Helene Waagaard Riddervold, telefon: 22 95 94 37

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye