Statens vegvesen

Arbeid på E39 ved Troldhaugen

19.11.2026 12:15:50 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Statens vegvesen gjer fram til jul arbeid på E39 Skiparvik bru, sørgåande retning, like sør for Troldhaugen i Bergen.

E39 Skiparvik på E39 sørgåande i Bergen, like før for Troldhaugen. Kart: Statens vegvesen
E39 Skiparvik på E39 sørgåande i Bergen, like før for Troldhaugen. Kart: Statens vegvesen

Vedlikehaldsarbeidet starta denne veka, og pågår heile døgnet fram til 21. desember.  Det vil også bli arbeid etter jul, fram til april.

Brufugene skal byttast til tette fuger for å ta vare på konstruksjonen under. Det er nødvendig med ein del utstyr i samband med arbeidet, noko som gjer at både venstre og høgre køyrefelt er stengd. Trafikken vert leia over på banketten, altså stripa langs kanten av køyrebana.

– Vi har forståing for at dette vegarbeidet er krevjande for trafikantane på denne høgt trafikkerte strekninga, men dette er nødvendig bruvedlikehaldsarbeid som ikkje kan venta, seier byggeleiar Gunnar Juuhl i Statens vegvesen.

Brua vart bygd i 1978 og skal den vare i 50 år til må dette gjennomførast.

Det kan bli noko venting, i verste fall opp mot 60 minutt.

Statens vegvesen tilrår trafikantar som kan, å velja andre køyrevegar, til dømes til og frå Bergen lufthavn Flesland. Knappetunnelen er eit godt alternativ.

Statens vegvesen tilrår som alltid trafikantar å planlegga ruta si via appen Vegvesen trafikk, eller på Vegvesenets nettside 175.no.

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet
* Trafikkstyring og beredskap
* Brøyting/strøing/salting
* Asfalt
* Rekkverk
* Bruer
* Tunneler
* Fjelloverganger
* Rasteplasser
* Inspeksjoner
* Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye