Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Meir fornybar energi i Odda

Del
NVE gjev Kolåsåna Kraft SUS løyve til å byggje Kolåsåna kraftverk i Odda kommune i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på 5,9 GWh. Dette svarar til straumbruken til omlag 300 husstandar.

NVE har lagt vekt på at ei utbygging av Kolåsåna kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av fornybar energi med avgrensa konsekvensar for miljøet.

Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom 660 moh og 354 moh i elvane Kolåsåna og Stølsåna. Vassvegen skal vere nedgraven heile vegen. Frå omlag 550 moh og ned til kraftstasjonen er vassvegen felles for begge elvane. For framføring av røyrgate og bygging av inntak vert det bygd ein midlertidig anleggsveg.

For å ta vare på noko av den naturlege vassføringsdynamikken, samt oppretthalde noko av produksjonen og den økologiske balansen i elva, er det krav om å sleppe minstevassføring tilsvarande sesongmessige lågvassføringar i både Stølsåna og Kolåsåna.  

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Kolåsåna kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om løyve til Kolåsåna kraftverk.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 90 19 82 16
Saksbehandlar Silje Aakre Solheim, tlf. 22 95 95 44

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye