Innovasjon Norge

Årets gründer og Årets bedrift kan kome frå Sogn og Fjordane

Del
- Det er fantastisk at Sogn og Fjordane har fått to bedrifter med heilt inn i finalen. Berre Oslo har greidd det same og det viser at Sogn og Fjordane har vinnarar også i næringsutvikling. Skal vi realisere auka verdiskaping i Sogn og Fjordane må vi lyfte fram og dyrke vinnarane vår. Highsoft Solutions og Moods of Norway står fram, på kvart sitt vis, som gode eksempel på det mangfald av moglegheiter som vi har i dette fylke, seier Halvor Flatland, direktør i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane.
Gründer Torstein Hønsi Highsoft Solutions Foto Roy Sunde
Gründer Torstein Hønsi Highsoft Solutions Foto Roy Sunde

Highsoft Solution AS finalist i klassa Årets gründer
Det starta som ein ide knytt til visualisering av snødjupne på fjellet, og hadde i utgangspunktet ingen større kommersiell baktanke. No har bedrifta utvikla Highcharts og Highstock, programvaretenester som brukast for å vise grafar og diagram på ei nettside, eit dashboard eller i ein webapplikasjon. Eksempelvis kan det vere finansielle data som valuta- og børskursar, vêrdata eller styringsverktøy.

- Dette er eventyret om Torstein Hønsi som gjorde hobbyen sin til internasjonal business. Med ein genial forretningsmodell og produkt i verdsklasse har vi her eit godt eksempel på korleis ein lokal ide kan ha globale moglegheiter, seier Flatland.

I 2011 selte selskapet lisensar for 12 millionar, og omsetninga auka til 22 millionar i 2012. Kundane er spreidd over heile verda, cirka 44% i USA, og salet aukar også i Europa og i Asia. Selskapet har cirka 50 av Global fortune 100-selskapa på si kundeliste. I dag tel selskapet 7 tilsette.

- Nominasjonen er motiverande og inspirerande for alle i Highsoft Solutions AS. Vi har jobba hardt for å kome dit vi er i dag, så det er ekstra kjekt når andre ser at vi oppnår gode resultat, seier Grethe Hjetland, CEO. For tida er Hjetland og gründer Torstein Hønsi i Silicon Valley, der dei deltek på TINC i regi av Innovasjon Noreg. 

- Det er ein siger for oss å vere med til finalerunda. Nominasjonen er ei viktig stadfesting på at mykje av det vi har gjort så langt er rett, seier gründeren sjølv.

Moods of Norway AS finalist i klassa Årets bedrift
- Av og til må Innovasjon Noreg satse på litt galskap. Det gjorde vi då vi gav 190.000 kroner i etablerertilskot til ein litt sprø stryning i 2003 som ville lage t-skjorter med bilete av ein traktor på. Lite ante vi den gongen at Moods of Norway skulle bli ei internasjonal merkevare i verdsklasse basert på tradisjonar frå Stryn og kjærleik til bestemor, seier Flatland.

Moods of Norway har skapt ei merkevare, ein profil og kommuniserer denne til et stort publikum. I dag består kolleksjonane både av klede, solbriller, sko og parfymer.  

- Det er ei stor ære å bli nominert til prisen som Årets Bedrift, seier dagleg leiar Nils Are Karstad Lysø.

Selskapet opererer på stadig fleire marknadar, har internasjonal suksess og er stadig i utvikling. Nyleg har dei opna nettbutikk samt outlet og brand store i USA, i tillegg til vidare ekspansjon i Norge. I dag har selskapet 300 tilsette.

Den internasjonale motebransjen er preget av sterk konkurranse, og Moods of Norway har lukkast i å skape ei sterk internasjonal merkevare med solide røter i norsk kultur. Hovudtyngda er framleis på den norske marknaden, men dei planlegger at vidare vekst skal skje på internasjonale marknadar. Dei har satsa sterkt mot USA og har butikkar i LA og NY. Produkta seljast også i fleire andre land. Selskapet har auka sin omsetning frå 99 millionar kroner i 2009 til 291 millionar kroner i 2011 (194 % auke). For 2012 er det venta ei omsetning på 332 millionar kroner, ein auke på 14 % på eit år.

- Moods har høg profileringsverdi og er til stor inspirasjon for andre som ønskjer å skape ei internasjonal merkevare, seier Flatland.

- Samarbeidet med Innovasjon Noreg i Sogn og Fjordane har vore godt og tett i alle år, og støtta frå Innovasjon Norge var ein viktig faktor for at Moods of Norway hadde midlar til å kome seg ut av startgropa, seier Jan Egil Flo, styreleder og gründer.

Innovasjon Noreg lønnar verdiskaparar
Innovasjon Noreg delar ut prisar til Årets gründer, Årets bedrift, Årets innovasjonsmiljø og Årets verdiskapar. Prisvinnarane er eksempel på aktørar som klarar å møte nye utfordringar på område av avgjerande betyding for Noregs framtid. Finalistane kjempar om heider, ære og 250 000 kroner. Det er første gang Innovasjon Noreg deler ut prisane. Kven som til slutt stikk av med sigeren blir avslørt på Signalkonferansen 28. mai i Oslo.

Årets gründer
Beck Engineering, Oslo
West Drilling Products, Rogaland
Highsoft Solutions, Sogn og Fjordane

Årets bedrift
Norlense, Nordland
Moods of Norway, Sogn og Fjordane
StormGeo, Hordaland

Årets innvasjonsmiljø
Oslo Medtech, Oslo
Sintef Raufoss Manufacturing AS, Oppland
Ålesund Kunnskapspark, Møre og Romsdal

Årets verdiskaper
Heidersprisen utnemnast på Signalkonferansen.

For meir informasjon, vennligst kontakt:
Grethe Hjetland, CEO, Highsoft Solutions, 959 75 450 (i Silicon Valley)
Liv Greben, pressekontakt, Moods of Norway, 95 79 79 29
Halvor Flatland, direktør, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, 957 81 2

Bilder

Gründer Torstein Hønsi Highsoft Solutions Foto Roy Sunde
Gründer Torstein Hønsi Highsoft Solutions Foto Roy Sunde
Last ned bilde
Moods of Norway CEO Nils Are Karstad Lysø Foto Ove Sveen, Fjordingen
Moods of Norway CEO Nils Are Karstad Lysø Foto Ove Sveen, Fjordingen
Last ned bilde

Om Innovasjon Norge

Innovasjon Norge
Innovasjon Norge
Grev Wedels Plass 9
0151 Oslo

22 00 25 00http://www.innovasjonnorge.no

Vi bidrar til nyskaping i næringslivet, bærekraftig vekst og eksport for konkurransedyktige norske bedrifter, og utvikling i distriktene. Vi profilerer norsk næringsliv og Norge som reisemål. 

Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye