Ikkje løyve til Kannsdalselva kraftverk i Sunndal
Småkraft AS har søkt om løyve til Kannsdalselva kraftverk, som er planlagt med ein forventa produksjon på omlag 3 GWh. Det planlagde kraftverket ville ha utnytta og fråført deler av restvassføringa til Usma på utbyggingsstrekninga for Usma kraftverk. NVE avslår søknaden utan at denne har vore på høyring, med den grunngjeving at søknaden vil ha nær identisk verknad på Usma som dei overføringane som blei avslått i 2007.
I handsaminga av søknad om Usma kraftverk la NVE vekt på at minstevassføringa i Usma måtte vere relativt stor, og at sideelvene ville bidra med ein viss variasjon i vassføringa på utbyggingsstrekninga, mellom anna av omsyn til friluftsinteresser. Ei overføring av to sideelver blei derfor avslått den gongen.
NVE vurderer at utbyggingsplanane ikkje er akseptable i forhold til allmenne interesser og gjev derfor ikkje løyve til bygging av Kannsdalselva kraftverk.
Les meir om avslag til Kannsdalselva kraftverk
Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 eller 901 98 216
Rådgjevar Steinar Pettersen, tlf. 22 95 94 03
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen3.7.2025 13:27:41 CEST | Pressemelding
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger2.7.2025 15:16:17 CEST | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom