Tiltak for betre reisopplevingar for flypassasjerar med nedsett funksjonsevne
20.11.2026 11:49:26 CET | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Samferdselsdepartementet vil i dialog med Luftfartstilsynet konkretisere kva som bør gjerast for at personar med nedsett funksjonsevne kan reise med fly på ein verdig måte og utan unødvendige hinder. Informasjon, kunnskap og rettleiing om regleverk vil vere viktige tiltak. Arbeidet tar utgangspunkt i ein rapport som Luftfartstilsynet har laga i tett samarbeid med organisasjonar som representerer denne passasjergruppa.

– Alle skal kunne ha gode reiseopplevingar, uansett om ein er avhengig av tilrettelegging eller ikkje. Manglande kunnskap og medvit om passasjerar med nedsett funksjonsevne har påført dei fleire negative reiseopplevingar. Luftfartstilsynet har no kartlagt kva som kan gjerast for å betre reiseopplevinga til denne flypassasjergruppa. Tilsynets rapport er eit godt utgangspunkt for at vi kan nokre viktige grep på dette området, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam.
Etter innspel frå Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Norges Handikapforbund og andre relevante aktørar, har Luftfartstilsynet kome fram til forslag til prioriteringar for betre reiseopplevingar for personar med nedsett funksjonsevne.
– I Noreg skal alle ha same moglegheit til å delta, uavhengig av funksjonsnedsetting. Dette gjeld òg på reise. Dessverre har vi høyrt fleire historier om negative hendingar når folk med nedsett funksjonsevne skal ut og fly, og sånn skal vi ikkje ha det. Eg er difor glad for at vi no har fått eit oppdatert kunnskapsgrunnlag, og oppfylginga av rapporten vil vere viktig for å sikre like moglegheiter til deltaking, også på flyreise, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Mangel på informasjon og kunnskap – og uklåre reglar
Eit gjennomgangstema i rapporten er utfordringar knytte til informasjon. Flyselskapas mangel på relevant informasjon om behovet til den einskilde passasjer, manglande deling av informasjon mellom personell på flyplassane og i flyselskapa og byrden ved å måtte gjenta informasjon om rullestolar og andre hjelpemiddel kvar gong ein er ute og reiser.
– Nokre av problema ser ut til å skuldast at personalet på lufthamner og i flyselskap ikkje har tilstrekkeleg kunnskap om kva for reglar som gjeld og korleis dei signala som personalet gir, opplevast for personar med nedsett funksjonsevne. Andre gonger er årsaka at reglane rett og slett er uklåre. Då kan rettleiing frå Luftfartstilsynet bidra til avklaring. Tilsynet skal følgje dette opp i dialog med organisasjonane som representerer personar med funksjonsnedsettingar, seier samferdselsministeren.
Luftfartstilsynets prioriterte tilrådingar
I rapporten tilrår Luftfartstilsynet følgjande:
- Tiltak som kan gjennomførast på kort sikt: Tolkingsrettleiing, bransjeforum og betre opplæring
- Tiltak som krev regelverksendringar: Nasjonale krav, EU-regelverksinitiativ. krav til dokumentasjon og grunngjevingar
- Tiltak som krev vidare utgreiing: Informasjonslysingar, registrering av individuelle behov, og gjennomgang av auka tidsbruk
Følgjer opp oppmoding frå Stortinget
Etter at Stortinget i juni i år behandla eit representantforslag om rettane til flypassasjerar med nedsett funksjonsevne, blei regjeringa oppmoda av alle stortingspartia om å følgje opp saka. Luftfartstilsynets fekk då i oppdrag av Samferdselsdepartementet å kartleggje kva som kan gjerast for å betre reiseopplevinga for denne passasjergruppa.
For fleire opplysningar – sjå:
- Luftfartstilsynets svar på oppdrag fra Samferdselsdepartementet - Oppfølging av Stortingets anmodningsvedtak nr. 1039 (2025-2026): Kartlegging av forhold som hindrer personer med funksjonsnedsettelse fra å reise med fly
- Prop. 19 S (2026 – 2027) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak) Endringar i statsbudsjettet 2026 under Samferdselsdepartementet
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noOm oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Mo i Rana: Regjeringa vil gjere nye Mo i Rana lufthamn mindre sårbar for satellittforstyrringar20.11.2026 11:50:34 CET | Pressemelding
Regjeringa foreslår at staten skal kunne bidra med inntil 125 millionar kroner til eit bakkebasert instrumentlandingssystem (ILS) ved den nye lufthamna i Mo i Rana. Systemet skal gi flya ein alternativ innflygingsmoglegheit, dersom satellittbaserte navigasjonssystem blir forstyrra eller fell bort.
Tilbyr toårig forlengelse av byvekstavtalen for Bergens-området17.11.2026 15:02:26 CET | Pressemelding
Samferdselsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet har i dag sendt tilbud om å forlenge byvekstavtalen for Bergens-området med to år. Med forlengelsen legger staten til grunn 5,3 milliarder kroner i perioden 2027–2031.
Enklere å gi elektriske varebiler plass i kollektivfeltet6.11.2026 16:40:09 CET | Pressemelding
Nå blir det enklere å gi elektriske varebiler tilgang til kollektivfelt der elektriske personbiler ikke får kjøre.
Sender forslag om å heve aldersgrense for bruk av elsparkesykkel på høring5.11.2026 14:04:04 CET | Pressemelding
– Barn og unge skader seg på elsparkesykkel som aldri før, og det må vi gjøre noe med. På oppdrag fra Arbeiderparti-regjeringa sender Statens vegvesen i dag forslaget om å heve aldersgrensen til 16 år på høring, sier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam.
Høring: Ber om innspill til rapport om pilotordning for beboerrabatt på fly i Lofoten og Vesterålen5.11.2026 09:09:53 CET | Pressemelding
Samferdselsdepartementet varslet tidligere i år at vi ønsket en utredning av en pilotordning for beboerrabatt på FOT-rutene i Lofoten og Vesterålen. Nå sendes denne utredningen fra Transportøkonomisk institutt på høring, og vi ønsker innspill fra folk og næringsliv om hvordan en slik ordning kan utformes, gjennomføres og administreres.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom