Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Tengesdalelva kraftverk i Suldal

Del
NVE seier nei til søknad frå Fjellkraft AS om løyve til bygging av Tengesdalelva kraftverk i Suldal kommune i Rogaland grunna konflikt med eksisterande vilkår om slepp av minstevassføring i vassdraget.

Tengesdalelva kraftverk var planlagt med ei installert effekt på 1,91 MW og ein årleg produksjon på omlag 5,04 GWh. Ei utbygging av vassdraget vil vere i konflikt med pålegg om minstevassføring i Tengesdalelva, som alt er gjeve i konsesjon for utbygging av fleire kraftverk i Saudafjella.

Tengesdalelva har viktige biologi- og kulturverdiar, og den allereie vedteke minstevassføringa er basert på omfattande konsekvensutredning og høyringar kring dette omsynet. Ei ytterlegare fråføring av vatn i Tengesdalelva vil etter NVEs syn vere i strid med vilkåra i tidlegare løyve. Det er også knytt friluftsinteresser til landskapsområdet.

NVE vurderer at utbyggingsplanane ikkje er akseptable i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til bygging av Tengesdalelva kraftverk. Frist for partar som har klagerett er tre veker. Eventuelle klagar vert handsama av OED.

Les meir om avslag til Tengesdalelva kraftverk

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 eller 901 98 216
Overingeniør Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye