Skal gjere det enklare å utbetre meir veg
10.11.2026 11:31:15 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Vegvesenet gjer det tydelegare kva krav som gjeld når eksisterande vegar skal utbetrast. Målet er tryggare løysingar og betre bruk av pengane.

Ei revidert utgåve av N100 Veg- og gateutforming er no klar. Eit viktig mål med revisjonen er å gjere det tydelegare kva handlingsrom vegmyndigheitene har når eksisterande vegar skal utbetrast.
Det betyr at ein i større grad kan tilpasse løysingane til vegen som allereie ligg der, i staden for automatisk å leggje dei same krava til grunn som når ein byggjer heilt ny veg.
– Når vi utbetrar ein eksisterande veg, er det ikkje alltid nødvendig eller føremålstenleg å stille dei same krava som når vi byggjer heilt ny veg. Vi må kunne finne gode og trafikksikre løysingar ut frå vegen som faktisk ligg der, seier Arne Meland, leiar for Vegutformingsavdelinga i Statens vegvesen.
Kan få meir veg for pengane
Å byggje om ein eksisterande veg til same standard som ein heilt ny veg kan bli kostbart og føre til store inngrep. Den reviderte normalen gjer det tydelegare at det er mogleg å bruke ein tilpassa utbetringsstandard. Krava til trafikktryggleik og fagleg forsvarlege løysingar ligg fast.
– Målet er ikkje å byggje dårlegare veg. Målet er å bruke ressursane klokt, slik at vi kan utbetre meir av vegnettet og samtidig ta vare på trafikktryggleik og framkome, seier Meland.
Kor stor den økonomiske gevinsten kan bli, vil variere frå prosjekt til prosjekt og vere avhengig av lokale forhold.
Finne dei rette løysingane med KI
Statens vegvesen skal òg lage ei eiga rettleiing for utbetring av eksisterande vegar. Ho skal gjere det enklare å vurdere kva løysingar som kan brukast, og korleis krava skal forståast i praksis.
Samtidig arbeider Vegvesenet med hyppigare revisjonar og digitalisering av regelverket. Vegnormalane har mellom anna fått KI-assistenten KIBOK, som hjelper brukarane med å finne relevante krav og forstå innhaldet i normalane.
– Vi skal ikkje berre forenkle regelverket. Vi skal òg gjere det enklare å finne fram i det og forstå kva krava betyr, seier Meland.
Neste revisjon av N100 skal mellom anna leggje større vekt på gater og løysingar for gåande og syklande. Planen er å sende denne revisjonen på høyring mot slutten av 2027.
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt Vegdirektoratet
* Vegdirektør
* Transportregelverk
* Teknologiutvikling
* Forhandlinger bypakker
* Overordnet styring og ledelse av Statens vegvesen
* Pressevakt også for divisjonene IT og Fellesfunksjoner
Lenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Risa AS skal bygge nye rv. 70 Fale bru10.11.2026 11:53:13 CET | Pressemelding
Arbeidet med å bygge den nye brua over elva Driva i Sunndal kommune starter i desember.
Sykkelveg med fortau ferdig: Tryggare for mjuke trafikantar mellom Universitetskrysset og Sognsveien i Oslo10.11.2026 09:47:44 CET | Pressemelding
Statens vegvesen har ferdigstilt den nye sykkelvegen med fortau langs Ring 3 mellom Universitetskrysset og Sognsveien i Oslo. Det gir gåande og syklande eit tryggare og betre tilbod, og er eit nytt steg i satsinga på sykkel i hovudstaden.
Klage gir forseinka oppstart for første tunnelkontrakt i Fellesprosjektet Arna–Stanghelle9.11.2026 13:20:34 CET | Pressemelding
Oppstart på den første tunnelkontrakten blir forseinka på grunn av klage frå ein av tilbydarane. Planlagt byggestart for prosjektet blir forskjøvet frå 2026 til 2027.
Omfattande tiltak skal sikre E136 gjennom Sjøgata i Ålesund9.11.2026 12:48:36 CET | Pressemelding
E136 gjennom Sjøgata er trygg å bruke. No blir belastninga redusert og arbeidet med ein midlertidig veg er forsert.
Kø inn mot Hamar fra mandag når signalanlegg skal skiftes ut7.11.2026 10:34:46 CET | Pressemelding
Ta høyde for at kjøreturen på riksveg 25 fra E6 og Åkerkrysset inn mot Hamar sentrum vil ta lengre tid fra mandag morgen og hele neste uke.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom