StormGeo kan bli Årets bedrift

StormGeo vart etablert som ein spin-off frå TV2 i 1997, og har ved si etablering vore innovative ved å skape ein ny marknad for kommersielle vêrtenester.
- Dei har jobba målretta for å skape løysingar som forbetrar operasjonell aktivitet og samtidig reduserer sikkerheitsrisiko og miljøutslepp. Dei investerer mykje i forsking og utvikling, og produserer tenester marknaden vil ha. Slikt blir det business av, seier direktør for Innovasjon Noreg i Hordaland, Nina Broch Mathisen.
StormGeo har hatt ein gjennomsnittleg årleg vekst på 25 % sidan oppstartinga i 1998. Dei to siste åra har eksporten auka frå 30 til over 60 %.
- Det er ei stor ære å bli nominert til Årets bedrift. Vår satsing på forsking og utvikling, kor vi har investert 140 MNOK sidan oppstartinga, skal ha mykje av æra for suksessen, seier Zehetner.
Vêrteneste til folket og spesialistane
I starten leverte dei vêrtenester til mediebransjen, og har dei seinare år utvida mot ei rekke nye marknadar: offshore fornybar energi, shipping og andre som gjer vêrsensitive operasjonar.
- Vi ser at teknologi med høg kvalitet og effektiv produksjon utvikla i Noreg gir oss eit konkurransefortrinn og stort vekstpotensial internasjonalt. For oss er det viktig å halde fram med den satsinga saman med kundar for å skape produkt og løysingar, som forbetrar operasjonell aktivitet og samtidig reduserer sikkerheitsrisiko og miljøutslepp, seier Kent Zehetner, administrerande direktør i StormGeo.
Satsing på forsking gir globale moglegheiter
Ny teknologi, forsking og marknadsinnovasjon har gjort StormGeo til ein global aktør. Selskapet satsar sterkt på forskingsaktivitetar, kunnskap og eigne hovud - heile 90 % av de tilsette har mastergrader og 12 har doktorgrader. Konsernet har i dag til saman 150 tilsette.
Sidan 2011 har StormGeo etablert seg i Midt-Austen og kjøpt opp eit Dubai-basert vêrtenesteselskap. Vidare har dei følgt opp med nye kontor i Singapore, Hamburg, Rio og USA.
- Denne veksten hadde ikkje vore mogleg utan dei investeringar vi har gjort innan forsking og utvikling. Støtta og samarbeidet med Innovasjon Noreg har vore ein viktig bidragsyter i vår internasjonale satsing, seier Zehetner.
Innovasjon Noreg lønnar verdiskaparar
Innovasjon Noreg delar ut prisar til Årets gründer, Årets bedrift, Årets innovasjonsmiljø og Årets verdiskapar. Prisvinnarane er eksempel på aktørar som klarar å møte nye utfordringar på område av avgjerande betyding for Noregs framtid. Finalistane kjempar om heider, ære og 250 000 kroner. Det er første gang Innovasjon Noreg deler ut prisane. Kven som til slutt stikk av med sigeren blir avslørt på Signalkonferansen 28. mai i Oslo.
Årets gründer
Beck Engineering, Oslo
West Drilling Products, Rogaland
Highsoft Solutions, Sogn og Fjordane
Årets bedrift
Norlense, Nordland
Moods of Norway, Sogn og Fjordane
StormGeo, Hordaland
Årets innvasjonsmiljø
Oslo Medtech, Oslo
Sintef Raufoss Manufacturing AS, Oppland
Ålesund Kunnskapspark, Møre og Romsdal
Årets verdiskapar
Heidersprisen utnemnast på Signalkonferansen.
For meir informasjon, kontakt:
Kent Zehetner, administrerande direktør, StormGeo, 918 13 762
Nina Broch Mathisen, direktør i Innovasjon Noreg Hordaland, 917 15 453
Bilder

Om Innovasjon Norge
Vi bidrar til nyskaping i næringslivet, bærekraftig vekst og eksport for konkurransedyktige norske bedrifter, og utvikling i distriktene. Vi profilerer norsk næringsliv og Norge som reisemål.
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Eksportverdien i reiselivet øker26.6.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
Flere overnattinger og høyere forbruk, både fra nordmenn og utlendinger sammenlignet med tidligere.
The Quartz Corp får støtte til syre-gjenbruk24.6.2025 10:00:00 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge støtter sirkulært pilotprosjekt hos The Quartz Corp med inntil 45 millioner kroner.
Hydro og Innovasjon Norge inngår strategisk samarbeid for grønn industrivekst12.6.2025 13:24:45 CEST | Pressemelding
Hydro og Innovasjon Norge har signert en ny samarbeidsavtale for å styrke norsk bærekraftig industri internasjonalt. Avtalen skal bidra til å fremme grønn teknologi, sikre politisk gjennomslag og åpne dører for norske bedrifter i globale markeder.
Innovasjon Norge og DNV med viktige havvindavtaler i Japan3.6.2025 13:56:47 CEST | Pressemelding
Det strømmer inn store eksportinntekter fra norsk havvindindustri, estimert til nærmere 50 milliarder kroner i år. I Japan signerte Innovasjon Norge i dag en avtale med et stort havvindnettverk. Samtidig undertegnet DNV en tilsvarende avtale.
Norges dag på verdensutstillingen i Osaka2.6.2025 17:57:51 CEST | Pressemelding
I dag ble det feiret Norges Dag på verdensutstillingen i Osaka. Utenriksminister Espen Barth Eide ledet en stor næringslivsdelegasjon, og Kongsberg signerte avtale med japansk selskap for å utvikle et banebrytende navigasjonssystem.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom