Eksportvekst i Møre og Romsdal
13.3.2026 16:02:36 CET | Innovasjon Norge | Pressemelding
Norsk eksport utanom olje og gass var i 2025 på eit historisk høgt nivå. Møre og Romsdal er det fylket med høgast eksportinntekter per sysselsatt.

Møre og Romsdal er Noregs fjerde største eksportfylke, med ein eksport på om lag 121 milliardar kroner, ein vekst på nesten fire prosent frå 2024. Samstundes er det størst når det gjeld eksport per sysselsatt, med 907 000 kroner.
Norsk eksport utanom olje og gass var på 1400 milliardar kroner i 2025, ein aukning på 6 prosent frå 2024.
Tala kjem frå Eksportmeldinga, som er utarbeida av Menon Economics på oppdrag frå Innovasjon Noreg, Eksfin og LO.
Fylkestal
Drivarane er hovedsakelig sjømat, kraftintensiv industri og maritim næring.
Dei største eksportkommunane er Sunndal, like framfor Ålesund. Eit stykke bak Ålesund finn vi Molde.
Dei største eksportbedriftene er Hydro Aluminium Sunndal, Sølvtrans Rederi og Rostein.
– Møre og Romsdal har lenge vore eit av dei fremste eksportfylka i landet, og var det og i fjor. Vi er det største eksportfylket når det gjeld eksport per sysselsett. Vi ser at eksporten frå fylket legg grunnlaget for ei betydeleg sysselsetjing i fylket. Faktisk var over 30 000 arbeidsplassar i fylket tilknytta eksport utenom olje og gass. Det er veldig bra, seier leiar for Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal, Helge Gjerde.
Nasjonale tal
Total eksport i 2025 var på 2500 milliardar kroner. Det gjer 2025 til det nest beste året for norsk eksport nokon sinne.
Dersom vi ser bort i frå olje- og gassnæringa er det maritim næring som eksporterte mest i 2025, med ein samla eksportverdi på 273 milliardar kroner.
Sterkast vekst i eksport var frå forsvarsindustrien, kraftnæringa og reiseliv.
Som i tidlegare år er det vestlandsfylka som står for den største delen av norsk eksport i 2025. Dei tre vestlandsfylka Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal står for 40 prosent av eksporten utanom olje og gass.
Kontakter
Anders VinnoggKommunikasjonsrådgiver
Tel:93 669 204anders.vinnogg@innovasjonnorge.noBilder




Dokumenter
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Økt eksport fra Trøndelag13.3.2026 13:18:09 CET | Pressemelding
Norsk eksport utenom olje og gass var i 2025 på et historisk høyt nivå. Også i Trøndelag var det vekst i eksporten.
Eksportvekst i Vestland12.3.2026 16:11:59 CET | Pressemelding
Norsk eksport utanom olje og gass var i 2025 på eit historisk høyt nivå. Vestland er framleis Noregs største eksportfylke.
Eksportvekst i Agder12.3.2026 06:00:00 CET | Pressemelding
Norsk eksport utenom olje og gass var i 2025 på et historisk høyt nivå. Også i Agder økte eksporten.
Tomra vinner Eksportprisen10.3.2026 15:49:14 CET | Pressemelding
Tomra har vunnet Eksportprisen som ble delt ut på årets Eksportkonferanse. Årets nykommer ble Seagems fra Ellingsøy i Møre og Romsdal.
Dette er finalistene til Eksportprisen2.3.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Sero, Tomra og Jotron er de tre finalistene til Eksportprisen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom