Det Norske Teatret

Lisa Lie og Witch Club Satan lagar dommedag

19.11.2026 07:00:00 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding

Del

Regissør Lisa Lie har hanka med seg svartmetallbandet Witch Club Satan til å skape framsyninga Dommedaggry. Eit karnevalesk teateruttrykk blir blanda med svarte skrik og undergangstonar når dei vil skape både undergang og ein ny vår på Hovudscenen.

Lisa Lie samarbeidar med Witch Club Satan i Dommedaggry.
Lisa Lie samarbeidar med Witch Club Satan i Dommedaggry. Foto: Eirik Malmo

DOMMEDAGGRY
av Lisa Lie
URPREMIERE LAURDAG 28. NOVEMBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN

Den særprega regissøren og teaterpersonlegdomen Lisa Lie har invitert svartmetallbandet Witch Club Satan med på si første framsyning på den store scenen. Bandet har gjort kometkarriere innan svartmetallmiljøet, og blei kjapt ein snakkis langt utover landegrensene. Dei har lagt bak seg eit år med turné i Europa og USA i tillegg til premiere på dokumentaren om bandet, Hex. No har dei kome tilbake til der prosjektet deira starta: I teaterrommet. I framsyninga Dommedaggry vil dei framstå både som aktørar og band på scenen.

Det vil bli eit rituale av lys og mørker, sakrale tonar, ein vegg av støy, absurd humor og djupt alvor. Meteorittar vil falle frå lufta, røyk vil sive opp frå avgrunnen og ei underfundig historie befolka av nissar, ein skodespelartrupp og hekser vil openberre seg. 
Om dommedag nærmar seg, ser likevel Lisa Lie lys i det fjerne. Det gryr...

Spirituell reise

Witch Club Satan. Foto: Stian Andersen

Regissør Lisa Lie  og Witch Club Satan deler ideen om at ei framsyning eller ein konsert skal vere ei psirituell og rituell reise. Scenekunstnaren har sidan barndomen vore oppteken av obskur historie, okkultisme, mytar, natur og eventyr. Lie har ein doktorgrad i å bruke teknikkar frå sjamanisme, spiritisme og ritualmagi i teatrale rom. Witch Club Satan har vore fascinert av det teatrale ved svartmetalluniverset. Gjennom konsertane sine ønskjer dei å vekkje folk til å gjere ein forskjell i livet sitt. Dei er vane med å nytte sterke dramatiske verkemiddel som kroppssminke, nakenheit og outrerte kostyme på scenen. 
- Vi har null ironisk distanse, seier bandet.
Les heile saken.

Mangefasettert kunstnarleg lag

Teaterregissør Lisa Lie. Foto: Siren Høyland Sæter

For å skape det overjordiske universet i Dommedaggry har Lisa Lie kopla på ei rad spennande kunstnarar. Alva Brosten har skapt fantasirike og frodige kostyme. Ida Grimsgaard har kreert ein drøymeaktig scenografi, som er fullført av Fredrik Floen. Boya Böckman bidreg med magisk lys og videodesign, Kristin Helgebostad med dramatiske rørsle, og musikken står Nikoline Spjelkavik, Victoria Røising, Hedda Lægreid/Mina Halvorsen i Witch Club Satan for.  

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Lisa Lie samarbeidar med Witch Club Satan i Dommedaggry.
Lisa Lie samarbeidar med Witch Club Satan i Dommedaggry.
Foto: Eirik Malmo
Last ned bilde
Witch Club Satan.
Witch Club Satan.
Foto: Eirik Malmo
Last ned bilde
Portrett Witch Club Satan.
Portrett Witch Club Satan.
Foto: Stian Andersen
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Filmatisk Cabaret: Sara Khorami debuterer som musikalskodespelar9.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding

-Alt eg lagar handlar i botnen om korleis minoritetar blir behandla i samfunnet vårt, seier regissør Kjersti Horn. Dette gjeld også musikalen Cabaret, som rett nok byr på både show og underhaldning. Men under overflata dirrar erkjenninga av at verda er prega av eit ytringsrom som stadig blir innskrenka, at homofile, kvinner og minoritetars rettar er under press og at klasseskilnadane aukar. Som eit ekko av fortida er det igjen mange som ropar på "den sterke mann" som kan rydde opp.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye